Hopp til innhold

Gulati om at Nasjonalmuseet får driftsstøtte: – Noko som skurrar

Framstegspartiet meiner det er oppsiktsvekkande at Nasjonalmuseet får pengar frå staten til full museumsdrift når dei i realiteten held stengt.

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati, stortingsrepresentant for Frp, vil spørje kultur- og likestillingsministeren kva pengane faktisk går til.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Eg tenker at det er oppsiktsvekkande at dei skal få 2 milliardar kroner i løpet av tre år når dei ikkje held ope.

– Vi må få klarleik i dette, for det er noko som skurrar her.

Det seier Himanshu Gulati som er stortingsrepresentant for Frp.

I går kunne NRK melde at Nasjonalmuseet får nærmare 2,2 milliardar kroner tilskot frå staten til drift og flytting til det nye Nasjonalmuseet.

Trass i dette får ikkje publikum sjå kunsten før dei opnar det nye museet i 2022.

Det har fleire reagert på, blant anna redaktør i Bergensavisen Sigvald Sveinbjørnsson, som meiner at det er ein skandale at kunsten er utilgjengeleg i så lang tid.

Nasjonalmuseet

Fasaden til det nye Nasjonalmuseet. Museet skulle eigentleg ha opning denne hausten, men er no utsett til 2022.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Slag i ansiktet

Gulati er i tillegg svært kritisk til at Nasjonalmuseet får pengar frå staten for full museumsdrift når dei i realiteten held stengt.

Han meiner dei store overføringane til Nasjonalmuseet går utover andre institusjonar som allereie blør på grunn av koronakrisa.

– Eg synest det er eit slag i ansiktet til alle dei kulturinstitusjonane og bedriftene som akkurat nå kjempar for kvar einaste krone for å overleve, når dei ser at Nasjonalmuseet får så mykje pengar utan at dei driftar ein gong, seier han.

Ole Morten Fadnes, presseansvarleg i Nasjonalmuseet, veit at dei er i ein svært privilegert situasjon.

– Og det er fordi Stortinget har vedtatt å byggje eit nytt nasjonalmuseum, som skal vere ein visingsarena for kunst med eit publikumstilbod i verdsklasse.

– Og då følger det kostnadar med det, som politikarane har løyvd oss, seier Fadnes.

Flytting av Edvard Munch sjølvportrett på Nasjonalmuseet

Nasjonalmuseet skal flytte 100.000 verk. «Selvportrett» av Edvard Munch er eitt av dei.

Foto: Javier Auris / NRK

Meiner kritikken er feil

Han peiker vidare på at kritikken frå Gulati er feil.

For å få statleg tilskot føreset det at institusjonen har kontinuerleg drift i samsvar med måla med verksemda, og det meiner Fadnes at dei har hatt.

– Vi har utstillingar på turné, vi har førebudd Venezia-biennalen og vi har gjort andre aktivitetar. Vi gjer det vi skal, men vi gjer ikkje det i den utstrekninga vi burde.

– Men det er forståeleg, for vi har eit byggeprosjekt som har blitt forsinka, seier Fadnes.

Det er Statsbygg som er byggherren til Nasjonalmuseet. Dei har hatt problem med nybygget, noko som har ført til forseinkingar.

– Hadde vi visst det vi veit no i 2018 skulle vi sjølvsagt ha planlagt heilt annleis og funne måtar å vise kunst på undervegs, legg han til.

Ole Morten Fadnes

Ole -Morten Fadnes er presseansvarleg i Nasjonalmuseet.

Foto: Frode Larsen

Han fortel vidare at dei i søknadsprosessen har basert seg på informasjonen dei har fått til ei kvar tid, og søkt deretter.

Vil ta det opp med kulturministeren

For 2021 har Nasjonalmuseet fått nesten 900 millionar i driftstilskot.

Gulati vil nå spørje kulturministeren i spørjetimen kvifor Nasjonalmuseet får pengar til drift mens dei i realiteten har stengt.

– Vi ser jo at tusenvis av arbeidsplassar i kulturlivet står i fare for å bli lagt ned på grunn av krisa, og då kan ikkje Nasjonalmuseet forvente at dei får akkurat same sum med pengar som dei hadde fått dersom dei faktisk skulle ha ope i tre år.

Gunhild Berge Stang

– I tida fram til opninga reknar eg med at museet vil finne andre måtar å gje publikum gode kunstopplevingar på, seier statssekretær Gunhild berge Stang (V).

Foto: Fabian Ubeda / NRK

Gunhild Berge Stang (V) som er statssekretær for kultur- og likestillingsminister Abid Raja, svarer til NRK at Nasjonalmuseet er i full drift i den forstand at alle tilsette er fullt ut sysselsette, men museet er ikkje i ein ordinær driftssituasjon.

Ho føyer til at det framleis er fleire faktorar i overgangen frå byggefase til driftsfase som inneber uvisse med omsyn til driftskostnadane kommande år.

– Det er løpande dialog mellom museet og departementet om situasjonen.

Ho understrekar vidare at ingen middel vil bli brukt til andre formål enn det dei er løyvd til.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters