Hopp til innhold

NRK.no er største norske nettstad

NRK.no har passert VG Nett for første gong, og er no størst på nett blant norske nettstader.

NRK.-no var det største nettstedet målt i antall brukere i forrige uke.

NRK.no passerte VG Nett førre veke mellom anna etter ein suksess med satsinga Hurtigruten: Minutt for minutt.

Medieforsker Kristian Tolonen

Analysesjef i NRK Kristian Tolonen fortel at NRK tapar mindre enn dei andre i fellesferien, og at NRK.no dermed passerer VG Nett for første gong.

Foto: Sjur Sætre / NRK
Hurtigruten på vei til Geiranger

Hurtigruten på veg til Geiranger. Mange var med på reisa via NRK sine nettsider.

Foto: NRK

I snitt var 717.000 personar innom NRK.no kvar dag sist veke, ifølgje uoffisielle tal frå Norsk Internett Panel.

Det var nok til at NRK passerte VG Nett for første gong.

Totalt var 4,9 millionar unike brukarar innom nettsidene til NRK. Det er ny rekord for NRK.no, og 300.000 fleire enn den førre rekorden frå for få veker sidan.

Rekorden og topplasseringa kjem som følgje av sommar og Hurtigruten, ifølgje analysesjef i NRK, Kristian Tolonen.

– All internettbruk stupar når fellesferien startar. Men NRK taper mindre enn dei andre, og det gjer oss størst, seier han.

Hurtigruten og Yr.no

– Det som har gjort at vi har halde oss oppe meir enn dei andre dei siste vekene, er Hurtigruten, streaming og NRK mobil. Eg veit ikkje sikkert kvifor sistnemde aukar, men det kan vere at mobil nettbruk aukar når sommaren kjem, og at PC-basert bruk stupar, forklarar Tolonen.

Rekordsendinga Hurtigruten: Minutt for minutt fekk fleire enn 600.000 til å klikke seg inn på nettsidene til NRK, medan Yr.no trakk 3,6 millionar unike brukarar til NRK.no.

Norsk Internett Panel starta sommaren 2010, og er ein måte å måle kor mange personar som brukar kvar nettside, i motsetning til andre målemetodar som viser kor mange nettlesarar som har vore innom. Panelet består av 5000 personar over 12 år, som er representative for nettbrukarar i Noreg.

I september 2010 klatra NRK.no opp på andreplass etter at denne målemetoden vart teken i bruk.

Sjølv om det ifølge Tolonen er grunn til å gratulere, er det ikkje sikkert at NRK er størst når dei offisielle tala kjem.

– Skilnaden på oss og VG er veldig liten. Når dei offisielle tala blir rapporterte om ca ein månad, kan det bli justert både i vår favør eller ikkje, seier han.

Han viser også til at VG Nett framleis kan vere større enn NRK.no på TNS si toppliste som blir målt på ein annan måte.

Fleire blir med vidare

Frank Gander

Frontredaktør for NRK.no Frank Gander fortel at NRK har fått med fleire og fleire vidare, og at det tyder på at NRK.no gir eit innhald som folk vil bruke igjen.

Publikum

Mange følgde Ski-VM i Holmenkollen i løypene, men også på NRK.no var trafikken stor.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX
Flom i Sendai, Japan

Jordskjelvet utanfor Japan og den påfølgjande tsunamien er ei av mange nyheitssaker som har trekt mange lesarar til NRK.no.

Foto: KYODO / Reuters

Ifølgje frontredaktør for NRK.no, Frank Gander, har NRK si nettsatsing dei siste åra vore viktig for å kunne kome i denne posisjonen.

– Vi har fått med oss heile NRK-huset til å ville satse på nett. Det gjeld alt frå distriktskontora, som gir nyheiter frå heile Noreg til heile Noreg, til breie satsingar som for eksempel Hurtigruten med streaming og interaktivitet, forklarer han.

Frå tidlegare tal har Gander sett at NRK.no veks på lojalitet, altså at fleire brukarar kjem tilbake etter å ha fått gode opplevingar. Han meiner det tyder på at NRK.no gir eit innhald som folk vil bruke igjen.

– Vi satsar på alt frå harde nyheiter til underhaldning, dokumentarar og kunnskap. Vi ser at når vi er gode på store nyheitssaker som for eksempel jordskjelvet i Japan eller ski-VM, så får vi ganske mange nye lesarar. Og så er det også mange som blir med vidare, seier han.

Ikkje mål om å vere størst

Etter at NRK la om nettsatsinga si for halvanna år sidan har veksten gått raskt. Det er derimot framleis er eit stykke å gå, fortel Gander.

– Vi har ein klar profil og veit kva vi skal vere og kva vi ikkje skal vere. Men vi vil også treffe yngre brukarar i 20-40-årsgruppa betre enn vi gjer no, seier han.

Sjølv om dei ferske tala er godt nytt for NRK, er ikkje det å vere størst det viktigaste for NRK.no, påpeikar Gander.

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv å vere størst. Vi har eit mål om å vere store, og det er fint å ha passert ein stor konkurrent som VG Nett, men vi er førebudde på at dei kan vere størst igjen frå neste veke, seier han.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.