Hopp til innhold

Paul McCartney lagar musikk til emojiar

Etter seks tiår med popmusikk, har Paul McCartney gitt seg i kast med å skrive musikk til kjærleiks-emojiar.

Paul McCartney på scenen under konserten "Out There" i Telenor Arena i Bærum tirsdag kveld.

Paul McCartney i Telenor Arena i fjor sommar. No har han skrive musikk for Skype.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det tidlegare Beatles-medlemmen har inngått eit samarbeid med Skype om å komponere musikk og lydar til emojiane videosamtaleteneste lanserer i samband med Valentines Day. Emojiane er teikn og figurar som brukarane kan bruke digitalt for å uttrykke ei kjensle.

I ein video på heimesida si, fortel McCartney at han først syntest spørsmålet var litt rart:

– Eg syntest dette først var eit rart forslag, og spurde meg sjølv om dette var noko for meg. Men så tenkte eg: kvifor ikkje? Dette er moro, hyggeleg og nytt.

Utfordrande

Videoen viser McCartney arbeide i studio for å lage korte snuttar til 20 kjensler. Lydsnuttane spenner frå harde gitarriff til mjuke xylofontrillar.

McCartney seier det var ei utfordring å lage dei korte snuttane.

– Det er som å løyse eit stort kryssord med mange ulike løysingar. Samtidig var er snuttane melodiske, så det var ein måte for meg å øve meg i studio også.

Likar å eksperimentere

73-åringen har lenge vore kjent som ein artist som likar å eksperimentere og prøve nye ting.

Paul McCartney er velkjend som popsnikkar med Beatles-songar som «She Loves You» og «I Wanna Hold Your Hand» på samvitet.

Strømming-suksess for The Beatles

Men McCartney har også vist seg å vere inspirert av avantgardistiske samtidskomponistar som John Cage og Karlheinz Stockhausen. Teknikkar brukt i «Fool on the Hill» og «Tomorrow Never Knows» er eksempel på dette.

Dei siste åra har han også jobba i ulike sjangrar. Han har blant anna skrive orkestermusikk, electronicamusikk og musikk til ballett. Han har også samarbeidd med yngre artistar, som med rapparen Kanye West og R & B-stjerna Rihanna i fjor.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.