Hopp til innhold

Derfor får du ikkje jobben

Det kan vere ekstra utfordrande å få jobb akkurat no. For å stikke deg ut blant mange søkjarar, bør du ikkje gjere desse seks tabbane.

Jobbsøker

Det tek tid og krefter å skrive ein god søknadstekst og CV. Med nokre få grep kan du gjere det endå betre.

Foto: Ida Laingen / NRK

Det kan vere frustrerande å søkje mange jobbar utan å kome på eit einaste intervju.

Du har kanskje gjort nokre feil? Her viser to jobbekspertar seks grunnar som kan ha øydelagt for deg i søknadsprosessen.

1. Du sender av garde ein standardtekst

Ein risiko ved å bruke standardtekst er at søknaden blir for generell. Den viser ikkje kvalifikasjonane dine og motivasjonen din godt nok for den aktuelle stillinga.

– Du går glipp av ei gyllen moglegheit til å selje inn korleis du tenkjer å bruke kompetansen din og dine personlege eigenskapar til å løyse arbeidsoppgåvene i akkurat denne jobben.

Det fortel Sølvi Killie. Ho er seniorrådgivar i Kompetanse Noreg si avdeling for karriererettleiing.

Erfarne arbeidsgivarar avslører ofte masseproduserte søknadstekstar.

– Dei kan tolke det som at du ikkje har sett deg godt nok inn i kva jobben går ut på. Noko som kan tyde på manglande motivasjon for stillinga, seier ho.

Gjennom søknaden må du vise at du er ein god match på det arbeidsgivar søkjer etter.

2. Du skriv ikkje noko om arbeidsgivar

Du bør vite noko om visjonen, kulturen og måla til bedrifta. Korleis kan du hjelpe dei? Kva kan du bidra med?

– Du bør setje deg inn i arbeidsplassen, lese stillingsannonsen nøye og merke deg kva kvalifikasjonar stillinga spør etter.

Det seier spesialrådgivar Sarah Kornelius, som jobbar med rekruttering ved Oslo universitetssykehus.

– Men kandidaten skal ikkje berre leggje vekt på arbeidsgivar. Dei må òg gjere ein innsats for å vise fram kvalifikasjonar og erfaringar, seier ho.

Du bør skrive ein søknad som er tilpassa stillinga og ha ein oppdatert og ryddig CV.

– Motivasjonen din for å søkje stillinga må òg komme klart fram, seier ho.

3. Du har for mange skrivefeil

Som hovudregel bør ein prøve å unngå skrivefeil i CV og jobbsøknad.

Arbeidsgivarar vektlegg dette ulikt. Her kan jobbinnhald og bransje spele inn.

– Dei kan òg ha ulik toleranse ut frå alderen til søkjar, utdanning og etnisitet, seier Killie.

Dersom krava til god skriftleg framstillingsevne er nemnd i stillingsannonsen, må ein vere ekstra på vakt.

– Då kan i verste fall skrivefeil bli avgjerande for om ein blir innkalla til intervju eller ikkje, seier ho.

Skrivefeil kan oppfattast som slurv eller at du ikkje bryr deg nok om å få jobben.

CV

Eit godt tips kan vere å få nokon til å lese gjennom før ein sender frå seg CV-en og søknaden.

Foto: Anette Torjusen / NRK

4. Du er for audmjuk eller for eplekjekk

I nokre jobbar kan det vere ein fordel å vere frampå. I andre jobbar krev ein ei meir audmjuk haldning.

Viss du er for audmjuk kan du risikere å underselje deg sjølv. I verste fall kan du bli oppfatta som dårlegare kvalifisert enn du i realiteten er.

– Er du for eplekjekk kan du til dømes oppfattast som lite truverdig, ein dårleg lagspelar eller ikkje passe inn i arbeidsmiljøet, seier Killie.

Så lenge informasjonen er relevant og interessant for arbeidsgivar, vil han kunne hjelpe deg til å bli lagt merke til.

– Men hugs at du må kunne stå inne for det du skriv, både i intervju og ein eventuell jobb seinare, seier Killie.

5. Du verkar feilkvalifisert

Skal du inn i ein ny bransje? Då er det ekstra viktig å tenkje på kva du bør ta med i søknaden frå tidlegare jobbar og utdanning.

– Du bør jobbe litt med korleis du presenterer kompetansen din på ein forståeleg måte til eit nytt fagmiljø. Og vise at ho er relevant òg på dette feltet, seier Killie.

Du kan oppfattast som feilkvalifisert fordi den som rekrutterer ikkje forstår innhaldet i andre typar utdanningar eller bransjar.

– Hjelp den som rekrutterer til å forstå dei tidlegare arbeidsoppgåvene dine ved å unngå å bruke for mange faguttrykk, seier ho.

Vis òg at du skjøner kva den nye jobben går ut på. Og at du passar inn med bakgrunnen din.

6. Du skriv for kort eller for langt

Arbeidsgivarar set pris på ein godt gjennomarbeidd og ikkje for lang søknad, særleg om søknadsbunken er stor.

– Søknader som overskrid ei side kan oppfattast som for dårleg gjennomarbeidd, seier Killie.

Ved for lange søknader er det fare for at lesar mistar interesse undervegs. Og at dine sterkaste argument druknar i mengda av informasjon.

Skriv du søknaden for kort, kan arbeidsgivar få eit for dårleg grep om kven du er. Og intervjuet glepp av den grunnen.

– Les nøye gjennom søknaden for å unngå gjentakingar. Søknaden skal ikkje vere ei attgjeving av CV-en. Den skal gi eit bilete av kva du kan bidra med i jobben framover, seier ho.

Det du eventuelt fjernar frå søknaden kan takast fram igjen og brukast under intervjuet.

Lykke til!

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)