Hopp til innhold

Om Ari: – Han skreiv veldig mykje om livet sitt

I ei ny bok om Ari Behn fortel Vidar Kvalshaug blant anna om Behns fascinasjon for døden, og om korleis skiljet mellom privat og offentleg person til tider førte til ein identitetskrise.

Forfattar Vidar Kvalshaug framfor grava til Ari Behn

STERKT: Forfattar Vidar Kvalshaug framfor gravstøtta til Ari Behn. Kvalshaug har skrive bok der mennesket Ari Behn og litteraturen hans får skine.

Foto: Ola Hana / NRK

– Han var ein inntrykksvampyr. Han kunne kome inn i eit rom og suge til seg energi og detaljar, og gå ut å skildre det heilt presist.

Det seier Vidar Kvalshaug, forfattar og nær ven av Ari Behn.

Ari Behn var ein kritikarrost kunstnar, og bergtok offentlegheita for alvor då han gifta seg med prinsesse Märtha Louise, som han hadde eit 15 år langt ekteskap med.

25. desember i fjor tok han livet sitt.

På bursdagen hans, 30. september, vart urna sett ned på Vår Frelsers Gravlund, og det er der vi møter Kvalshaug.

Ein samansett person

Sidan januar har Kvalshaug jobba med å skrive bok om Ari – ei bok han skildrar som eit venneportrett om 25 buldrande år med offentlege debattar, kranglar og forrykande forfattarskap.

Den har fått tittelen «Ari – bohemen og bøkene. Én versjon».

– Vi kalla det éin versjon fordi dette ikkje er den definitive sanninga om han, seier han.

I boka tar han blant anna for seg korleis Ari Behn romantiserte døden. Han var blant anna oppteken av myten rundt forfattarar, og av dei som hadde tatt sjølvmord.

Denne fascinasjonen var også ein raud tråd gjennom heile kunstnarskapet hans.

Han la nok veldig mykje meir i verka av dei som hadde tatt sjølvmord enn det andre gjer. Mot slutten av livet innrømte han også at han hadde hatt feil forbilde.

Vidar Kvalshaug på Vår frelsers gravlund

INTENS: – Han var ein intens fyr som brukte mykje av krutet på litteraturen, men mykje av krutet måtte han også bruke utanfor litteraturen, fortel Kvalshaug.    

Foto: Ola Hana / NRK

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og har skrive om framstilling av sjølvmord i litteraturen.

– Som mange sjølvmordsforskarar snakkar om, så skal ein tore å gå inn i det, og der kan litteraturen vere til hjelp, til å takle og meistre vanskelege kjensler knytt til sjølvmord.

Ifølge Bjorvand Bjørkøy er død og sjølvmord motiv som går igjen i mange litterære verk gjennom heile litteraturhistoria.

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy

LITTERATUR KAN VERE TIL HJELP: Professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy meiner litteratur om sjølvmord kan vere til hjelp for å takle og meistre vanskelege kjensler knytte til sjølvmord.

Foto: Ram Gupta /

Både Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Sigrid Undset og Amalie Skram i tillegg til fleire samtidsforfattarar har skrive om sjølvmord.

– Skjønnlitteraturen kan gje oss ei forståing som kan vere til hjelp i sjølvmordsforebygging fordi det kan gje ein meir nyansert kunnskap, enn kva statistikk åleine kan gje, om årsaker. For det er ikkje enkle årsaker til at nokon vel å døy av sjølvmord.

– Det handlar også om kor stor fortviling eller krise ein opplever når sjølvmord er den løysinga som verkar befriande eller som einaste løysing, seier Bjorvand Bjørkøy.

Identitetskrise

Eit anna sentralt tema Kvalshaug tar opp er måten Ari Behn iscenesette seg sjølv på.

– Kva var sant og kva var iscenesetjing? Det kunne vere vanskeleg å vite, seier Kvalshaug.

Ari Behn var ein karismatisk mann som såg og rørte ved dei han møtte på, og ifølgje Kvalshaug hadde han ein fantastisk eigenskap i få innpass i ulike miljø.

Han flaut like godt inn med gutane på golvet som han gjorde med kultureliten.

Men det gjorde også at han sleit med å finne ut kven han sjølv var.

– Han var utrygg på identiteten sin gjennom store delar av livet. Han hadde mange ulike roller å spele, og nokre gongar var det vanskeleg å velje kva bein han skulle stå på.

Ari Behns gravstøtte på Vår frelsers gravlund.

HØGT ELSKA: Du er høgt elska av oss alle, står det på gravstøtta til Ari Behn på Vår frelsers Gravlund.

Foto: Ola Hana / NRK

Knut Ola Ulvestad, sjef for sakprosa i Cappelen Damm, skriv i ein e-post til NRK at Ari Behns ven og forfattarkollega Vidar Kvalshaug har skrive ein ærleg, men respektfull bok om Ari og det han skapte.

– Dei fleste hadde på ein eller annan måte eit forhold til Ari Behn, og boka gir ein gjennomgang og nylesing av Aris forfattarskap, hans litterære forbilde og korleis han iscenesette seg sjølv og tok plass som forfattar i norsk offentlegheit.

– Som ei knyttneve i ansiktet

For trass i uvissa knytt til identitet var Behn veldig målretta, han visste kva han skulle bli og korleis.

For då han kom inn i norsk offentlegheit, kom han inn med eit brak.

Han og dei andre ambisiøse kunstnarane som utgjorde Den nye vinen skulle sprenge alle normer og alle grenser, seier Kvalshaug.

Behn var blant dei som lykkast svært godt, og det er spesielt novellene som vil stå att lenge etter romanane hans er gløymde, meiner Kvalshaug.

Ari Behns tre samlinger med fortellinger: «Trist som faen», «Talent for lykke» og «Tiger i hagen»

GJENNOMBROT: «Trist som faen» vart gjennombrotet til Ari Behn.

Foto: Kolon forlag

– Dei var korte, dei var harde, dei var ein knyttneve i ansiktet på lesaren, og så opna dei litt opp slik at mykje var overlate til lesaren.

– Og han skreiv veldig mykje om livet sitt. Både det han opplevde i barndommen sin, og det han har slite med som vaksen.

Sirkelen er slutta

Behn lét etter seg seg ei novellesamling som det nå blir jobba med. Den kjem kanskje ut neste år.

– Det finst også samtaler med han frå desember i fjor før han døde som er skriven ut. Dei blir kanskje gitt ut ein gong, fortel Kvalshaug.

Han synest det er sterkt, men fint å sjå gravstøtta til venen sin.

– Det er altfor tidleg. 48 år skulle han ha blitt i år. Ringen er slutta, men måtte dei andre leve lenge, avsluttar han.

Forlaget har hatt dialog med Ari Behns familie. Dei har fått tilsendt boka, og er klar over innhaldet og tematikken.

Kulturstrøm

  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP
  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)