Hopp til innhold

Funn av perle gir nye teoriar om Gjellestadskipet

Kven ligg gravlagt i Gjellestadskipet? Korleis var gravferdsritualet? Her får du svar på kva som er funne så langt, og kva ein håpar å finne i tida framover.

Utgraving, Gjellestadskipet

SKATTEJAKT: Arkeologane leiter etter spor i jordsmonnet etter treverk, knoklar og andre type gjenstandsmateriale. Kva har dei funne her, mon tru?

Foto: Oda Elise Svelstad

I 2018 vart eit av dei mest oppsiktsvekkjande arkeologiske funna i Noreg i etterkrigstida påvist ved hjelp av georadarundersøkingar – nemleg restane av Gjellestadskipet i Halden.

Då var det 100 år sidan sist ein fann ei skipsgrav i dette landet, og interessa for å finne ut kva og kven som låg gøymd i dette skipet spreidde seg langt utover landets grenser.

Er det den myteomspunne Kong Jell? Eller er det ei vikingdronning? Kor rik er den avdøde?

No er utgravinga godt i gang, fleire funn har blitt gjort, og mange er spente på kva meir som kan dukke opp dei neste månadane.

– Det er noko stort som ligg her

1. Skjelettrestar av dyr

Knokkel - Gjellestad

KNOKLAR: Det er funne beinrestar av eit dyr, men kva slags dyr veit ein ikkje ennå. Det var vanleg å ofre eit titals dyr i ei slik type gravferd.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Eit av funna er skjelettrestar av eit dyr. Det var svært vanleg å ofre dyr som hestar, hundar, okse med meir i samband med gravferdsritual.

Arbeidarane i Gjellestadskipet har ikkje grave det heilt ut ennå, og er derfor framleis usikre på kva slags dyr det er.

– Det er ikkje usannsynleg at det er ein hest, eller ein okse slik som det var i Oseberg- og Gokstadskipet. Det er noko stort som ligg her i alle fall, seier prosjektleiar for utgravinga, Christian Løchsen Rødsrud.

2. Ei dekorert glasperle

Funn av glasperle på Gjellestad. Med målestokk

GLASPERLE: – Perler vart brukt som handelsgjenstand, og det er for tidleg å seie om det tilhøyrde ein mann eller kvinne, seier Rødsrud.

Foto: MARGRETHE K. H. HAVGAR / KULTURHISTORISK MUSEUM

Den fyrste dekorerte glasperla vart funne på Gjellestad i sommar, og stammar frå vikingtida.

I fjor fann dei delar av to blå glasperler på same området. Den dekorerte perla vart funne i matjorda over skipet, og dei veit framleis ikkje om det er frå sjølve vikingskipet.

– Perler vart brukt som handelsgjenstand, og til utsmykking av både menn og kvinner, men det er for tidleg å seie om det tilhøyrde ein mann eller ei kvinne.

Men dei veit at perla har kome langvegsfrå, og at den representerer ein form for høgstatusmiljø i dette området.

– Det er ei augeperle, og slike perler vart laga i det austre middelhavsområdet eller Midtausten, fortel Rødsrud.

3. Truleg bøtte/spann og truleg ei hanke

Avtrykk frå mogleg bøtte - og mogleg hanke til bøtte. Gjellestad

AVTRYKK: Her er avtrykk av det som truleg er ei bøtte eller spann av noko slag, og det som kan vere er ei hanke som høyrer til.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Dei har òg funne ein rund, og tung gjenstand som dei ennå ikkje veit kva er. For med fare for å utsetje det for oksygen er det frakta bort, framleis dekka i jord. Den har ennå ikkje blitt «opna» og analysert ennå.

Men mest truleg er det ei bøtte, eller eit anna type gards- eller arbeidsreiskap.

– Ei eventuell bøtte av tre vil truleg vere sterkt nedbroten, men med dagens teknologi kan vi potensielt klare å definere eit eventuelt innhald i ei bøtte.

– Då kunne vi ha sagt meir om kosthold og diett, og kva ein levde av i vikingtida, seier Rødsrud.

Ved sida av det som kanskje er ei bøtte, fann dei også ein dårleg bevart jerngjenstand som truleg er hanke som høyrer til.

4. Skipsnaglar

Skipsnagle, markert med sjørøverflagg. Hodeskalle.

SKIPSNAGLAR: Det har blitt brukt oppimot 3000 skipsnaglar for å feste saman skipet.

Foto: Margrethe K. H. Havgar / Kulturhistorisk Museum

Det som er funne mest av så langt er skipsnaglar. Ifølgje prosjektleiaren forventar dei å finne oppimot 3000 skipsnaglar. Alle er handsmidd.

– Det seier noko om teknologien, og ressursane som er brukt for å feste saman skipet, seier prosjektleiaren.

Scena for gravferda

5. Grøft

Christian Løchsen Rødsrud viser at det kan ha gått ein grøft rundt skipet for å tydeleggjere kor likskua skulle vere. Gjellestad.

