Hopp til innhold

Påskekos med egg og katt!

Påska er den tida på året då vi set til livs mest egg. Det går med fleire tonn til frukosten for Ola og Kari Normann. Men høneproduktet er kjært for andre óg.

Ein katt etter egg.
Foto: Birger Meland / NRK

Denne fine skogskatten elskar rett og slett rå egg. Korleis dette verkar på katten er ikkje godt å seie, men matfar Øyvind Hansen kan stadfeste at pusen vert litt vill. - At egg har sin misjon for pelsen trur eg på. Og det er kanskje derfor at staspusen ét dei.

Utstilling i Trondheim

Gjensidig tillit
Foto: Birger Meland / NRK

No skal sjarmøren på utstilling i Trondheim. og då gjeld det å vere fin i tøyet. Katt er blitt ein lidenskap for Øyvind og kona Marit. - Når vi ikkje kunne få ungar så er kattane blitt ungane våre, seier Øyvind og gjev ein av dei ei faderleg kjærleg hand. Ekteparet driv med oppdrett og reiser på utstillingar både i Norge og Sverige. Det er ikkje få premiar i samlinga.

Litt av premiesamlinga
Foto: Birger Meland / NRK

Lukkelege med kattar

Marit og Øyvind
Foto: Birger Meland / NRK

Ekteparet har ikkje angra eit sekund på at dei satsa på katt. Det kostar litt, men så gjev det mykje glede óg. Alle har si historie, og utfrå stamtavler kan ein lese mellom anna om farge og gemytt. - Når ein skal skaffe seg katt er det viktig å ha skikkeleg slektstavle, seier Marit. På denne måten kan ein og hindre innavl. No spring der seks vaksne kattar rundt i huset, og dei er ein del av familien.

Eigen "leilegheit" med eigen inngong

Kattehybel
Foto: Birger Meland / NRK

Kattane har ein luftegard like ved inngangsdøra. Der har Øyvind saga hol i veggen slik at dei kan gå ut og inn som dei vil. På innsida finn vi ei smakfull leilegheit. Dei seks skogskattane har ikkje noko problem med å bu under same tak. Men dei får også ta turen ut i det fri, fortel Marit. Dette er til stor glede for naboane. For etter at kattane flytta inn er det lite med rotter og mus i området.

Musefobi

Men ikkje alle kattane til Marit og Øyvind likar mus. Den eine har faktisk fobí mot småkrypet og stikk av så snart noko slikt er i nærleiken.

Korleis går det?

Sjarmør i pels!
Foto: Birger Meland / NRK

Denne sjarmøren reiser til Trondheim der han skal delta på utstilling. Kven som er mest spent - katten eller "foreldra" - er ikkje godt å seie. Men vi skal vere med på lasset. Fredag etter påske får du vite resultatet av den spennande konkurransen. Då er vi óg tilbake til vanlig tid kl 19.30.

Spesiell konkurranse

Spennande vert det óg om du klarer konkurransen vår denne gongen. Den er litt utanom det vi til vanleg presenterer. Men så er det fine premiar óg! Tre iPod eller MP3-spelarar med video går til dei som vert trekte ut. Det vi vil vite er følgjande: Du køyrer bil i 50 km/t. Inne i kupéen fyk ei fluge rundt. Så kolliderer du og det vert bråstopp. Kva skjer med fluga?

Kva skjer med fluga?

Så er det påske

Om du ikkje får med deg sendinga når den går fredag kl 19.45 - etter påskenøttene - så last oss ned som podkast. Der finn du óg mange andre godbitar som lokkar fram både smil og tårer. Og lukke til med konkurransen! Krimboka er pakka, det same er provianten. No er det berre å setje nasa mot heimlege trakter og nyte nokre fridagar. Vi i Norge Rundt-redaksjonen ynskjer deg ei GOD PÅSKE !

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters