Siri Vålberg Saugstad

Frå skam til stoltheit

Tre oppvekstar. Tre skeive historier.

På barneskulen brukte eg «jævla homo» som skjellsord.
Thanushan Nagendran

Folk trur ikkje på at Tonje (32) er lesbisk når ho dukkar opp i kjole.

Då eg møtte nokre andre afghanarar blei dei overraska. Dei hadde aldri møtt ein homofil afghanar før.
Elio Delawari
Mange tenkjer at ein må ha kort hår og vere maskulin for å vere lesbisk.
Tonje Garvik

I barnehagen på Sunnmøre var Tonje ein av gutane som leika krig, og som jentene sprang etter og skulle kysse.

Ein dag då ho skulle kysse jentekjærasten sin ha det, fekk dei høyre av ein vaksen at det var ekkelt at to jenter kyssa.

Det var fyrste gongen eg vart bevisst på at det var noko som heitte å vere lesbisk, og at det ikkje var greit å vere.
Tonje Garvik
Fleire gongar fekk eg kommentarar om at eg måtte slutte å kle meg som ein gut, elles ville eg bli lesbisk.
Tonje Garvik
Det einaste det førte til var skam.
Tonje Garvik

4317 kilometer unna, i den Iranske hovudstaden Teheran, vaks afghanske Elio Delawari (20) opp. 

Han var glad i fargerike klede og syntest det var gøy å prøve mamma sin hijab. 

Då eg var 8 år forelska eg meg i ein gut i nabolaget. Ein dag då vi leika ute på gata, kyssa vi. Det var mitt fyrste kyss.
Elio Delawari

I hovudet hans var han normal.

Likevel ante Elio at det kunne vere farleg om nokon skjønte at han likte gutar. Kysset blei ei hemmelegheit berre dei to visste om.

På samme tid i Førde vaks Thaunshan Nagendran (21) opp.

Han dansa utan skam til Bad Romance av Lady Gaga under ei skuleframsyning.

Oppveksten i vestlandsbyen var prega av den tamilske kulturen frå Sri Lanka.

Allereie på barneskulen var han betatt av gutar.

Då han starta på ungdomsskulen, fall han pladask for eine fyren i klassa.

Eg hugsar at det kribla i magen då eg såg det mørkebrune håret, dei bustete augebryna og dei skjønne augevippene. Eg tenkte at eg var i himmelen.
Thanushan Nagendran
Men eg forstod at det ikkje kunne bli oss, og han var til tider ein dritsekk mot meg.
Thanushan Nagendran
Dei andre elevane kalla meg ofte rar. Hadde eg fortald dei at eg likte ein gut, er eg redd dei ville snakka bak ryggen på meg.
Thsnushan Nagendran

Han forstod ikkje kvifor han ikkje var interessert i jenter, og trudde ikkje det fanst noko anna enn heterofile forhold.

Thanushan bestemte seg for å finne seg ei dame. 

Då Tonje var 17 år, var ho på utveksling i USA og budde hos ein kristen vertsfamilie.

Ho hadde vore i eit forhold med ein gut over fleire år.

Ein dag kjende ho eit stikk i magen.

Vertsforeldra fortalde at deira største frykt var å ha ein skeiv utvekslingselev buande hos seg. Tenk om personen hadde forelska seg i ein av dei!

Sjølv om ho ikkje hadde tenkt noko meir på kjenslene frå barnehagen, var det noko med dei orda som trefte ho.

Ein kveld skjedde det noko som skulle sette i gong ein prosess i Tonje.

Under den populære leiken nøydd eller sanning måtte ho kysse ei veldig søt jente.

Det gjorde noko med meg. Eg kjende at eg kunne tenke meg å kysse ho igjen.
Tonje Garvik

Likevel tenkte ho at det var uloveleg å ha den kjensla.

teheran, iran

I Teheran var foreldra til Elio var svært nøgde då han stadig oftare gjekk til moskeen for å be.

Sanninga var at tiåringen i all hemmelegheit hadde forelska seg i ein som jobba der.

Månen synlig over moskekuppel
Eg sat meg alltid ved sidan av han for å be. Det gjorde meg lukkeleg.
Elio Delawari
Nokre gongar tok vi kvarandre i handa etter bønna.
Elio Delawari

Elio kjende ikkje til andre skeive, og på den tida var internettforbindelsen svært dårleg i Iran. 

Dei einaste lettkledde gutane han såg, var modellane på innpakninga til boxershortsar.

I vestlandsbyen Førde, blei det aldri noko dame på tamilske Tanushan.

Planen om å trasse kjenslene og fortrenge kven han eigentleg var, funka ikkje.

Han følte seg fortapt.

Sjølv om Jan Thomas sikkert er ein vidunderleg person, var han den einaste synlege skeive, og eg kunne ikkje relatere meg til han.
Thanushan Nagendran

Mange netter sat eg på rommet mitt og grein, følte meg håplaus og tenkte: Er det nokon der ute som skapte meg på denne måten? Og kvifor akkurat meg?

Men Thanushan fekk nok.

Valet han tok no, skulle forandre livet hans for alltid.

Han bestemte seg for å starte med blanke ark og begynte på vidaregåande i Fjaler.

Eg hadde opplevd at folk var drit mot meg, men her var alle plutseleg så venlege.
Thanushan Nagendran

For fyrste gong kjende han at han kunne opne opp og fortelje andre om legninga si.