SIRKEL: Prosjektleiar for utgravinga, Christian Løchsen Rødsrud, viser oss at det kan ha gått ei grøft rundt skipet for å tydeleggjere kor likskua skulle vere.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Rødsrud viser oss at det har blitt grave ei grøft rundt skipet, mest truleg for å markere kor likskua skulle vere.

– Innanfor sirkelen var liksom «scena», det var her det skulle gå føre seg, fortel Rødsrud.

Han fortel vidare at likskua, med den avdøde og ulike gjenstandar i gravkammeret, kan ha stått open lenge før ein har laga ein haug over heile greia.

– Her får vi moglegheit til å sjå på heile samanhengen i ritualet, som vi ikkje har fått gjort før. Det er kjempeviktig for oss.

Dronebilde fra Gjellestadskipet under utgravingen.

GJELLESTADSKIPET: Utgravinga er over halvvegs, og konturane av skipet byrjar å bli svært tydelege. Svaret vil vi finne når vi grev fram midtskipet, der et eventuelt mastefeste har sete.

Foto: Pierre Stine/ZED

Roskip eller seglskip?

Eit av dei store spørsmåla er om dette er eit roskip eller seglskip. Undersøkingar viser at kjølen på dette skipet er mindre og spinklare samanlikna med Oseberg og Gokstadskipet.

Det kan tyde på at det er eit roskip.

– Eit roskip ville ha vore eit spennande funn, sidan dei andre kjente vikingskipa har segl.

– Uansett vil Gjellestadskipet ha sine heilt eigne tekniske eigenskapar, og vil med det utfylle kunnskapen om skipsform og teknologi betydeleg, seier han.

Håpar på mange funn

– I dette augeblikket kan ein berre spekulere på kva funn som vil dukke opp etter kvart som vi dykkar lenger og lenger ned i skipet med reiskapa våre, seier prosjektleiaren.

Likevel er det nærliggjande å tru, og ikkje minst håpar dei å finne rikt gravgods, slik som ein fann i til dømes Oseberg- og Gokstadskipet.

1. Jaktutstyr.

Den største spenninga er knytt til om den avdøde er mann eller kvinne. Finn ein jaktutstyr kan det indikere at den avdøde er mann.

– I Gokstadskipet vart det funne to jaktfalkar, som saman med pil og boge utgjorde det mest brukte jaktutstyret, informerer Rødsrud.

I Gokstadskipet låg det òg to påfuglar, truleg eit teikn på at avdøde ønska å framstille seg på same måte som den europeiske eliten med kontaktar til Midtausten.

Forventar fullt våpenutstyr

2. Våpen

Sverd av jern. Tatt av Olav Heggø. Sverdet er frå viktingtida. Norge, Aust-Agder, Birkenes, Ukjent Gård.

SVERD: Døme på sverd frå vikingtida. Sverdet er funne i Aust-Agder i Birkenes. Sverdet var topp-våpenet i vikingtida.

Foto: Olav Heggø / KULTURHISTORISK MUSEUM, UIO / CC BY-SA 4.0

– Var det ein mann må ein nesten også forvente våpen, då det var symbolet på ein krigar på den tida, seier Rødsrud.

Døme på våpen som vart brukt den tida er sverd og skjold, kastespyd, støytespyd og øks.

– Toppkrigarane bar sverd, og i ein skipsgrav som Gjellestad må ein forvente at det er fullt våpenutstyr, fortel han.

Men det er også fare for at våpena som ligg i Gjellestadskipet allereie er tatt ved plyndring, slik som også er tilfelle i Gokstadskipet.

3. Smykke, kister og seng

Kiste. Kopi fra Osebergfunn

KISTE: Dette er ein kopi av ei kiste som dei fann i Osebergskipet. I tillegg til kiste kan det vere sannsynleg å finne tekstilreiskap, som tradisjonelt blir kopla til kvinner.

Foto: Ove Holst / UiO

– Viss det viser seg å vere ei kvinne som er gravlagd kan ein forvente seg smykkemateriale, noko som er prangande og ser flott ut til framvising, seier Rødsrud.

Han fortel at ein kan tenke seg kvinna som sjef over hushaldet til heimen. Ho ville dermed ha nøklar til viktige kister i huset – som også kan vere relevant at dei finn.

Koppar, kar og andre bruksgjenstandar er også noko dei håpar på å grave opp. Slike gjenstandar vil følgje begge kjønnskategoriar.

I tillegg til seng, slede og vogn.

Gustafsons slede fra Osebergfunnet

Slede: I Osebergskipet fann dei seng, slede og vogn blant mange andre ting.

Foto: Fotograf ukjent / UiO

Jo meir gjenstandar, jo meir velståande er den avdøde.

– Håpet er å finne ut kven som ligg i Gjellestad, seier Rødsrud.

– Kanskje kan det vere ei grav med både ein mann og ei kvinne. Osebergskipet har to kvinner, og Gokstadskipet har éin mann.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober