Hopp til innhold

Norsk designar til moteveka i Paris

Nina Skarra fekk telefonen alle designarar drøymer om: Tilbod om å vise på den mest prestisjetunge moteveka i verda. Det har berre skjedd eit fåtal norske moteskaparar.

Nina Skarra

Nina Skarra fekk oppmerksomhet i internasjonal presse etter at kona til Colin Firth, Livia, valgte Nina Skarra til Bafta-utdelinga.

Foto: Scanpix/Privat

Skarra fekk tilbod frå arrangøren bak moteveka i Paris om å vise som ein av 15 designarar i eit spesielt mote-og kunstprosjekt, som er del av det offisielle programmet.

Met Costume Gala

Designar Stella McCartney er fast inventar under moteveka i Paris.

Foto: Evan Agostini / Ap

– Det er kjempespennande og stort! Arrangørane sa at dei likte designen min, og at det var grunnen til at dei gav meg tilbodet. Nokre av dei største, unge designarane i verda er plukka ut. Det er store merker som er blitt spurt, seier Skarra til NRK.no.

Ho kan ikkje røpe dei andre namna, sidan dei ikkje har takka ja offisielt enno.

Det er på moteveka i Paris store namn som Christian Dior, Stella McCartney, Chanel og Valentino viser fram kolleksjonane sine.

– Svært sjeldan

Mette-Marit

Nina Skarra står også bak kjolen kronprinsesse Mette-Marit brukte i dronning Margrethe av Danmark sin 70-årsfeiring i fjor.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Skarra fortel at arrangørane vil prøve ut ein ny måte å vise kolleksjonar på, og at visninga blir ein mellomting mellom dei tradisjonelle catwalkshowa og pressevisningane, der pressa får sett nærmare på plagga.

Kvar designar får samarbeide med ein kunstnar og Skarra har allereie byrja å tenkje på kven det skal bli.

Les også:

– Det er kjempekult å få tilbodet og det er sjølvsagt noko eg har lyst å vere med på. Men eg må finne både ein økonomisk og kunstnarisk partnar, seier Skarra.

Mote- og trendredaktør i Henne, Lisbeth Guldbrandsen, kan berre hugse to andre norske designarar som har vist i Paris dei siste 20 åra. I 1993 viste Pia Myrvold sin første kolleksjon der. Også Julie Skarland har vist fleire gongar i Paris, den siste gongen i 1998.

Kjole designet av Nina Skarra

Kjole designa av Nina Skarra. Hennes moteredaktør meiner designen hennar er prega av skulpturelle former.

– Dette er stort og ei spanande moglegheit for Nina Skarra. Det er svært sjeldan at norske designarar blir plukka ut til moteveka i Paris, seier ho til NRK.no.

– Dei største talenta

Ho meiner arrangørane bak moteveka i Paris er svært dyktige til å plukke ut og presentere nye designnamn.

– Det er dei største talenta og ei god blanding av ulike designarar som får vise der. Arrangørane har vore dyktige til å hente inn utanlandske designarar og moteveka i Paris har blitt ei gryte av kreativitet, seier ho.

Slik skildrar ho designaren:

Nina Skarra

Nina Skarra opplever stor internasjonal merksemd om dagen.

Foto: NRK

Nina Skarra har ønska å satse i utlandet lenge og eg trur det er klokt å sjå utanfor Noregs grenser, slik ho gjer. Designen hennar er kjenneteikna av skulpturelle former og ho har ein spanande måte å bruke stoffa på, nesten litt arkitektonisk, seier Guldbrandsen.

Skarra har fleire høgståande klientar i Hollywood, mellom anna Penelope Cruz og Livia Firth, og blir mykje brukt på den raude løparen. Ho er representert med PR-agentar i Los Angeles og Paris, men har sjølv base i Oslo.

Les: Norsk kjole på BAFTA-løparen

Moteveka i Paris går av stabelen frå 26. september til 5. oktober, som den siste av dei store motevekene. Det er vår- og sommarmote for 2012 som blir vist her.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor