Hopp til innhold

Klaga på kloakklukt i springvatnet – gjorde funn av tarmbakteriar

Bebuar ved asylmottak klaga på ekkel kloakklukt på drikkevatnet. Nå har dei funne årsaka.

Mottaksleder ved Sel mottak ved vannvogna

ENGSTELEGE BEBUARAR: – Dei synest det er skummelt. Dei er ikkje vane med å drikke frå kran, dei kjøper vatn. Men dei har fått god informasjon, seier mottaksleiar Else Marit Tørmo.

Foto: Even Lusæter / NRK

I vel ein månad har vatnet ved Sel asylmottak vore misfarga, og både lukta og smaka rart.

I påska vart det stadfesta: Vatnet inneheld tarmbakteriar.

– Vatn med kloakklukt

NRK har fått innsyn i ein e-post der ein bebuar ved asylmottaket på Rondeslottet ber UDI om hjelp.

Springvatnet har ein «veldig sterk ubehageleg kloakklukt». Vatnet kan ikkje brukast til å vaske ting med eller dusje, også etter byte av vassfilter, blir det hevda.

Ifølge e-posten, som er datert veka før påske, har bebuarane bede om å få tilsendt drikkevatn i to veker, men dei har fått avslag frå mottaket.

Dei 180 bebuarane har i staden fått beskjed om å koke vatn til matlaging.

Fleire bebuarar skal, etter det NRK kjenner til, ha dratt til Otta for å kjøpe vatn.

Tilhenger med reine drikkevannskar utenfor Sel mottak (Rondaneslottet)

Årsaka til at det er tarmbakteriar i drikkevatnet på Sel mottak er framleis ukjent.

Foto: Even Lusæter / NRK

Lek frå avlaupsrøyr

Nå har mottaket sjølve funnet kjelda til forureininga: Lekkasje frå ei avlaupsrøyr, fortel Anna Andberg, avdelingssjef i Mattilsynet avdeling Gudbrandsdal.

Ho seier at mottaket nå har tetta lekkasjen, og at kloakklukta no skal vera borte.

Mottaksleiar vil ikkje kommentera til NRK at kjelda til forureininga er lekkasje frå ei avlaupsrøyr. Ho ber oss snakke med driftsoperatør.

Det har ikkje lykkast NRK å få tak i driftsoperatøren.

Snøfylt bilde av Sel mottak litt på avstand.

Sel mottak på Rondeslottet har plass til 200 personar. Det bur 180 der no, seier mottaksleiar.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ingen ideell situasjon

Anna Andberg, avdelingssjef i Mattilsynet avdeling Gudbrandsdal, seier dei fekk bekymringsmelding på springvatnet ved Sel mottak 7. mars.

Bekymringa skal ha gått ut på at vatnet lukta, smaka og var misfarga.

Nå har Mattilsynet gitt mottaket varsel om vedtak. Mottaket må sørgje for to ting:

  • Gjennomføre ei skriftleg kartlegging og plan for kva for farar det kan medføre at vatnet ikkje held god nok kvalitet.
  • Vurdere om trygginga av vasskjelda og området rundt er god nok, og om vassbehandlinga er god nok.

– Vassverkeigar skal levere helsemessig trygt, drikkevatn, seier avdelingsleiaren.

Kommuneoverlege i Sel kommune, Therese Renaa, seier at situasjonen ikkje er ideell.

– Folk skal jo ha reint drikkevatn, seier Renaa.

Les også Maryam (25) blir kasta ut av Noreg etter ni år: – Eg fryktar for framtida til barnet mitt

Maryam Khaled

Privat drikkevasskjelde

Drikkevasskjelda på mottaket er privat. Det er difor mottaket som sjølv har ansvar for at kvaliteten på drikkevatnet skal vere god, seier kommuneoverlegen.

– Det er eit problem mange stader at private drikkevasskjelder kan bli forureina i periodar. Difor blir det sårbart når ein ikkje er tilknytt kommunalt vassverk.

Regiondirektør i UDI, Siv Kjeldstrup, seier til NRK at bebuarar ved deira mottak skal ha tilgang til reint vatn.

– UDI har følgt opp situasjonen ved Sel mottak med driftsoperatør, som har ansvar for å skaffe reint vatn. Vi har fått bekrefta at drikkevatn er levert, og at driftsoperatør er i kontakt med kommuneoverlege for vassprøver.

– Normalt med myrlukt

Då NRK snakka med mottaksleiar Else Marit Tørmo i førre veke, sa ho at kloakklukta som blei skildra av bebuarane var myrlukt.

– Vi har hatt ulike fagfolk her som har undersøkt lukta, og det er heilt normalt med myrlukt ved tilsig til brønnen. Dette har vi forklart bebuarane fleire gonger, også før prøveresultatet på vatnet kom.

Ho seier også at inntil det blei påvist tarmbakteriar i vatnet, var tidlegare testar normale.

– Så lenge vi hadde fine prøver, så var det ingen grunn til å hente naudrasjonar med vatn. Da prøvene med dårlege bakteriar låg føre, fekk vi levert vatn frå Mysusæter inntil vi fekk tak i dei store tappekranane.

Hei!

Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

Flere saker fra Innlandet