Hopp til innhold

Nasjonalskattar utilgjengelege for folk i tre år

Nasjonalmuseet får 2 milliardar i statstilskot på tre år, men viser nesten ikkje kunst medan dei ventar på opninga av nytt museum. Ein rein skandale, meiner redaktør i Bergensavisa Sigvald Sveinbjørnsson.

Nasjonalmuseet om natten 2017

Det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta i Oslo skulle etter planen opne i år, nå blir det ikkje opning før i 2022.

Illustrasjon: Statsbygg

Først skulle Nasjonalmuseet opne hausten 2020. Grunna forseinkingar blei opninga utsett til våren 2021. Førre veke blei det klart at opninga er utsett endå ein gong, til 2022. Då vil det vere minst tre år sidan Nasjonalgalleriet stengde dørene i januar 2019.

Trass i nær 2,2 milliardar kroner i tilskot til drift og flytting på dei tre åra, får publikum knapt sjå kunst før det nye bygget opnar.

Sigvald Sveinbjørnsson

Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisa seier det er harde tider ved kunstinstitusjonar rundt om i landet. – Dette sender eit tydeleg signal om at det er Oslo og Nasjonalgalleriet som er viktig, ikkje særleg mykje anna.

Foto: Emil Weatherhead Breistein / BA

– At kunsten er utilgjengeleg for folk over så lang tid er ein skandale, seier redaktør i Bergensavisen, Sigvald Sveinbjørnsson.

Han meiner at Nasjonalmuseet burde funne ein måte å vise fram sentrale kunstverk når dei trass alt får over 2 milliardar kroner i statsstilskot.

– Dette er svært trist. Det har vore dårleg planlagd, og så er det eit signal om at det kanskje ikkje er så viktig å få kunsten stilt ut. Heile grunnlaget for at ein nyttar desse pengane, er at folk skal få sjå og oppleve denne felles eigde kulturskatten vår, seier Sveinbjørnsson.

Direktøren ved Nasjonalmuseet, Karin Hindsbo forstår at folk er skuffa over at museet si opning nok ein gong blir utsett.

Karin Hindsbo

Karin Hindsbo, direktør ved Nasjonalmuseet, forstår at folk er skuffa over nok ei utsetjing.

Foto: Annar Bjørgli

– Eg kan svært godt forstå at ein ønskjer å sjå meir frå samlinga vår. Og det skulle faktisk vi i Nasjonalmuseet også ønskje. Dette er på ingen måte ein situasjon vi i Nasjonalmuseet ønskja oss, tvert imot.

– Alt kan løysast

Budsjettet til Nasjonalmuseet er på nær 900 millionar kroner i 2021. Med eit budsjett på den størrelsen meiner Karin Hellandsjø, tidlegare direktør for Henie Onstad kunstsenter, at dei burde kunne vise fram litt kunst.

Karin Hellandsjø

Karin Hellandsjø, tidlegare direktør for Henie Onstad kunstsenter meiner Nasjonalmuseet bør vise fram kunst andre stader medan vi ventar på opninga.

Foto: Ø. Thorvaldsen

– Dei burde leige eit ledig lokale i byen og vise ein del av samlinga der. Statsbygg har sikkert noko som dei kan stille til disposisjon, meiner Hellandsjø.

Nasjonalgalleriet manglar ikkje på kunst å vise fram. Samlinga er på meir enn 100.000 verk, og består blant anna av kjende måleri som «Brudeferda i Hardanger», «Skrik» og mange andre nasjonale kunstskattar.

– Dei har nok av skattar å ta av. Det at dei då opnar seg for publikum er deira fyrste oppgåve. Alt kan løysast om ein vil, meiner Hellandsjø.

– Tapt kulturgenerasjon

Leiar for Nordic Institute of Art, Knut Ljøgodt, meiner at den bortgøymde kunsten kan føre til ein tapt kulturgenerasjon

Knut Ljøgodt

Leiar for Nordic Institute of Art, Knut Ljøgodt meiner det er særs uheldig at den kunsthistoriske kulturarven ikkje er tilgjengeleg for publikum.

Foto: Helen S. Tschudi

– Det å ha tilgang på kulturarven sin, er vil eg seie: ein menneskerett i eit kulturland. Og i dei fleste europeiske land, og i Noreg, so arbeider ein aktivt for å formidle kunst, både overfor eit allmenn publikum, men også overfor ungdom.

– Vi risikerer å bli ståande med eit kull som ikkje kjenner til kulturarven sin og som følgje av det ikkje har interesse for kunsten. Og kva seier det om oss som sivilisasjon?

Ljøgodt foreslår at vi sender nasjonalskattar som «Skrik» og «Brudeferda i Hardanger» på turné, og at museet kan vurdere å halde utstillingar internasjonalt for å promotere norsk kunst i utlandet.

– Eg kan også minne om at Munchmuseet i Oslo har haldt ope i heile denne flytte og byggjeperioden. I tillegg til at dei også har hatt alternative visingsarenaer rundt omkring i byen, seier Ljøgodt.

Uvisst når museet opnar

Etter planen skulle det nye Nasjonalmuseet vore ope alt no. Men no er altså opninga utsett til 2022. Direktør Karin Hindsbo kan ikkje seie nøyaktig når dei ser for seg å opne.

– Det veit vi ikkje. Bygget må bli ferdigstilt og alle sikkerhetstiltaka må vere på plass fyst, seier Hindsbo.

– Kvifor får de ikkje til å ha utstillingar i mellomtida?

– Planen var at museet skulle ha stengt minst mogeleg. Så kom det gradvise forseinkingar i byggjeprosjektet.

– Hadde vi visst dette tidlegare, så hadde vi planlagt annleis, seier Hindsbo.

– Nå som de ikkje kan opne før om eitt år, kan de ikkje legge ein plan for å vise kunsten nå?

– Det er ikkje slik at vi ikkje har hatt eit utstillingstilbod i 2020. Vi har hatt utstilling på arkitekturmuseet og vi har blant anna tre ulike utstillingar på turné. Vi hadde også planlagd ei Erling Viksjø-utstilling på arkitekturmuseet, som vi måtte utsette grunna korona. Nå må vi sjå på korleis vi kan snu oss rundt slik at vi også har eit tilbod i 2021, seier Hindsbo.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)