NRK Meny
Normal

Du kan skaffe deg hatten på Ebay

Prinsesse Beatrice kvittar seg med hatten som er blitt døypt «den største motetabba i år».

BRITAIN-ROYALS-MARRIAGE

Prinsesse Beatrice (til venstre) skal selje denne hatten på Ebay til inntekt for Unicef. Det er uvisst om systera Eugenie (i blått) vil gjere det same.

Foto: Warren Allott / Afp

I eit intervju med Oprah Winfrey i går uttalte hertuginna av York, Sarah Ferguson, at dottera Beatrice skulle selje hatten, som er signert den respekterte hattemakaren Philip Treacy.

– Ho legg den ut for sal på Ebay for å samle inn pengar til Unicef og barn i krise, sa Ferguson, ifølgje The Telegraph.

Antrekka til prinsesse Beatrice og systera Eugenie vakte stor oppsikt under det kongelege bryllaupet i Storbritannia. Dei fekk slakt av dei fleste motekritikarane.

– Hatten var ikkje spesielt flatterande, sa Kathrine Sørland til NRK.no, men gav det totale antrekket til Beatrice terningkast fire.

Les alt om det kongelege bryllaupet:

Glad for kontroversen

Prinsesse Beatrice og hennes søster Prinsesse Eugenie ankommer Westminister Abbey.

Prinsesse Eugenie og Beatrice hadde pynta seg i hatt til det kongelege bryllaupet i Storbritannia. Ikkje alle syns det var like stilig.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Hatten har fått kultstatus på Internett. Bloggar, Twitter og Facebook har vore fylt med syrlege kommentarar om den oppsiktsvekkjande, kreativt utforma hatten. 136.000 har meldt seg inn i Facebook-gruppa som er dedikert til hatten.

Fleire manipulerte foto er lagt ut på Internett, nokre forestiller president Barack Obama i den, andre har klipt inn ein katt eller eit toalett i den store hatten.

Prinsessa har forsvart hatten i etterkant.

– Eg er glad den skapte så mykje kontrovers, sa ho til magasinet Grazia nyleg.

Mannen bak kreasjonen, Philip Treacy, stod bak dei fleste av gjestane sine hattar i bryllaupet, inkludert Victoria Beckham sin, som i motsetnad til prinsesse Beatrice fekk mykje skryt for antrekket sitt. Treacy forsvarar hattane han lagde til Beatrice og Eugenie.

– Eg synest dei såg vakre ut. Det handlar om å få dei til å føle seg som ein million dollar, sa han til Grazia.

Kva syns du om hatten? Legg inn din kommentar her!