Hopp til innhold

Barberaren i Sevilla frå Stryn

Inne i det store kvite huset i Bjørvika vert eg nesten borte. Men det er kanskje den personlege endringa mi som vert lagt mest merke til i Norge Rundt fredag.

Operaen i Bjørvika
Foto: NRK

Giganthus med sjel

Tek ein utvendig mål dekker operahuset heile fire fotballbaner. Innvendig er det òg store dimensjonar. Hovedscena kan senkast 16 meter under havoverflata og hevast 54 meter over golvnivået. Bygget har 1578 rom, og eit av desse er mitt for ein dag.

Eg fekk eigen garderobe i operaer
Foto: NRK

Suksess frå første stund

30000 besøkte bygget dagen etter opninga den 13. april i fjor. Det seier alt om kor populært dette omdiskuterte bygget har blitt. Om du ikkje har besøkt den marmorkledde juvelen i Bjørvika så tek eg deg gjerne med ein tur før sending.

Eit lite samfunn for seg sjølv

600 personar frå 30 nasjonar har sitt daglege arbeid her. Heile 50 forskjellige yrkesgrupper er representert. Dette er ikkje berre ein offentleg kulturinstitusjon, men og ei bedrift som tek vare på handtverkstradisjon.

Frå sveisar til snekkar

Snekkarverkstaden i operaen.
Foto: NRK

Alt av kulisser vert laga etter teikningar. Sveisarane kan ikkje bomme med ein millimeter. Dette er starten på det som skal bli til eit hus, ei trapp eller ein veranda. Når dette er ferdig er det snekkarane som skal gjere sin jobb.

Lakkering må og til. Penslar og kostar vert førde med kirurgisk presisjon. Og alt vert teke vare på. Alle kulissar er nemlig laga slik at dei kan takast frå kvarandre etter bruk og køyrast på lager.

Slikt presisjonsarbeid finn eg att på systova, skomakerverkstaden, hos dei som dekorerer veggtepper og scenetepper.

På skulebenken

Formålet med dette besøket er at du skal sjå litt bak kulissane. Derfor velger eg å bruke meg sjølv med god støtte frå fotograf John Arnt Nøstdal og lydtekniker/redigerar Trond Baugstø. Det nærmar seg utfordringa eg har gitt meg sjølv: Eg skal debutere på hovedscena.

Sangøving med mentor Thor Inge Falck
Foto: NRK

For å klare dette må eg ha hjelp. Redninga er tenor og pedagog Thor Inge Falch. Han har sjølv 26 år bak seg som operasongar. Her er eg i dei beste hender, men resultatet av skalatreninga må eg klare sjølv. Vil dette gå bra? Thor Inge er i alle fall nøgd og har trua for oss begge. Men der er ennå ting som må gjerast før eg skal inn på scena.

Total forvandling

Eg opplever å gå frå kvardagsmenneske til karismatisk figur i løpet av ein dag. Eg vert teken mål av, sminka og påkledd frå topp til tå. Til slutt vart kruna på verket sett på: Parykken!

Det tek rundt 40 timar for Jarek Lange å lage ein parykk. Det er heklenål som vert nytta som redskap og det er ekte hår som vert brukt. Kiloprisen på dette er 10000 kr.

Jarek Lange legg sminke
Foto: NRK

Det er óg Jarec som skal legge sminka. Kvart strøk og lag vert lagt på ansiktet mitt med stødig hand og nøye detaljert plan. Her er det ikkje teikning eller modell å gå etter. Her er det kunstnaren sitt veltrente auge etter over 20 år i bransjen som kjem til nytte.

Kle skapar folk

Med nytt hår og nytt ansikt er neste stopp mi eiga personlege garderobe. På skiltet utanfor lyser namnet mitt og innafor døra ventar påkleder Sylvia Rasch-Olsen med kolleksjonen. Siste finpuss og på med sko - og eg er klar for å entre scena.

Sylvia Rasc-Olsen er påklederske i operaen
Foto: NRK

Når det er førestilling i operaen er det hektisk, seier Sylvia. Då må teamarbeidet gå utan problem. Det er fleire som skal skifte kostyme under ei førestilling, og dei raskaste skifta går unna på rundt 30 sekund. Prøv sjølv så får du ei aning om kvifor alt må gå på skinner.

Vi har god tid på mitt skift. Men sjølv om eg ikkje skal inn til 1300 forventningsfulle i salen, skal min habitt sitje skikkeleg. Derfor er også Sylvia nøye med detaljane.

Klar for den store scena.
Foto: NRK

Endeleg er eg klar. Eg får dei siste gode og oppmuntrande orda frå mentor Thor Inge Falck, men ikkje lukke til. Han seier toy toy, som tyder det same. Teppet kan gå opp og applausen runge , - applaus ? Det er kun fotograf Nøstdal og lydmann og redigerer Baugstø i salen, og dei har nok med sitt. Kanskje like godt. Men ein ting er sikkert: Dette kjem eg aldri til å gløyme. Kanskje ikkje du heller. Akkurat no har eg mest lyst til å omskrive teksten til Jens Book-Jenssen til: "Det er lov å vere gal"

Om du ikkje får med deg sendinga så kan du laste oss ned som podkast eller sjå på nettet når det høver for deg.

God helg og god fornøyelse !

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters