Hopp til innhold

Prisdryss-år for norsk fiolinist

Vilde Frang vart årets vinnar av Credit Suisse-prisen, som er på om lag ein halv million kroner og inneber solistoppdrag med Wien-filharmonien. Prisen kjem på toppen av ei rekkje utmerkingar for fiolinisten det siste året.

Vilde Frang Bjerke

Den norske fiolinisten Vilde Frang.

Foto: Olavsfestdagene

Den sveitsiske banken Credit Suisse deler ut prisen Credit Suisse Young Artist Award annakvart år. Prisen vart delt ut etter ein konkurranse i Wien si musikalske bestestove Musikverein sist veke, og prisutdelarane skriv i pressemeldinga om prisen at Frang «er kjend som fantastisk utrykksfull og for musikalitet og virtuositet av stort format.»

Prisen er eit samarbeid med den velrenommerte Lucerne-festivalen, og inneber at Vilde Frang blir solist med Wien-filharmonien, rekna som eit av verdas aller beste orkester, under ein konsert under festivalen 14. september neste år. Dirigent blir den berømte nederlandske 82-åringen Bernard Haitink. I tillegg blir Frang tildelt 75 000 sveitsiske franc, som tilsvarar om lag 470 000 kroner etter dagens kurs.

Les: Ung stjerne mot nye høgder

Frå Arve-pris til Brit Awards

Vilde Frang

Vilde Frang under Classic Brit Awards.

Foto: John Phillips / Pa Photos

Dei siste to åra har det dryssa prisar og utmerkingar over den norske 25-åringen; etter å ha utnemnd til EMI Classics sin «Young Artist of the Year», fekk ho i fjor Arve Tellefsens Musikkpris og vart tildelt Statoilstipendet på ein million kroner.

I år vart Frang kåra til årets nykommar under Classic Brit Awards i mai. «Beste nykommar»-pris fekk ho også under den nederlandske Edison-prisen og den tyske ECHO-prisen i sommar, og ho vart også tildelt den tyske Wemag-solistprisen.

Les: – En fantastisk ære

Les: Norsk fiolinist vant prestisjepris

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters