Programleiaren i Norge Rundt, Øystein Skotte, vaks opp med E6 som nærmaste nabo. Som liten gut sat han i vegkanten og skreiv bilnummer og såg vogntoga suse forbi. Store, blanke og med skinnande lys, på full fart ut i verda.
Køyrelærar Dagfinn Alvsvåg
- Eg trur det var der at draumen om å bli trailersjåfør oppstod, seier Øystein.
Pass på fortauskantane
Nå vart det aldri trailersjåfør av han. Men ønsket om å få prøvekøyre den aller største redskapen, det er framleis sterkt. I Norge Rundt denne veka får Øystein nybyrjarhjelp av køyrelærar Dagfinn Alvsvåg på Stord.
- Det viktigaste er å hugse på kor lang bilen er, seier Dagfinn.
- Det er fort gjort å barbere fortauskantane i dei skarpe svingane. Dessutan må ein venne seg til å ta ein større del av vegen enn ein gjer med vanleg personbil.
Tøffe arbeidstilhøve
Programleiar Øystein Skotte.
Øystein er opptatt av at trailersjåførane gjer ein utruleg viktig jobb.
- Dei er som blodårene i kroppen – dei fraktar gods og varer, og sørger for liv i alle delar av landet. Men det er neppe ein dans på roser. Dei har tøffe arbeidstilhøve, jobbar dag og natt, har knapt tid til å vera heime hjå familien, seier han.
- Men tenk på det: Kva hadde Finnmark vore utan fisketrailarar? Eller Sunnmøre utan sjåførane som fraktar møblar over heile Europa?
Det vanskelegaste til sist
Til å byrje med går det ganske bra for programleiaren og det digre vogntoget. Men Dagfinn har spart den verkeleg store utfordringa til slutt…
Korleis det går ser du på Norge Rundt, NRK1, fredag 12. desember klokka 19.30.