Hopp til innhold

Norge Rundt i Grandiosaland

Grandiosa-pizzaen er blitt kjempesuksess....akkurat som Norge Rundt. Difor reiste Norge Rundt til Grandiosabygda for å finna ut korleis Grandiosaen blir til.

Grandiosa i lange banar
Foto: Geir Rommetveit / NRK

 Tok ein sjanse

”Ja, klart me kan laga pizza”, svara fabrikksjef Ivar Moss i 1979 då han vart spurd pr telefon av konserndirektøren. Situasjonen var den at 75 tilsette ved fabrikken i Stranda stod i fare for å missa arbeidet.

Pizzadeigen klar for "kjevling"
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Men Ivar Moss ante ikkje kva pizza var då han svara ja. Han la på telefonrøyret, snudde seg til kona og spurde:”Kva pokker er pizza?”

Nå veit alle her i landet kva pizza er, og storslagaren Grandiosa er den klart mest selde frosenpizzaen både i Norge, Sverige og Danmark.

200.000 Grandiosa pr døger

I løpet av eit år lagar dei nærare 40 millionar pizzaer ved dei to fabrikkane i ”Grandiosa-bygda” Stranda på Sunnmøre.

Fabrikksjef Hans Jostein Langelo ved oreganolageret
Foto: Geir Rommetveit / NRK

45 tonn mjøl, 34 tonn ost, 25 tonn kjøt, 7 tonn tomatkonsentrat og masse gjær blir brukt bare på ein produksjonsdag. Dessutan diverse krydder. Då Norge Rundt var på fabrikken i Stranda, såg me mange sekker med oregano og persille, men dei påstod at dei hadde fleire hemmelege sekker som inneheld forklaringa på den spesielle Grandiosa-smaken.

Pepperonipølse, Inger Årvik og programleiaren
Foto: Trond Baugstø / NRK

Fabrikksjef Hans Jostein Langelo meiner det er den milde smaken på Grandiosaen som gjer at så mange kjøper han. Operatør ( eller pizzakjerring, som ho kallar seg) Inger Årvik meiner suksessen skuldast at Grandiosaen ikkje smakar noko særleg, og at det då er lett for alle som ønskjer det å tilføra den smaken dei vil.

 

Tomatsaus og ost blir tilført automatisk
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Gullringen stansa produksjonen

For eindel år sidan føregjekk det meste av pizzaproduksjonen meir manuelt enn i dag. Nå er der fleire robotar som har gjort at talet på tilsette stadig har gått ned. I dag er der 150 tilsette.

På den tida då paprika og ost vart lagt på med menneskehender, var det ei kvinne som var uheldig og mista gifteringen sin oppå ein pizza på samlebandet. Pizzaen forsvann vidare på bandet, produksjonen måtte stansast og alle tilsette i gang med å leita etter gullringen (som vart funnen før pizzaen kom ut i butikk).

I dag er der metalldetektor som kastar ut pizza som inneheld metall. Me ofra ringen vår, plasserte ein sølvring i ein pizza………og kva som skjedde får du sjå på

Norge Rundt på NRK 1 fredag kl 19.30

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.