Hopp til innhold

Ny Sherlock-sesong eksklusivt på Netflix

Rett over nyttår kjem den fjerde sesongen av «Sherlock». Men denne gongen er det strøymetenesta Netflix som har førsteretten på å vise serien utanfor Storbritannia.

Fansen har venta tolmodig på den fjerde sesongen av BBC-serien «Sherlock», og første nyttårsdag er ventetida over. Då blir den første av tre episodar i denne sesongen sendt i Storbritannia.

Men serien blir ikkje å sjå på NRK eller andre norske tv-kanalar på ei stund. Grunnen er at Netflix har skaffa seg dei eksklusive rettane til å vise serien utanfor Storbritannia. Og dei kjem truleg til å legge ut episodane fortløpande dagen etter dei har gått på BBC.

Tolmodige fans

Sherlock Holmes

Benedict Cumberbatch og Martin Freeman er klar for ein fjerde runde av BBC-serien «Sherlock».

Foto: BBC

Den første sesongen blei sendt i 2010, og så kom det nye sesongar nyttårshelga i 2012 og 2014. Det var difor venta at det skulle kome ein ny sesong i år, men den blei utsett til 2017. Men som eit plaster på såret fekk den tolmodige fansen ein julespesial for å korte ned ventetida.

Og no er spekulasjonane i gang om kva som skal skje i den fjerde sesongen av serien. Til BBC seier Benedict Cumberbatch, som spelar hovudrolla, at han elskar at fansen er så engasjert, men at han prøver å styre unna alle spekulasjonane.

– Eg kan ikkje ha for mange stemmer og innspel når eg arbeider. Eg må stole på regissørane, manusforfattarane og skodespelarane eg har rundt meg for å kunne lage det vi gjer.

Mørkare sesong

BRITAIN-ENTERTAINMENT-CINEMA-TALE OF TALES

Den britiske skodespelaren Toby Jones spelar skurken Culverton Smith i den fjerde sesongen av serien.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / Afp

Den fjerde sesongen skal vere mørkare enn dei tre tidlegare. Cumberbatch seier sesongen også går lenger enn tidlegare.

– Den testar grensene for det venskapen vi har blitt kjent med, og redefinerer også kven rollefigurane er. Det startar med eit smil, og blir mørkt som olje.

Spekulasjonane har også gått om at den fjerde sesongen blir den siste. Men det kan skuldast at Cumberbatch blei feilsitert i eit intervju.

– Du må sjå dei tre historiene i denne sesongen for å forstå kva eg eigentleg sa, som var at det kjennest som om noko i serien har kome til ein ende. Men som vi alltid har sagt, vi skal aldri seie aldri. Nyt heller det som kjem no i staden for å uroe deg over kva som kjem eller ikkje kjem i framtida.

Overskrift: Sherlock
Vidar Magnussen og Bjarte Tjøstheim parodierer tv-serien Sherlock. De har et ganske spesielt språk, og det viser seg at Sherlock er homofil. 
Medvirkende: Not specified
Kommune: Not specified
Fylke: Not specified
Land: Not specified
Tags: parodi; Sherlock Holmes; homofil; homo; engelsk; språk; autocorrect;

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters