Endeleg var den lange ventetida over og vi fekk sjå brudekjolen til Kate Middleton. Det har vore mange rykter rundt kven som skulle designe den og bruda har klart å halde det hemmeleg heilt fram til i dag.
Eitt av rykta viste seg å stemme: Sarah Burton, sjefsdesignar i Alexander McQueen, står bak den lange, kvite kjolen. Den har blondeslør, lange blondearmar og V-hals. Fleire trekkjer parallellar til Grace Kelly og Audrey Hepburn.
– Ho ser ut som Grace Kelly. Den er akkurat kva eg hadde håpa på; kroppsnær med blonder. Ho er utruleg vakker, seier Kathrine Sørland, modell og innehavar av brudesalongen Agape til NRK.no.
Kva synest du om brudekjolen? Diskuter nederst i saka!
Respekt for tradisjonar
Kate Middleton valde denne designaren på grunn av handverket deira, respekten for tradisjonar og designarbeidet. Middleton ville kombinere tradisjon med det moderne og den kunstnariske visjonen til Alexander McQueen. Ho jobba tett saman med designar Sarah Burton i arbeidet med kjolen.
Sissel Hoffengh, journalist og motespaltist i Dagsavisen, meiner Middleton ikkje kunne valt nokon andre enn McQueen.
– Det er ein nydeleg kjole med eit snev av retro. Det er typisk McQueen, med trangt korsett, fokus på hoftene og viktoriansk preg. Ho hedrar britisk design, samtidig som ho hyllar designaren Alexander McQueen som gjekk bort i fjor, seier ho til NRK.no.
– Kunne vore meir ekstravagant
Også Elle-redaktør Signy Fardal synest kjolen er fantastisk.
– Majestetisk, moderne, men samtidig romantisk. Den er ei vordande dronning verdig. Men ein kunne nok venta at kjolen ville vere meir ekstravagant, sidan det kjem frå dette motehuset, seier ho til NRK.no.
Redaktøren meiner Kate Middleton kan vente seg kredibilitet blant motefolket for sitt val av kjole og motehus.
– Det er eit slags «fashion statement». Normalt sett vel kongelege bruder anonyme kjoledesignarar, bortsett frå den greske kronprinsessa Marie-Chantal, som valde Valentino, seier ho.
Lagde dressar til Charles
Designen til Burton byggjer på tradisjon og gir med snittet og broderia kjolen ein feminin og moderne karakter, ifølgje den offisielle nettstaden for det kongelege brudeparet.
Sarah Burton overtok som sjefsdesignar i Alexander McQueen i fjor, etter at McQueen tok livet sitt. 35-åringen frå Manchester har fått mykje skryt for kolleksjonane sine. Ho vart sett utanfor hotellet til Kate Middleton i går kveld, så det er ikkje heilt uventa at kjolen var signert henne. Det er heller ikkje første gong ein britisk kongeleg kler seg i McQueen, fortel Sissel Hoffengh.
– Alexander McQueen vart kalla «badboy» i moteverda. Han starta karriera si som skreddar på Saville Row og leverte dressar til prins Charles. Det ryktast at han sydde inn grove kommentarar i fôret på jakkene til prins Charles, seier Hoffengh.
Tiara lånt av dronninga
Tiaraen er lånt til Middleton av dronninga. Den er laga av Cartier i 1936, og vart kjøpt av Hertugen av York (seinare kong George IV) til dronningmora tre veker før han vart utnemnt som konge.
– Det har vore mykje spekulasjon rundt om Kate kom til å bere tiara eller ei. Ho ønska å ha blomster i håret, men er det ein dag du kan gå med tiara er det den dagen du giftar deg med prins William, seier Sissel Hoffengh.
– Sminka er fin, men viss eg skulle pirke på noko, så er det håret. Det var rett og slett kjedeleg. Men Kate er utruleg vakker, så det er egentlig ikkje så farleg, seier Signy Fardal.
Skoa var også laga av Alexander McQueen og brodert for hand av Royal School of Needlework.
LES:
SJÅ VIDEO: Moteekspertane uttalar seg
– Ei stor ære
Også dei engelske moteekspertane er nøgde med kjolevalet.
«Fantastisk, moteriktig og eventyrleg. Ho såg ut som ein kombinasjon av ei moderne prinsesse og Grace Kelly,» skriv den mest respekterte britiske motekommentatoren, Hillary Alexander i The Telegraph.
Designaren sjølv, Sarah Burton, uttalte til britiske Vogue at det var ei ære å få jobbe med Kate Middleton.
– Det har vore ei oppleving for livet og eg har nytt kvar augneblink. Det var ei stor ære å bli spurt og eg er svært stolt av kva eg og Alexander McQueen-huset har oppnådd, sa Burton.
Fleire detaljar om kjolen finn du HER