Hopp til innhold

Hirsi Ali: – Ytringsfridomen er under press

Ayaan Hirsi Ali lever framleis under konstant overvaking. Den islamkritiske filmskaparen og tidlegare politikaren frå Nederland meiner Norge må få ein strengare innvandringspolitikk.

Dagsrevy-sak om den danske og den norske innvandringsministeren og islamkritikeren Ayaan Hirsi Ali, som vil gjøre et felles fremstøt.

I OSLO: Den nederlandske aktivisten Ayaan Hirsi Ali var invitert til Oslo av innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Ayaan Hirsi Ali er av Sylvi Listhaug invitert til Norge saman med den danske innvandringsministeren Inger Støjberg for å planlegge eit felles framstøyt.

Framleis lever Hirsi Ali under konstant overvaking, 12 år etter at ho, i samarbeid med den kontroversielle regissøren Theo van Gogh, laga filmen «Submission».

Theo van Gogh med en sigarett i munnen

DREPEN I 2004: Den kontroversielle regissøren Theo van Gogh vart drepen etter at han lagde ein islamkritisk film saman med Ayaan Hirsi Ali.

Foto: WILLEM TEN VELDHUYS / AP

Berre nokre få månader etter at filmen, som handlar om kvinnemishandling i muslimske miljø i Nederland, kom i 2004, blei Theo van Gogh skoten og drepen på open gate av ein radikal muslim.

Toppmøte i Oslo

Frå før er det tett kontakt mellom den norske og den danske innvandringsministeren. Men også den tidlegare nederlandske politikaren Ayaan Hirsi Ali var fredag invitert til toppmøte i Oslo. Dei meiner ytringsfridomen er sett under press.

Den somalisk-fødde forfattaren og aktivisten kjenner det sjølv dagleg på kroppen kva det kostar å sei si meining.

– Det er ikkje hemmeleg at eg er trua. Det fortel noko om ytringsfridomen i dag, den er trua av radikale islamistar. Eg kan ikkje gjere jobben min og eg kan ikkje snakke om kvinners rettar utan å bli trua, seier Hirsi Ali til NRK.

– Innvandringspolitikken er lite planlagt

Hirsi Ali, som er tidlegare parlamentsmedlem i Nederland, ser i likskap med dei norske og danske ministerkollegaene faresignal for ytringsfridomen.

– Eg meiner det er veldig forståeleg at dei ønskjer å stenge grensene. Den tilstrøyminga vi nå ser frå Afrika, Midtausten og Sør-Asia er så overveldande at det kjem til å skape store vanskar. Det skaper allereie store vanskar. Du kan ikkje ha ein fornuftig innvandringspolitikk viss du ikkje kontrollerer grensene. Akkurat nå er innvandringspolitikken spontan og lite planlagt, seier Hirsi Ali.

Etter dagens møte i Oslo er dei tre einige, dei vil starte ein ny debatt, den begynner på ein konferanse neste år.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters