Hopp til innhold

NRK kåra til Noregs mest populære arbeidsplass

For andre år på rad går NRK til topps på Randstads arbeidsgjevarundersøking. Nesten 4000 norske arbeidstakarar har svart på undersøkinga.

NRKs nye kringkastingssjef Vibeke Furst Haugen mottar prisen for mest attraktive arbeidsgiver fra sjef i Randstad, Eivind Bøe

Vibeke Fürst Haugen har sin første arbeidsdag som kringkastingssjef fredag. Torsdag tok ho på vegner av NRK i mot prisen for Noregs mest attraktive arbeidsgjevar 2022 frå administrerande direktør Eivind Bøe i Randstad Norway.

Foto: Randstad Norway

Det er fjerde gong HR- og rekrutteringsselskapet Randstad gjennomfører undersøkinga i Noreg. Dei nær 4000 arbeidstakarane får blant anna spørsmål om kvar dei helst vil jobbe, og kvifor.

For andre år på rad går NRK heilt til topps på kåringa, med Sopria Steria og Aker Solutions på andre- og tredjeplass.

Det gleder Vibeke Fürst Haugen, som har sin første arbeidsdag som kringkastingssjef i NRK fredag.

– Dette er ei enorm anerkjenning av den jobben som blir gjort av dyktige NRK-tilsette over heile landet. Det er moro at vi kjem så godt ut med så mange spurde. Og det er ekstra gøy at dette skjer to år på rad, seier ho.'

Scorar høgt på omdømme

Undersøkinga tek føre seg dei 75 største verksemdene i Noreg. I tillegg til å bli spurt om kvar ein helst vil jobbe, blir arbeidstakarane også spurde om lønn og motivasjon for å skifte jobb.

NRK scorar høgt på å ha interessante arbeidsoppgåver, eit godt omdømme, solid økonomi og eit godt arbeidsmiljø.

Les også Derfor får du ikkje jobben

Jobbsøker

Administrerande direktør i Randstad Norway, Eivind Bøe, trekker særleg fram det gode omdømmet som eit fortrinn for NRK.

– Det er svært hyggeleg å sjå at NRK scorar så høgt på omdømme, med tanke på selskapets samfunnsoppdrag. I eit tid der omdømme og tilliten er under press over heile verda, både til styresmakter, media og generelt, så er det svært gledeleg at NRK scorar heilt på topp på nettopp denne faktoren seier han.

Den påtroppande kringkastingssjefen er også glad for at mange har trekt fram interessante arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø som ein grunn til at dei gjerne vil jobbe i NRK.

– Vi har eit mål om å levere innhald i verdsklasse. Og skal vi klare det, er det ei føresetnad med godt arbeidsmiljø og flinke folk, seier ho.

Krevjande rekruttering

NRK er einaste medieverksemd blant dei ti mest populære verksemdene i undersøkinga. Men også andre norske mediehus er populære arbeidsplassar. Den siste tida er det fleire medium som har rusta opp satsingane sine både når det gjeld dekking av nyheitshendingar og undersøkande journalistikk.

Les også Vibeke Fürst Haugen blir ny kringkastingssjef

Vibeke Fürst Haugen

Det er difor viktig for NRK å halde fram arbeidet med å stå fram som ein attraktiv arbeidsplass, også i framtida, seier Haugen.

– Vi merker at det er ein kamp om talenta, både i mediebransjen og i teknologibransjen. I NRK er det over 100 yrkesgrupper som jobbar i tverrfaglege team. Det gjer det morosamt og spennande å jobbe i NRK. Og så håper eg at denne prisen gjer at enda fleire blir nysgjerrige på NRK som arbeidsplass.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.