Hopp til innhold

Nytt NRK-drama om kronprinsesse Märtha og president Roosevelt

– Vi har brukt seks år på å finne ut om dei hadde ein affære, seier serieskapar Alexander Eik.

KRIGSARKIVET - 2. verdenskrig

Washington D.C. 1942: Kronprinsesse Märtha i Washington D.C. saman med president Franklin D. Roosevelt under presidentens tale «Look to Norway». Eleanor Roosevelt t.h.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Det er seks år sidan Alexander Eik fekk ideen til tv-serien «Alt for Norge», som skal handle om kronprinsesse Märtha sin innsats under 2. verdskrig.

– 2. verdskrig har til nå vore menns historie, om sabotasje og heltedådar, det er på høg tid å fortelje den perioden med eit kvinneleg perspektiv, seier Alexander Eik.

«Alt for Norge» skal ta for seg den dramatiske flukta til kronprinsesse Märtha, då krigen braut ut, frå Norge, via Sverige og Finland til USA, der ho blir buande i fem år.

Alexander Eik

IDE TIL SERIE: Det var Alexander Eik som fekk ideen til serien for seks år sidan.

Foto: Cinenord

Hennar flukt bringa henne til Washington D.C., der ho budde saman med borna. Her fekk ho eit nært forhold både til Eleanor og ektemannen president Franklin D. Roosevelt, og ho fekk ei politisk oppvakning.

– Ho gjekk frå å vere eit ikon i den gamle verda, til å bli ein uformell, men sentral maktfigur i kulissane i Washington D.C. Den norske regjeringa brukte henne som agent til å fremme norske interesser overfor presidenten og andre maktpersonar i Washington D.C, fortel Eik.

– 2. verdskrig har til nå vore menns historie, om sabotasje og heltedåder, det er på høg tid å fortelle den perioden med eit kvinneleg perspektiv.

Alexander Eik

Kongelege seriar er i vinden for tida. Den britiske Netflix-serien «The Crown» er kjempepopulær og har vunne mange prisar.

Ideen om å lage tv-serie om prinsesse Märtha kom lenge før «The Crown» blei kjent, og det er tilfeldig at dei kjem samstundes.

– Historia om kronprinsesse Märtha er underfortalt

Saman med manusforfattar Linda May Kallestein har Alexander Eik brukt seks år på å gjere grundig research på kronprinsessa under krigen.

– Informasjon om kong Haakon, kronprins Olav og regjeringa under krigen er ganske tilgjengeleg, medan Märtha si historie er underfortalt, fortel Eik.

Serieskaparar - riktig

SERIESKAPARAR: Produsent Silje Hopland Eik, serieskapar Alexander Eik og manusforfattar Linda May Kallestein.

Foto: Cinenord

Dei har blant anna søkt gjennom det privateigde arkivet ved Det norske kongehus, Slottsarkivet i Stockholm og Franklin D. Roosevelts presidentarkiv utanfor New York for å finne informasjon. I tillegg har han intervjua etterkommarar av ekteparet Roosevelt.

– Vi har snakka med barnebarna til Eleanor og Franklin D. Roosevelt, som hugsar kronprinsesse Märtha godt.

Vil ikkje røpe affære

Det har vore mange spekulasjonar om kronprinsesse Märtha og president Roosevelt hadde ein affære medan kronprinsessa budde i USA under krigen.

– Hadde dei to ein affære?

– Vi har sjølvsagt brukt seks år på å finne svaret på det spørsmålet. Vi veit at staben i det kvite hus kalla kronprinsessa «the president's girlfriend» og at ho var den personen presidenten brukte mest tid på under heile andre verdskrig. Men svaret på spørsmålet du stilte må du vente til du ser serien, seier Eik.

Innspeling av serien startar til hausten, og skal etter planen ha premiere på NRK i 2020.

Dramasjef i NRK Ivar Køhn har store forventningar til serien.

– Dette er ei spanande historie, og vi håper og trur det vil bli ein bra serie på NRK, seier Køhn.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska