Hopp til innhold

Nationaltheatret avlyser teaterstykke som ingen har sett

Nationaltheatret tek ned fem framsyningar som ikkje har blitt vist for eit publikum. Prislappen er på 8 millionar. – Respektlaust å kansellere noko ein har fått offentlege midlar for, seier Himanshu Gulati (Frp).

Elektriske, elektroniske tonar som i ein nattklubb. Blinkande lys. Skodespelarane dansar over golvet i rulleskøyter og fargerike drakter.

Mattis Herman Nyqvist, regissør, Jordopphimlesang.

Mattis Herman Nyqvist, regissør Jordopphimlesang.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Teaterframsyninga Jordopphimlesang skulle eigentleg ha premiere 4. mars, men etter eit halvt år med førebuingar bestemte Nationaltheatret seg for å ta det av plakaten – utan at nokon har fått sett det.

– Det følast svært uforløyst. Nesten som om ein har mislukkast, seier regissøren Mattis Herman Nyqvist, og held fram:

– No er det eigentleg berre ei lita rar hemmelegheit som vi har arbeida svært lenge med. Som ingen nokosinne har sett, eller skal sjå. I alle fall i dette rommet.

Ein smakebit på framsyninga Jordopphimlesang, som er tatt ut av repertoaret til Nationaltheatret før nokon i det heile fekk sett stykket.

Gjennom pandemien har teatera i hovudstaden så vidt vore opne for publikum. I februar reagerte teatersjefen for Det Norske Teatret på at ein kunna ha ti personar heime i stova, men ingen i ein gigantisk teatersal.

På grunn av strenge tiltak for å avgrense koronasmitte, har teatera i Oslo vore stengde sidan november og har ikkje hatt publikum i det heile i denne perioden.

Fleire teater har haldt teaterstykke varme i håp om at tiltaka snart skulle bli letta på. Og den 27. mai kom dagen. Då starta trinn to av gjenopningsplanen og teater, kinoar og museum kunne opne att.

Nationaltheatret

Nationaltheatret har ikkje funne ei ny hovudscene dei kan bruke medan bygget frå 1899 er under oppussing.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men Nationaltheatret har likevel sett seg nøydde til å avlyse ei rekke framsyningar.

Det gamle bygget frå 1899 er under oppussing og ei mellombels hovudscene er framleis ikkje på plass. Renoveringa skal ta 5–6 år totalt. Pandemien og mangelen på ei hovudscene har gjort det vanskeleg å planlegge.

Teatersjefen ved Nationaltheatret, Kristian Seltun forklarer at teaterproduksjonar blir planlagde 2–3 år fram i tid, og at produksjonane har hopa seg opp i speleplanen no under pandemien.

– Det er ikkje slik at vi berre kan flytte framsyningane, for det er eksterne team som kjem inn og lagar dei.

Fem tapte stykke

I løpet av koronapandemien har Nationaltheatret bestemt seg for å fjerne i alt fem teaterstykke som aldri har møtt eit publikum. Produksjonen av stykka har kosta i alt 8 millionar kroner.

Skodespelar Liv Osa frå teateroppsetninga Jordopphimlesang, som aldri blei vist for publikum. 
Ho er i ein stor betonghall med blålig lyst og har ei kyse på hovudet.

Skodespelar Liv Osa frå teateroppsetjinga Jordopphimlesang.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Kostyme, skodespelarar, lys. Teateret arbeida i eit halvt år med Jordopphimlesang og det kosta 1,5 millionar kroner.

Storsatsinga Jane Eyre, som eigentleg skulle bli spelt på hovudscena til Nationaltheatret, har også blitt tatt ut av repertoaret. Den kosta i alt 2,6 millionar kroner i produksjonskostnadar.

Den same skjebnen møtte Linda Vista, Tante Grønn, tante Brun, tante Fiolett og onkel Blå og Vi hjemløse.

Det Norske Teatret har også sett seg nøydde til å avlyse teaterstykka Slaveliv og Sprengd, som heller som aldri blei spelt for eit publikum.

Speleplanane til fleire av dei Oslobaserte teatera har endra seg mykje.

I delar av pandemien var det lov å spele for eit avgrensa publikum. Nokre stykke blei tatt ned rett etter premieren. Felles er at dei ikkje har nådd potensialet sitt. Andre stykke har fått nye premieredatoar.

– Som kjærleikssorg

Skodespelar Liv Osa er ein av skodespelarane som skulle vere med i stykket Jordopphimlesang.

– Det har vore ei kjærleikssorg no når vi ikkje skal få vise det til publikum.

Skodespelar Liv Osa frå teateroppsetninga Jordopphimlesang, som aldri blei vist for publikum. Ho er i ein stor betonghall med blålig lyst og har ei kyse på hovudet.

Liv Osa synest det er trist at ho ikkje får skine framføre eit stort publikum i stykket Jordopphimlesang.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Ho forklarer at det å ikkje ein gong ha premiere på noko ein har jobba så lenge med er tungt.

– Ein får liksom ikkje føde likevel. Det er merkeleg.

Men ho ser lyst på framtida til teaterstykket.

– Vi er optimistar. Kanskje vi får vist det fram ved eit anna høve, ein annan stad. For det er stoff som er moderne og som heilt sikkert har eit publikum, seier Liv Osa.

– Respektlaust

Himanshu Gulati er stortingsrepresentant for Frp og sit i Familie- og kulturkomiteen. Han er kritisk til pengebruken.

– Nationaltheatret som ein offentleg institusjon bør ha respekt for skattebetalarane sine pengar.

Han har forståing for at koronasituasjonen har påverka planane, men meiner der er betre alternativ enn å avlyse.

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati (Frp).

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Over heile Noreg er det masse bedrifter som har slite gjennom krisa. Medan teatera og kulturinstitusjonane har teke imot millionar av kroner i offentleg støtte. Dei burde difor tenke seg ekstra om i staden for å kaste vekk pengar brukt på førebuingar. Utsett heller førestillingane og vis respekt for skattebetalarane, seier Gulati.

Innrømmer sløsing

Slik svarar teatersjefen ved Nationaltheatret Kristian Seltun, på spørsmålet om ikkje arbeidet med Jordopphimlesang har vore ei sløsing av tid og pengar:

– Det er det heilt klart. Det er også difor vi legg oss veldig i selen på at det skal bli liv, sjølv om det ikkje blir akkurat det livet vi hadde sett for oss.

Kristian Seltun, direktør for Nationaltheateret i ein stor betonghall som dei skal bruke for framsyningar når Nationaltheateret er under oppussing.

Kristian Seltun, teatersjef for Nationaltheatret.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Seltun tok over jobben som teatersjef for Nationaltheatret i januar i år.

No lagar Nationaltheatret ein kunstnarisk kortfilm av Jordopphimlesang, som snart står att som det einaste minne etter framsyninga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.