Ikkje konkurranse
Sjølv om kaptein Ivarsøy saman med kone Randi og barna Eirik og Bjørn har bestemt seg for ikkje å stilla i konkurranseklassen, er det nervar om bord før start. Det er mykje snakk om posisjonering og taktikk i det starten nærmar seg. Målet er å vera so nær startlina som mogleg i det startskotet går.
Langt fram
Eirik meiner at ein grønn og ein raud sokk kan hjelpa programleiaren med å finna styrbord og babord. Foto: Frode Fimland
Men i det starten går skimtar me blåsene som utgjer startlina langt framme. Me ligg i eit området av Byfjorden der det ikkje er mykje vind. Båten sig roleg framover i vatnet, heilt etter Norge Rundt-programleiaren sin smak. Men slikt kan ein ikkje seia høgt. Stemninga er ikkje heilt på topp om bord.
Kan berre bli betre
Dei to gutane Bjørn og Eirik har sin regattadebut under Askøy rundt. Målet er klart - Eirik er nøgd om han blir rundt nummer fem. Og me kan no berre håpa, for ut frå start er me på ein svak 14. plass, opplyser Eirik.
Askøy rundt for 25. gong
Det ser roleg og fredleg ut å segla. Det er det også i starten av jubileumsregattaen Askøy rundt, då me seglar i medvind. Me har om lag same fart som vinden, det er heilt stille om bord og lite å gjera for mannskapet. Verre blir det i det båten rundar og skal kryssa oppover fjorden mot Herdla fyr.
Men arbeidet om bord går lettare etterkvart som Eirik kan fortelja at båten avanserer i feltet. Og Eirik når målet sitt: I mål på Herdla er Embla III nummer 6. Ein flott regattadebut for Bjørn, Eirik og Norge Rundt.
Mor Randi, Bjørn (6 1/2 år), programleiar Stig Hernes, Eirik (8år) og far Helge Ivarsøy tar ein vel fortjent kvil. Foto: Frode Fimland
Norge Rundt, NRK1 22. august 2003 kl 1930