Pause i skattejakta. Foto: Leif A. Steinsland
Denne eventyrlige historia starta i Frankrike i 1792, då rasande folkemassar storma kongeslottet Tuileriene i Paris.
Midt under tumultane stal franskmannen Armand Andrieau og amerikanaren Gilbert Imlay deler av dei franske kronjuvelane. Frykt for fransk politi og agentar gjorde at de rømte nordover i Europa og hamna etter kvart i Troms.
På vegen kom dei til bygda Strupen i Troms kor det på denne tida budde flyttsamar. I Strupen la dei framande seg etter dei unge samejentene, og då dei samiske mannfolka oppdaga dette vart dei både fornærma og sinte.
Drep utlendingane
Då dei også fann juvelane i reisebagasjen til dei framande kom dei fram til ein nådelaus dom. Samane bestemte seg for å drepa utlendingane. Ei mørk natt tok dei livet av dei framande medan dei sov, og gjømte lika i ei steinur.
Same natt vart juvelane senka på hemmelig stad ute på vatnet.
Har leita i 40 år
I førti år har Magnvald Steinhaug jakta på denne skatten. Med vasskikkert på Joksavatn eller med metalldetektor inne på land.
Finn me skatten?
Sjå Norge rundt, NRK1 fredag klokka 19.30