Etter å ha fått avslag i to år, har journalist Lena-Christin Kalle endeleg fått innsyn i dokument som fortel dystre historier fra etterkrigsåra.
– Det er heilt openbert, at naboane vil ha denne kvinna sett bak lås og slå, seier journalist Lena-Christin Kalle.
1200 internerte kvinner
Leiren er riven for lenge sidan, men ein kan framleis sjå spor av grunnmuren.
Foto: Lena-Christin KalleOg naboane fekk det som dei ville, kvinna vart interert på Statens interneringsleir for kvinner på Hovedøya i Oslofjorden. Justisdepartementet gav samtykke til at kvinna kunne plasserast i leiren i opptil 90 dagar.
– Denne kvinna var tiltalt for tyskartrafikk, og ho vart internert 9. oktober 1945.
Vinteren 1945 sat det 1200 kvinner i leiren på Hovedøya. Men dette finn ein ingen informasjon om på Hovedøya i dag.
– Det er ein viktig del av vår historie, eg synest det er rart, seier Kalle.
Måtte kjempe for innsyn
Lena-Christin Kalle skal lage dokumentar om leiren på Hovedøya.
Foto: PrivatEtter å ha sett
for eit par år sidan, fatta journalist Lena-Christin Kalle interesse for historia.– Eg kontakta Riksarkivet for å få innsyn i Hovedøya-arkivet. Då fekk eg beskjed om at desse arkiva var klausulerte i 60 år til.
Men etter førespurnader til mange ulike departement har ho endeleg fått innsyn i dokumenta. No sit ho med store mengder materiale som fortel korleis personar, som den unge kvinna frå Vålerenga, opplevde etterkrigstida.
- LES ÒG:
Skulda på kjønnssjukdommar
I realiteten var det om lag 20 prosent av dei internerte kvinnene som hadde kjønnssjukdommar. Den eigentlege grunnen var om noko heilt anna.
– Det var eit veldig sterkt ynske og krav blant folk om å om å straffe desse kvinnene, og desse kjenslene vart langt på veg delt av styresmaktene, seier historikar Terje A. Pedersen.
– Desse kvinnene var dei einaste som ikkje fekk ei rettssak, eg synest ikkje det er ein rettsstat som Noreg verdig, seier Lena-Christin Kalle.
– Bra med meir merksemd
Helle Aarnes har skrive bok om tyskerjentene.
Foto: Lillebø, Jan M. / Lillebø, Jan M.Historikar og journalist, Helle Aarnes har skrive ein serie artiklar om tyskarjentene i Bergens Tidende, og også boka
.Ho synest det er bra at den no kjem ein dokumentar om interneringa av kvinnene på Hovedøya.
– Dette er sensitive historier, men det er av det gode at dei no opnar arkivet. Kunnskap er alltid av det gode.
Kvinnene som fekk barn med tyske soldatar har sett pris på å få snakke om denne perioden, fortel Helle Aarnes, som har intervjua mange av dei.
– Vi veit så lite om dei, dei vert ofte framstilt som prostituerte og angivarar. Det fanst nok også, men dei aller fleste var heilt vanlege jenter.
Justisdepartementet ynskte ikkje å uttale seg om denne saka til NRK.