Hopp til innhold

– Kjipt å vere den fyrste som må forlate huset!

MALLORCA (NRK:) Ann Kristin Flatland er ute av «Mesternes Mester» etter tap mot Glenn Solberg i den aller fyrste natt-testen.

Ann Kristin Flatland

FØRSTE KVINNE UT: Ann Kristin Flatland syntes det var litt trist å måtte forlate Mesternes Mester-huset alt etter den første veka.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det var ikkje heilt etter planen å ryke ut fyrst, og eg hadde jo håp om å få vere med lenger, men samstundes er det vanvittig mange sterke konkurrentar som er med.

Skiskyttaren frå Vik i Sogn måtte gå ein liten runde med seg sjølv etter at det vart klart at ho måtte pakke saken sine alt etter den første konkurransen.

– Nokon måtte jo vere den fyrste, så den tok eg meg av.

Konkurransetemaet i opptstartveka var «Allsidighet», og etter første dag låg Flatland som nummer to og hadde stor tru på at dette skulle gå bra. Men dagen etter vart det meir statiske øvelsar, og der sleit ho meir:

– Det var nittigraderen og henging og tilslutt hopping fram og tilbake på lyssignal. Der rauk eg med ein gong, det var verkeleg ikkje ein øvelse for meg.

Dermed havna ho nest nederst på lista, og vart valgt av Glenn til natt-test.

– Han var fantastisk rask, så det gjekk som det gjekk. Men det var heilt rettferdig at han valgte meg. Dei andre låg jo over oss på lista.

Mesternes mester 2019

MESTERANE: Desse er med i mesternes mester 2019: Bak frå venstre: Glenn Solberg, Ann Kristin Flatland, Hanne Haugland, Ole Martin Årst, Kine Olsen Vedelden, Karina Hollekim, Tom Hilde. Framme frå venstre: Lars Berger, Karoline Dyhre Breivang og Pål Ullevålseter.

Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK

«Mesternes Mester» for tiande gong

Det er tiande gongen den populære tv-serien går på norske tv-skjermar. Som i den første sesongen er deltakarane i år i Spania, på den kjende ferieøya Mallorca. Dag Erik Pedersen har vore programleiar i alle ti sesongane, og hadde aldri trudd at serien kom til å få så lang levetid:

–Det er litt som å å klype seg sjølv i armen ved tanken på at vi har halde på i ti år med «Mesternes Mester», seier Pedersen. Vi ante jo ikkje at dette skulle bli det største familieshowet på norsk tv på lang, lang tid då vi satte det heile i gong.

For også i år er sjåartala høge; Over ein million nordmenn såg «Mesternes Mester»-premieren – NRK Kultur og underholdning

Sjølv trur programleiaren sjåarsuksessen handlar om at programmet har gode verdiar i tillegg til å vere eit godt fortalt tv-program:

Dag Erik Pedersen

PROGRAMLEIAR I TI ÅR: Dag Erik Pedersen er stolt over at programmet han leiar har vore ein sjåarsuksess i ti år

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Det er ikkje eit typisk realityshow med utstemming, inntriger, baksnakking og sånt vi som kjem frå idretten ikkje liker. Det er trygt for familiar med barn å setje seg ned å sjå på dette her, og det trur eg er er nøkkelen til at det har gått så bra.

Meir tid til barna

Ann Kristin Flatland la opp som skiskyttar i 2014 for å få meir tid til dottera Anne som vart fødd i 2012. Stafettbrosen frå OL i Sotsji vart dermed den siste av ei rekkje medaljar, samt to VM-gull, ho var med å vinne for Noreg, både i stafett og i mix-stafett.

Etter at ho rauk ut av Mesternes Mester havna ho på eit hotell i Port de Pollenca, men etter nokre dagar på stranda, vart savnet etter jentene (som no et blitt to) litt for stort. Så då reiste ho heim ein tur, sjølv om det absolutt ikkje var etter planen.

ann kristin flatland

GOD TID PÅ STRANDA: Ann Kristin Flatland fekk brått meir tid til å vere på stranda enn det ho hadde rekna med.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg kjende på det i forkant, eg har hatt fleire studier og eksamener i vår, så eg kjende på at det var viktig å få vere litt med jentene mine.

Men det var viktig for produksjonen at andre ikkje fekk vite at Ann Kristin var heime ein tur:

–Det var mykje hysj hysj, folk eg kjende måtte ikkje få vite at eg var heime, for då ville jo folk forstå at eg hadde ryke ut tidleg. Så eg møtte familien til ein miniferie ein heilt anna stad i landet.

Alt i alt er Ann Kristin Flatland klar på at «Mesternes Mester» var ei fantastisk oppleving. Men ho skulle gjerne vore med lenger:

– Det var kjipt å ryke ut først, men dessverre så lukkast det ikkje for meg denne gongen. Det var andre som var sterkare og sprekere enn meg, så då vart det som det vart.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober