Ung stjerne mot nye høgder

Fiolinisten Vilde Frang (24) er klar til å ta nye steg mot internasjonal stjernestatus i 2011: New York-debut, verdslansering for andrealbumet og ein ny, prestisjetung pris er mellom høgdepunkta.

Vilde Frang

Vilde Frang er for tida på Europa-turné i lag med pianisten Michail Lifits.

Foto: Stein Eide, Håkonshallen i Bergen. / NRK

2010 var rikt på oppturar for Vilde Frang. Ho var EMI Classics' «Young Artist of the Year», og debutalbumet med fiolinkonsertar av Sibelius og Prokofjev fekk flotte kritikkar og Spellemannspris. I august vart ho første vinnar av Arve Tellefsens Musikkpris, og i november mottok ho Statoils talentstipend på 1 million kroner.

I tillegg turnerte ho flittig, og i desember omtalte britiske The Guardian hennar konsertopptreden med BBCs walisiske nasjonalorkester som «nothing short of sensational».

Du kan høyre utdrag frå førstealbumet i BBCs melding av cden.

Oppfølgar klar i mars

7. mars er sett som lanseringsdato for «det vanskelege andrealbumet», der Vilde Frang spelar i lag med den russiske pianisten Michail Lifits.

Albumet består av det Vilde Frang sjølv omtalar som «folkemusikkaktig seinromantikk», nærare bestemt fiolinsonate nr. 1 av Grieg, Bela Bartoks solosonate og Richard Strauss' fiolinsonate.

– Dette er musikk eg har eit sterkt forhold til, og eg er svært glad for å kunne spele den inn, seier Vilde Frang på telefon frå Lisboa, der ho og Lifits startar sin Europa-turné laurdag.

Mottek ny pris i sommar

Av andre høgdepunkt i det komande året, trekk Vilde fram deltakinga på ein av Tysklands største festivalar:

– Eg er blitt kåra til prisvinnar under Festspiele Mecklenburg-Vorpommern, og skal dit for å motta prisen og halde konsert i juli, seier Vilde Frang.

Fleire svært anerkjente fiolinistar tilhøyrer Festspiele Mecklenburg-Vorpommerns «prisvinnarfamilie»:

– Julia Fischer og Daniel Hope er mellom dei tidlegare prisvinnarane, så dette inneber ei stor anerkjenning for meg, seier ho om prisen som vart kunngjort i desember.

New York-debut i haust

Vilde har eit tett konsertprogram framfor seg, og skal debutere med solokonsert i fleire viktige musikkbyar:

Turnéen med Michail Lifits vert avslutta med konsert i Paris 27. januar, og 27. februar spelar ho i Berlin i lag med eit anna ungt norsk stjerneskot, pianisten Christian Ihle Hadland. I haust skal ho for første gong halde konsert i New York.

På turné med Mutter

Anne-Sophie Mutter

Den tyske fiolinisten Anne-Sophie Mutter er Vilde Frangs mentor og venninne.

Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

Anne-Sophie Mutter (47) er Vildes mentor og ein av dei største fiolinistane i sin generasjon. I mars skal dei to venninnene på turné i lag for tredje gong, denne gongen i Tyskland.

– Anne-Sophie har vore ein nøkkelperson for meg heilt sidan eg starta å spele fiolin som fireåring, og lytta til cdane hennar, seier Frang.

I tillegg til undervisning, fekk Vilde økonomisk støtte frå Mutter gjennom hennar stipendordning eller «venekrets» frå 2003 til 2009.

– Anne-Sophie har støtta meg på alle måtar; finansielt, musikalsk og på det personlege plan. Ho har lært meg utruleg mykje og tek seg verkeleg godt av folk.

Kulturstrøm

  • «The Wire» kåra til beste TV-serie

    206 ekspertar i 43 land har på oppdrag frå BBC kåra «The Wire» til den beste TV-serien i det 21. hundreåret.

    «Mad Men» og «Breaking Bad» kom på dei neste plassane.

    Dansk/svenske «Broen» er beste skandinaviske på ein 34. plass, «Borgen» kom på ein 40.-plass, medan «Forbrytelsen» er kåra til den 78. beste serien i dette hundreåret.

  • Kongen vil ikke inn i trommestrid

    Sametinget har sendt krav til danskedronningen om å få beholde en sjelden tromme. Men kong Harald tror ikke hun vil blande seg, og han vil ikke gjøre det selv.

    – Jeg har vel de samme tankene som hun har, tenker jeg, at det blander hun seg ikke borti. Det får spesialistene finne ut av, sier kong Harald.

    Han har denne uken vært på reise i Finnmark og har fått med seg konflikten som har boblet opp ved det samiske museet i Karasjok, del av museumsstiftelsen RiddoDuottarMuseat. Museet har innstendig bedt Danmark om å få beholde en samisk tromme som ble konfiskert etter trolldomsprosessene i 1692 og sendt fra Sápmi til København. Siden 1979 har den sjeldne samiske trommen vært tilbake igjen på samisk jord, men bare på utlån fram til 1. desember i år.

    Samisk tromme
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Trump vil ha nytt sosialt nettverk

    USAs tidligere president Donald Trump varsler planer om å lansere et nytt sosialt nettverk, melder AFP: Trumps sosiale medium skal kalles «Truth Social» og er ventet å åpne for betatesting i neste måned for inviterte. Plattformen eies av Trump Media & Technology Group (TMTG).

    – Jeg skapte Truth Social og TMTG for å stå imot tyranniet fra teknologigigantene. Vi lever i en verden der Taliban har stor tilstedeværelse på Twitter, og hvor din favorittpresident er blitt tiet i hjel. Dette er uakseptabelt, sier Trump.

    TMTG skal også starte opp en abonnementsbasert strømmetjeneste.