Hopp til innhold

Fekk Golden Globe med norsk hjelp

Netflix plukka prisar i både TV- og filmkategoriane då Golden Globe-prisane blei delte ut natt til måndag, norsk tid. Filmen «Roma», med eit norsk innslag, fekk to prisar.

Kjartan Halvorsen med familie på premiere

Kjartan Halvorsen (t.v.) og familien hans er med i Netflix-filmen «Roma» som fekk to Golden Globe-prisar natt til måndag. Her er dei på premierefesten i Mexico saman med Yalitza Aparicio (midten) som spelar hovudrolla som Cleo.

Foto: Privat

Natt til måndag, norsk tid, inviterte den internasjonale presseklubben i Hollywood til fest og utdeling av Golden Globe-prisane til amerikanske kinofilmar og TV-program. Etter utdelinga står Netflix fram som den store vinnaren, både som produsent og distributør av TV og film.

Dei siste åra har også Netflix gått inn og produsert filmar som får ein kort tur innom kino før dei blir lagt ut i strøymetenesta. I 2017 var to av filmane til Netflix plukka ut til å konkurrere i hovudprogrammet til filmfestivalen i Cannes. Det blei motteke med pipekonsert før premieren på det eine filmen.

Natt til måndag vann Netflix-filmen «Roma» pris for beste framandspråklege film og regissør Alfonso Cuarón fekk prisen for beste regi. I takketalen sin takk Cuarón strøymetenesta spesielt.

– Takk til Netflix som har klart å gi denne smale filmen eit så stort publikum.

No siglar filmen opp som ein sterk Oscar-kandidat, og kan få nominasjonar i fleire kategoriar, ifølgje Vanity Fair. Skulle filmen vinne stort under Oscar-gallaen vil det vere eit stort gjennombrot for både Netflix og for ikkje-engelskspråklege filmar.

Alfonso Cuarón

Regissør Alfonso Cuarón henta to Golden Globe-prisar for Netflix-filmen «Roma» under utdelinga i Hollywood i natt. Han fekk pris for beste regi og beste ikkje engelskspråklege film.

Foto: MARK RALSTON / AFP

Norsk innslag

Prisen til «Roma» er også det næraste vi kjem ein norsk pris under Golden Globe-utdelinga. I ein scene med ein skogbrann, syng Kjartan Halvorsen frå Stavern songen «Barndomsminne frå Nordland», også kjend som «Eg veit meg eit land».

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i Halvorsen, som bur i Mexico. Men ifølgje mora hans, Kari Dahle Halvorsen, var det tilfeldig at han kom med i filmen.

– Han var saman med familien sin på 17. mai-feiring på den norske ambassaden i Mexico. Der var castingdirektøren for filmen på jakt etter ein norsk familie til ein film. Etter fleire rundar med prøver, blei heile familien med barnepassar plukka ut.

Familien spelar gjestar i ei jule- og nyttårsfeiring. I selskapet har Kjartan Halvorsen på seg ei maske for skremme barna.

– Så oppdagar selskapet ein skogbrann som dei reiser ut for å prøve å sløkke. Det er medan dette står på han byrjar å synge songen, fortel mora.

Strøyming har ført til endring

Komedien «The Kominsky Method» med Michael Douglas i hovudrolla som ein aldrande skodespelarlærar, vann prisane for beste TV-komedie og beste mannlege hovudrolle i komedie. Strøyming har endra korleis filmindustrien tenker om TV, seier Michael Douglas til Deadline etter prisutdelinga:

– Strøyming er grunnen til at så mange skodespelarar går frå film til TV. Det er også grunnen til at vi har fått seriar som «The Kominsky Method», med halvtimes lange episodar som kan vere alt frå 25 til 40 minutt. Vi kan seie kva vi vil og vi har ikkje reklame. På dette tidspunktet i karrieren min, og i min alder, er dette fantastisk. Eg elskar det!

Michael Douglas med Golden Globe

Golden Globe-vinnar Michael Douglas meiner strøyming har gjort det meir attraktivt for skodespelarar å jobbe med TV.

Foto: Jordan Strauss / AP

Netflix har også eineretten på fleire BBC-seriar utanfor Storbritannia og Irland. Ein av dei er den store snakkisen «Bodyguard». Richard Madden fekk prisen for beste hovudrolle i eit TV-drama for innsatsen sin i serien.

I tillegg fekk miniserien «The Assassination of Gianni Versace: American Crime Story» pris for beste miniserie og Darren Criss for beste mannlege skodespelar i ein miniserie. «The Americans» fekk i avslutningssesongen pris for beste dramaserie. Begge seriane er laga for tv-selskapet FX, men blir i Noreg vist på Netflix.

Du kan sjå alle Golden Globe-vinnarane her.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.