Hopp til innhold

Publikum fryktar elendig lyd i Telenor Arena

Ein Ariana Grande-konsert gjer at frykta for dårleg lyd i Telenor Arena igjen brer om seg. – Dårleg lyd har øydelagt ei lang rekkje konsertar der, meiner kritikar.

Justin Bieber

Justin Bieber har fylt Telenor Arena til randa ved fleire høve dei siste åra. Kritikarar meiner god lyd blir nedprioritert for stort billettsal.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Sidan opninga i 2009 har lyden i fleirbrukshallen på Fornebu vore eit tilbakevendande tema. Dagbladet-kritikar Mathias Rødahl fyrte laust i førre veke.

Mathias Rødahl

Dagbladet-kritikar Mathias Rødahl meiner god lyd i Telenor Arena ikkje er noko folk kan vente seg.

Foto: Privat

«En stemme fra himmelen i et konsertlokale fra helvete. Telenor Arena beseiret Ariana Grande med sin notoriske akustikkterror», skreiv Rødahl etter Ariana Grande-konserten førre veke.

– Spørsmålet er når ein ikkje har opplevd dårleg lyd. Du går ikkje i Telenor Arena for å få ei stor lydoppleving, meiner Rødahl i prat med NRK.

Gru-gler seg til første konsert

Også VG og Dagsavisen var nådelause etter Grande-konserten førre torsdag. At VG-kritikar Marius Asp omtalte lydbildet som «forkasteleg» skapte uro i kommentarfeltet.

Trond Erik Borgersen

Trond Erik Borgersen reiser frå Larvik har høyrt frå mange venner og kjente at lyden i Telenor Arena er under par.

Foto: Privat

Trond Erik Borgersen frå Larvik var éin av dei som kommenterte VG-artikkelen. Han skal nemleg på Hans Zimmer-konserten laurdag, noko som blir hans første Telenor Arena-oppleving.

– Eg fryktar verkeleg at Telenor Arena blir ein for stor arena for Hans Zimmer. Eg er redd akustikken kan bli øydeleggjande, seier Borgersen.

I tillegg til Zimmer går unge Shawn Mendes på scena allereie fredag, medan Bruno Mars tek over arenaen neste veke.

Telenor Arena

Telenor Arena på Fornebu i Bærum har fått eit rykte på seg for å ikkje huse dei store lydopplevingane under konsertar.

Foto: Nadir Alam / NRK

Arenaer er vanskelege

På Fornebu meiner Telenor Arena at den stadige lydkritikken er overdriven.

Hammer og Andersen

Marknads- og medieansvarleg Morten Hammer i Telenor Arena (t.v.) seier at dei tek med seg kritikken frå både kritkarar og publikum. Her er han saman med teknisk sjef Espen Andersen i Konsertsystemer – som samarbeider med Telenor Arena.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vi føler nok at det er blitt lett å «ta» Telenor Arena for dårleg lyd. Vi får mange tilbakemeldingar frå dei som er på konsertane og opplever det heilt annleis enn det ein les i media, seier marknads- og medieansvarleg Morten Hammer.

Partner med arenaen og teknisk sjef i Konsertsystemer, Espen Andersen, er likevel tydeleg på at alle arenakonsertar er utfordrande lydmessig.

– Det er for eksempel veldig stor avstand mellom første og bakarste rad, så dei som sit lengst bak kan bli sitjande i eit område der refleksjonane frå vegger og tak er like sterk som direktelyden frå høgtalarane. Då vil lyden kanskje bli oppfatta som grautete, fortel Andersen til NRK.

Andersen seier at ressursar, utstyr og tidsskjema spelar inn når store utanlandske produksjonar tek over Telenor Arena.

– Der har vore tilfelle

Sjølv om Telenor Arena står for bygget, ligg lydansvaret med kvar enkelt lydteknikarane på kvar enkelt konsert. Ein del av ansvaret ligg likevel hos arrangørane. Brorparten av konsertane står Live Nation for, inkludert den slakta Grande-konserten.

Christian Schøyen i Live Nation Norge

Christian Schøyen i Live Nation er kjent med at lyden på ein del konsertar ikkje har vore optimal.

Foto: Live Nation

– Det har vore tilfelle der lydbildet ikkje har vore optimalt i Telenor Arena, så det kjem ikkje som noko overrasking at nokre kritiserer lyden, kommenterer prosjektdirektør Christian Schøyen i Live Nation.

Han fortel at dei tidleg går ut og informerer dei ulike turnéproduksjonane om størrelse på arena og utfordringar, før turneane må ta dei endelege avgjerslene.

– Vi refererer gjerne til andre arrangement der tiltak blei sett i gang. I neste veke er det leigd inn ekstra lydanlegg til Bruno Mars-konserten, seier Schøyen.

Tydelege råd til konsertgåarar

Goldstar, som står for Hans Zimmer-konserten laurdag, seier i ei kort fråsegn at dei vil gjere alt dei kan for å sikre ei god lydoppleving.

For folk som skal på konsert i Telenor Arena har Rødahl i Dagbladet nokre gode råd.

– Pass på å skaffe deg ein plass nede på golvet eller rett framfor scena. Sit i alle fall ikkje ute på sidene, meiner Rødahl.

OSCARS HANS ZIMMER

Hans Zimmer, her i 1995 då han vann Oscar for beste filmmusikk med Løvenes Konge, opptrer i Telenor Arena laurdag.

Foto: LOIS BERSTEIN / Ap

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.