Sjølv om Thanushan hadde kome langt, var han framleis redd for korleis familien hans ville reagere.

Under oppveksten til Tonje i Ulsteinvik, var det få skeive førebilete.

Per Eide
Den einaste eg hugsar var ein lærar eg hadde i ein kort periode på barneskulen, ho var veldig kul.
Tonje Garvik
Siri Vålberg Saugstad
Men var ein lesbisk, var det det slik folk såg deg. Du var Ikkje den blide dama på Spar, eller den flinke læraren. Men den lesbiske læraren eller lesba i sentrum.
Tonje Garvik
Ein mista liksom litt av identiteten sin.
Tonje Garvik

Som 19-åring fekk ho igjen romantiske kjensler for ei anna jente, men det var framleis ein veg å gå.

Eg var ganske langt inne i skapet, i mørket der.
Tonje Garvik
Per Eide

Plutseleg byrja det å svirre rykter på bygda om legninga til Tonje. For å komme rykta i forkjøpet, sendte ho eit brev til foreldra sine.

Eg håpar at det bli mann og stasjonsvogn, men akkurat no har eg ikkje peiling.
Tonje Garvik
På det tidspunktet var eg framleis svært usikker på om eg var annleis enn alle andre. Men mamma og pappa tok det kjempefint!

I tenåra flykta Elio og familien hans frå Iran til Tyrkia, og vidare til Noreg.

Dei blei plasserte på eit mottakssenter i fjellheimen i Innlandet. 

Elio blei kjend med ein av dei frivillige på senteret.

Vennskapet skulle bli starten på fridomen for den unge, afghanske guten.

Eg kunne ikkje engelsk, så vi hadde ikkje eit felles språk å kommunisere med.
Elio Delawari
Han spurte meg om eg var homo, og eg svara ja.
Elio Delawari

Den frivillige var opent homofil og dess meir Elio var saman med han, dess større blei trongen hans til opne opp til foreldra om legninga si.

Då familien flytta til Fredrikstad, tok Elio motet til seg og fortalde dei at han var skeiv.

Dei blei sjokkerte. Dei hadde lært at det å vere skeiv ikkje var bra, og håpa det berre var ein fase som kom til å gå over.
Elio Delawari
I kulturen frå Midtausten må ein ikkje berre kjempe mot seg sjølv, men mot heile systemet.
Elio Delawari
Men eg tenkte at: I Noreg er eg fri, og då må eg vere meg sjølv.
Elio Delawari
Men kvar gong eg tok opp temaet med foreldra mine, blei det ein stor krangel, dei ville ikkje snakke om det.
Elio Delawari
Eg ville berre at dei skulle akseptere meg for den eg er.
Elio Delawari

Det tok nokre år før foreldra sa til Elio at dei aksepterte legninga hans. 

Så lenge han ikkje starta med dop, var det greitt, sa dei.
Elio Delawari

For Thanushan sin familie, traff nyheita om legninga hans som ei bombe. 

Det var heilt uventa for dei, og dei blei svært skuffa.
Thanushan Nagendran
I det tamilske miljøet er homofili svært tabubelagt og ikkje noko ein snakkar opent om.
Thanushan Nagendran
Eg trudde det skulle vere heilt openbert for familien min at eg var homo, so eg blei svært overraska over reaksjonane deira.
Thanushan Nagendran

Sjølv om det tok tid før Thanushan fekk aksept frå familien sin, er dei svært støttande i dag.

Siri Vålberg Saugstad

Åtte år etter at Tonje sendte brevet til foreldra sine, feira ho kjærleiken under regnbogedagane i Oslo. 

Siri Saugstad Vålberg
Då eg såg deg fyrste gong over dansegolvet, det var jo i Spikersuppa under Pride. Då følte eg svært mykje spenning. Vi er veldig flørtete begge to.
Lene Sleperud
Ho kom tvers over dansegolvet mot meg. Og eg visste allereie då at det kom til å bli noko meir.
Lene Sleperud

Det er ein lett og flørtande dynamikk mellom dei to.

Men det var ikkje kjærleik med fyrste blikk.
Tonje Garvik

I dag er Elio (20) svært glad for at han tok valet om å vere open om at han elskar gutar.

Det kjennest heilt fantastisk!
Elio Delawari
Eg tenker stadig på at eg sikkert hadde vore ein heilt annan person i dag om vi ikkje hadde flykta.
Elio Delawari
Eg er i Noreg og eg er fri!
Elio Delawari

Som 19-åring var Thanushan leiar for Skeiv Ungdom Sogn og Fjordane.

Under Pride føler han at han kan vere 100 prosent seg sjølv.

Det er ei frigjerande kjensle. Vi står liksom saman mot alt hatet, og kjærleiken overdøyver dei stygge blikka frå sidelinja
Thanushan Nagendran
Siri Vålberg Saugstad

Etter godt over eit år blei dei saman.

I dag er dei forlova, og to skal snart bli tre.

Emily Louisa Millan Eide/privat

Journalist:

Emily Louisa Millan Eide

Fotografar:

Emily Louisa Millan Eide, Siri Vålberg Saugstad, Per Eide og Oddmund Haugen.

Medverkande:

Tonje Garvik, Elio Delawari og Thanushan Nagendran.