–Festen fortsette på hotellet!

MALLORCA (NRK): For Ole Martin Årst var det ikkje så farleg å ryke ut av «Mesternes Mester». Han tok nemleg ansvar for at festen fortsette på deltakarhotellet.

Ole Martin Årst

FESTKOMITEEN: Ole Martin Årst var andremann ut av «Mesternes Mester», og tok personleg ansvar for at opphaldet på deltakarhotellet vart minst like artig som inne i Mesternes Mester-huset.

Foto: arne sørenes / nrk

I det tredje programmet av «Mesternes Mester» , som gjekk på NRK1 fredag kveld, var lagånd tema for konkurransane. Ole Martin Årst kom på nest sisteplass, men vart plukka ut til natt-test av tematapar Hanne Haugland. Høgdehopparen Hanne var suveren i sjølve testen, og dermed måtte den tidlegare fotballspelaren ta den tunge vegen ut av «Mesternes Mester».

Han blir dermed den andre som forlet konkurrasen etter at skiskyttaren Ann Kristin Flatland vart første deltakar ut sist fredag.

– Eg er litt irritert på meg sjølv for at eg ikkje tok konkurransane meir på alvor, men så lenge eg var inne i huset, var eg nok mest opptatt av det sosiale.

Strandliv

NRK møter Ole Martin Årst på eit badehotell i feriebyen Port de Pollenca nord på Mallorca mens dei siste gjenverande deltakarane i «Mesternes Mester» førebur seg til finalen. Etter kvart som tida har gått har han tatt i mot den eine utslåtte deltakaren etter den andre:

– Det har vore ei sann glede å ta i mot dei andre etter kvart som dei har dukka opp.

Ole Martin Årst på stranda

STRANDLØVE: Ole Martin Årst og dei andre utslåtte deltakarane i Mesternes Mester fekk god tid til å dra på stranda. I tillegg var dei på fleire sykkel- og seglturar.

Foto: arne sørenes / nrk

Inne i huset tok Ole Martin ansvar for det sosiale, men også etterpå vart han ein slags sjølvutnemd leiar for festkomiteen som sørde for at alle dei utslåtte deltakarane vart tatt i mot med gode drinkar og varme klemmar:

– Vi har vore jækla god på å ta dei i mot. Dei varme klemmane som har blitt delt ut i resepsjonen her har vore så hjartelege at eg trur dei aller fleste har gløymd at dei nettopp har ryke ut av «Mesternes Mester» når dei har komme hit.

Årst fortel at stemninga til tider var langt høgare på hotellet enn inne i huset.

– Det kan eg love deg. Her har vi kunne snakke fritt utan mikrofonar, så innimellom har det vore endå hyggelegare her.

Drog på hemmeleg fest i deltakarhuset

Fleire gongar drog dei utslåtte deltakarane tilbake til Mesternes Mester-huset i løynd. Ole Martin Årst fortel at dei også arrangerte ein hemmeleg fest inne i huset med dei gjenverande konkurrentane.

– Etter kvart som dei vart færre der inne så merka vi jo at stemninga vart litt laber.

Deltakarane kommuniserte med kvarandre via Messenger, og dei som framleis stod i konkurrasen fekk med seg ein del av det som skjedde på hotellet. Derfor drog Årst og fleire av dei andre utslåtte tilbake til huset ein sein kveld etter at produksjonen hadde avslutta opptak for kvelden, sjølv om dette var i mot reglane til produksjonselskapet.

– Vi tenkte dei trong ein fest, flirer Årst. Vi sneik oss inn, og var vel der til klokka fem om morgonen. Men det må du ikkje seie til nokon...

HEMMELEG ESKAPADE: Ole Martin Årst fortel at han har vore tilbake i huset fleire gongar etter at han vart slått ut. Ein gong arrangerte han og fleire av dei andre utslåtte deltakarane ein hemmeleg fest for dei gjenverande konkurrentane i «Mesternes Mester». VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Som plomma i egget

Ole Martin Årst er glad for at han blei med på Mesternes Mester, sjølv om han rauk ut tidleg. Han fortel at dei vart ein veldig godt samansveisa gjeng på kort tid, både inne i huset og etterkvart på hotellet, og at han har fått nye venner for livet.

At det var fotball-VM mens innspelinga pågjekk var enno ein grunn til at han ikkje tok det så tungt å ryke ut som andremann:

– Den veka eg var inne fekk eg ikkje med meg så mykje. No når eg er ute får eg både vere turist, bli endå betre kjend med dei andre, og eg får sett fotball-VM. Så eg har ingen ting å klage på; eg har det jo som plomma i egget, ler Ole Martin Årst.

Ole martin årst

GIR ALT: Siste veka tok Mestenes Mester-deltakarane i mot pressa på Mallorca. Ole Martin Årst stiller heilhjarta opp for fotografane.

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Rekordmange vil på folkehøgskole

    Aldri før har folkehøgskolene mottatt flere søknader enn i år sier informasjonsrådgiver for Folkehøgskolene Marit Asheim. Så langt i år har folkehøgskolene mottatt 11 prosent flere søknader enn på samme tid i fjor, og det er altså det høyeste søkertallet noensinne. (NTB)

    ELVERUM
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • Slutt for tradisjonsrik sjokolade

    Lohengrin-sjokoladen går ut av produksjon sier kommunikasjonsdirektør Celin Huseby i Mondelez International som eier Freia i et intervju med Aftenposten. Sjokoladen ble utformet av Nationaltheatrets arkitekt Henrik Bull i anledning premieren på Richard Wagners opera Lohengrin i 1911.

    lohengrin
  • Første LGBT-film fra Bollywood

    For første gang lar en stor Bollywood-produksjon et forhold mellom to av samme kjønn være kjernen i et kjærlighetsdrama. I et intervju med BBC forteller regissøren at intensjonen var å lage en familiefilm som er med å normalisere homofili. India opphevet i september i fjor en lov som forbyr homofil sex.