Hopp til innhold

NRK tar sjølvkritikk for Amelie-saka

– Vi er stolte av mykje av dekninga, men for mange saker var vinkla på kjenslene til Maria Amelie, sa nyheitsredaktøren i NRK då saka vart behandla i Kringkastingsrådet i dag.

Maria Amelie

Pressedekninga av Maria Amelie-saka var enorm. I dag vart ei klage på NRK-dekninga behandla i Kringkastingsrådet.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Kringkastingsrådet var samla i dag for mellom anna å behandle ei klage om NRK-dekninga av Maria Amelie-saka. I klagen vert det hevda at saka har fått ei skeiv framstilling i NRK og media generelt, og at journalistane har gjort sitt ytste for at Maria Amelie skulle få bli i landet.

– Vi tar mykje sjølvkritikk på fleire områder, sa nyheitsredaktør i NRK, Stein Bjøntegård.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Styrt av politisk kamp

Stein Bjøntegård

Nyheitsredaktør i NRK, Stein Bjøntegård, møtte i Kringkastingsrådet i dag for å svare på kritikk av Maria Amelie-dekninga.

Foto: Halvard Sandberg / NRK

– Ein for stor del av dekninga fokuserte på kjenslene til Maria Amelie. Vi var også for mykje styrt av den politiske kampen og forsømte oss med å ikkje vere kritiske mot kritikarane, sa Bjøntegård.

Han framheldt at NRK aldri har inntatt noko klar haldning på leiarplass for eller imot om kvinna skulle få bli i landet, slik som mange aviser har gjort.

Sjå møtet i Kringkastingsrådet her: - Kringkastingsrådsmøte 10. mars 2011

– Sterkare emosjonelt inntrykk

Noko av kritikken NRK fekk frå medlemene i Kringkastingsrådet var at dei hadde gitt Amelie og støttespelarane hennar for mykje taletid.

– Vi brukte mange minutt på dei som forsvarte avgjerda om at Maria Amelie måtte reise også, forklarte leiar av samfunnsredaksjonen i NRK, Kyrre Nakkim.

– Men sjølv om vi bruker like mykje tid på dei, vil biletet av ei grinande kvinne gjere eit sterkare emosjonelt inntrykk på sjåarane enn det motsette, for eksempel ein statssekretær som brukar saklege verkemiddel, sa han.

«Bjellesauen»

Dei fleste medlemene i rådet uttalte seg om saka.

– Ser ein NRK under eitt, så var dekninga balansert. Men «bjellesauen» her er Dagsrevyen, som blir sett av heile Noreg. Eg meiner Dagsrevyen lenge var på Maria Amelie si side, kritiserte Frank Rossavik.

– Dekninga av kvardagsdramaet til Maria Amelie gav sjølvsagt god TV, og eg har full forståing for at NRK dekte det, meinte Knut Haavik.

Ifølgje Sylfest Lomheim var volumet på saka for stort.

– Nettverket til Maria Amelie var heilt uvanleg og det er då NRK må halde hovudet kaldt, sa han.

Har fått kritikk tidlegare

Førre gong diskusjonen kring mediedekninga av Maria Amelie-saka var oppe i media var det få redaktørar som tok sjølvkritikk.

Høyr debatt frå Kulturnytt i januar:

Trygve Hegnar var blant kritikarane og meinte at pressa dreiv kampanjejournalistikk og var mikrofonstativ for kvinna.

– Både Utlendingsnemda, Politiets utlendingsenhet og Regjeringa har fått grunngi sine standpunkt på ein grundig måte, uttalte Bjøntegård til fagbladet Journalisten då. Verken han eller nyheitsredaktør i Dagbladet, Alexandra Beverfjord, var einige i at dei dreiv kampanjejournalistikk.

Kva synest du om dekninga av saka? Diskuter her!

NRK har sett seg nødt til å stenge debatten på grunn av uakseptabel språkbruk i enkelte av innleggene.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift