Hopp til innhold

Morten Hegseth om kvinnesyn i media: – Eg har også behandla folk ufint

I kjølvatnet av dokumentaren «Framing Britney Spears» har det dukke opp spørsmål knytte til korleis kvinner blir framstilte i media. Norske medium har framleis ein lang veg å gå, meiner kjendisreporter Morten Hegseth.

Morten Hegseth

Morten Hegseth meiner alle kvinner bør bli behandla på ein god og rettferdig måte uavhengig av livsstil og meiningar.

Foto: NRK

– Er du jomfru?

– Alle snakkar om dei. Brysta dine.

Dette er blant spørsmåla Britney Spears jamleg har måtta svare på gjennom karrieren sin, og som no blir tatt opp i dokumentaren «Framing Britney Spears».

Dokumentaren, som har skapt stor internasjonal merksemd sidan den kom ut for snart to veker sidan, problematiserer korleis media har behandla popstjerna.

Her heime har det vore diskusjonar rundt kva spørsmål kvinner blir stilt, men som aldri ein mann ville ha fått.

Morten Hegseth, programleiar i VGTV og i podkasten «Harm og Hegseth», er blant dei som meiner norske medium framleis har ein lang veg å gå når det kjem til korleis ein framstiller kjente norske kvinner.

– Vi er ikkje perfekte i Noreg heller. Alle kvinner i norsk offentlegheit får kjempehard behandling, seier han.

Framing Britney Spears

Bildet av Britney Spears frå dokumentaren «Framing Britney Spears». Den kan sjåast på NRK TV.

Foto: The New York Times

– Norsk presse er skuldig i mange overtramp

Han trekker fram debatten rundt Sophie Elise som eksempel.

– Ein kan stille seg spørsmål om liknande kritikk, liknande trakassering på sosiale medium og om det konstante hardkøyret hadde skjedd om ho var mann og ikkje kvinne, legg Hegseth til.

Han før støtte av redaktøren i KK, Ingeborg Heldal.

Sjølv om ho meiner at norsk presse er snillare enn amerikanske medium, er det likevel ein del ho meiner ein kan bli betre på også her til lands:

– Det er klart at norsk presse også er skuldig i mange overtramp. Også overtramp som kan minne om det Britney vart utsett for. Det er framleis slik at ein spør jenter om andre ting enn gutar, seier ho.

Ingeborg Heldal

Ingeborg Heldal har sjølv opplevd å bli framstilt på feil måte i media.

Foto: Julia Marie Naglestad

I 1999 fekk Heldal sjølv oppleve korleis media og folk var med på å danne seg eit bilete som ikkje stemte med verkelegheita.

– Mitt møte med Bill Clinton var jo ei absurd oppleving, seier ho.

– Ubehageleg at folk mislikte meg

Då den tidlegare amerikanske presidenten var på besøk i Noreg var det Heldal som vart ein snakkis.

– Det var sjølvsagt nokre avisartiklar der eg tenkte at «dette kunne du ha spart deg for å skrive». Dei hadde antatt at eg var dum, jålete eller at eg hadde pressa meg fram, seier ho.

Bill Clinton og Ingeborg Heldal

Ingeborg Heldal helste på den dåverande Bill Clinton då han kom på Noregsbesøk i 1999.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Ho fortel vidare at ein del av det som vart skrive i utanlandsk presse også var komisk, og at ho måtte skratte av mykje av det. Men noko sette seg fast.

– Eg synest det var ubehageleg at folk mislikte meg basert på det dei hadde lese om meg, og at dei følte at dei måtte kome bort til meg på byen og skjelle meg ut, seier ho.

– Eg har behandla folk ufint

Morten Hegseth har sjølv opplevd at han som mann og homofil har sloppe billigare unna enn sine kvinnelege kollegaer.

– Kvinner som stikk hovudet fram får mykje sterkare storm retta mot seg. Eg trur ikkje dette er bevisst, men heller nedarva strukturar, seier han.

Hegseth er også ærleg på at han kan ha bidratt til at andre føler seg feil framstilt.

– Det er ingen tvil om at eg har behandla folk ufint i jobben min, og eg har nok også trakka i baret fleire gongar rundt dette.

– Men eg synest det er viktig å tore å seie, for det står mykje respekt av det å tore å seie at ein har drite seg ut.

Fotoshoot med Britney. Fra dokumentaren Framing Britney Spears.

Fotoshoot med Britney. Bilde frå dokumentaren «Framing Britney Spears».

Foto: New York Times

Ingeborg Heldal trur dokumentaren kan føre til endringar i korleis media omtalar kvinner.

– Den kan bidra til å dra det ytterlegare i riktig retning. Den set ljos på noko som fleire enn Britney har opplevd, men det blir ekstra sterkt med ho, avsluttar Heldal.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.