NRK Meny
Normal

Petter Pilgaard: – «Farmen kjendis» bryt fordommar

Med eit snitt på 1,3 millionar sjåarar blei finalen i «Farmen kjendis» den mest sette «Farmen»-finalen gjennom tidene. 1,5 millionar såg på det meste då Lothepus blei kåra til vinnar.

Lothepus

VINNAR: Leif Einar Lothe vant Farmen kjendis.

Foto: Alex Iversen / TV 2

Finalen på «Farmen kjendis» blei i snitt sett av 1.299.000 sjåarar. Det betyr at 65 prosent av alle over 12 år som såg på tv i går såg på «Farmen kjendis». 71,6 prosent i den kommersielle målgruppa 20–49 år, skriv TV2 i ei pressemelding.

Siste del av «Farmen kjendis», som gjekk etter 21-nyheitene, blei sett av 1.438.000 sjåarar medan nesten 1,5 millionar sjåarar følgde finalen idet Lothepus blei kåra til vinnar.

Dramaserien «Valkyrien» på NRK, som gjekk delvis samtidig som «Farmen», hadde 394.000 sjåarar.

– Han der partygutten med damer og underbuksehumor

Tidlegare reality-deltakar Petter Pilgaard og tidlegare supermodell Vendela Kirsebom, var blant dei siste som rauk ut av «Farmen kjendis».

Petter Pilgaard fortel til «Ukeslutt» på NRK at mange har kome bort til han for å beklage at dei hadde førehandsdømt han.

– Vaksne menneske, både kvinner og menn har kome bort til meg og vore oppriktig lei seg. Dei seier; «Veit du kva? Eg er flau over meg sjølve og beklagar at eg nokon gong har dømt deg», fortel Petter Pilgaard.

– Korleis har folk trudd at du har vore då?

– Det er jo sjølvsagt noko eg har lagt opp til sjølve også, men at eg er han der «partygutten» med damer og underbuksehumor, som ikkje er dugandes til nokon ting, fortel Pilgaard.

Petter Pilgaard

MELKESPANN: Petter Pilgaard tapte melkespannkonkurransen mot Ida Gran-Jansen i semifinalen.

Foto: Alex Iversen / TV 2

Vendela Kirsebom har også fått mykje tilbakemeldingar frå folk.

– Eg høyrer mykje av det same. Veldig mange menneske kjem opp til meg å seier ting som at dei er glad i meg, at eg viser mykje kjensler og at eg er så glad i dyra. Det er utruleg hyggeleg, fortel Vendela Kirsebom.

– Det er berre å brette opp erma og bryte fordommar

I den seinaste sesongen av «Farmen kjendis» på TV 2 har i snitt 973.000 sjåarar følgt med på kjendisane melke kyr, tømme utedo og flytte griser. Dette er den mest sette TV 2-serien nokosinne.

Petter Pilgaard meiner at noko av forklaringa på at programmet har vore så populært kan vere skilnaden mellom forventningane til deltakarane i starten, og når desse forventningane etter kvart blir brotne.

– Det er eit bonderomantisk program der ein putter saman menneske som folk har eit bestemt inntrykk av, og som skal gjere ting dei tilsynelatande ikkje har føresetnader for å klare. Då snakkar eg først og fremst om meg sjølve. Så er det berre å brette opp ermene og bryte fordommar, seier Pilgaard.

-– Den reisa deltakarane går igjennom med å tileigne seg eigenskapar og kunnskap er spanande, men det er også dei menneskelege relasjonane som folk syns er gøy å følge med på, trur Pilgaard, som enda på tredjeplass i konkurransen.

Leif Einar «Lothepus» Lothe

FEIRA SIGEREN: Leif Einar «Lothepus» Lothe feira sigeren med dei andre deltakarane søndag.

Foto: Alex Iversen / TV 2