Hopp til innhold

«Kokkejævel» får ikkje plass til alle gjestene: – Får gifta oss på H&M!

Bloggaren forstår ikkje korleis det kan vera lov med 120 personar på H&M, men berre 10 i kyrkja. Teatersjef skjønar ikkje kvifor han kan ha 10 i stova si og ingen i teatersalen. Fleire i kulturlivet stussar no over logikken i koronareglane siste året.

Kokkejævel Asbjørn Sandal saman med dama Christine Heitman Pedersen

OPPGITT: Blogginnlegget til «Kokkejævel» Asbjørn Sandøy om å gifta seg på klesbutikken Hennes & Mauritz har fått merksemd. Her er han saman med kjærasten Christine Heitman Pedersen.

Foto: privat

Måndag varsla byrådet i Oslo at dei ville letta på fleire av dei strenge koronatiltaka frå onsdag av. Men nok ein gong må kinoar og teater halda stengt, medan mange andre får opna.

I kyrkjer er det framleis berre lov med 10 personar over heile landet.

Fleire frå kulturlivet ser no tilbake på året som har gått og slit med å forstå logikken i koronatiltaka.

Bloggaren «Kokkejævel» Asbjørn Sandøy var klar for bryllaup i Nordlyskatedralen i Alta i mars med rundt 100 gjester. Men i den 2.000 kvadratmeter store katedralen er det for tida berre lov med 10 personar.

– Eg har full forståing for smittevern, men eg forstår ikkje kvifor det er meir smitte i eit digert kyrkjerom enn i butikkane, seier Sandøy.

Han er ein av fleire som etterlyser grunnar for kvifor kulturlivet og religiøse hus har vore nedstengt eller hatt veldig avgrensa kapasitet, samstundes som at store kjøpesenter og butikkar har kunna halde ope.

Teatersjef Erik Ulfsby i Det Norske Teatret

TOMT: Teatersjef Erik Ulfsby i Det Norske Teatret ser utover ein tom teatersal som vanlegvis rommar rundt 750 personar.

Foto: Ola Hana / NRK

– Ubehag i kulturlivet

– Eg synest det var paradoksalt at eg før jul kunne ha ti personar heime i ei forholdsvis avgrensa leilegheit, medan eg ikkje kunne invitera dei same ti ned i det kjempesvære lokalet for å sjå ei teaterframsyning, seier teatersjef Erik Ulfsby i Det Norske Teatret.

Som sjef for eit stort teater i Oslo, har han ikkje lov til å ha ein einaste person i salen.

Ulfsby meiner det ligg vel så godt til rette for å ta vare på smittevern i kulturlivet, som på til dømes store kjøpesenter.

– Det har bredt seg eit slags ubehag i kulturlivet over å oppdaga kor langt nede på prioriteringslista til politikarane me faktisk står, seier Ulfsby.

Vil hindra store samlingar

Ulfsby seier det gjer vondt å sjå at teateret hans er den einaste verksemda i kvartalet som må halda stengt. Han understrekar likevel at han unner alle verksemder å få halda ope om dei kan.

– Som med andre typar verksemder, må det gå an å differensiera og få same type vurdering i kultur-Noreg. Det må gå an å sjå an forskjellen på ein liten nattklubb og ein kjempesvær arena som det me har, seier han.

Erik Ulfsby

PLASS: Erik Ulfsby meiner det heilt klart er plass til publikum i salen deira på ein forsvarleg måte.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet fortel at det å hindra innandørs samling av menneske er eit viktig verktøy for å halda epidemien under kontroll.

– Faren er størst i små lokale med mange menneske med kort avstand, særleg visst dei pratar, syng eller skrik saman. Me er mindre redde for store salar der folk sit på sin tilviste plass, men også her er det gjerne ein del interaksjon ved inngang, utgang og i pausar.

I tillegg spelar det ei stor rolle at kulturarrangement ofte samlar folk frå ulike kommunar og geografiske område, fortel Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Dei fleste smitteverntiltaka handlar om å redusera kontakt mellom menneske fordi viruset smittar veldig lett mellom folk. Derfor er det dessverre nettopp dei aktørane som lever av å samla mange menneske det går mest utover, seier ho.

– Giftar oss på Hennes & Mauritz

For «kokkejævel» og kjærasten har planane om å gifta seg i den nordlegaste katedralen i Europa blitt lagt på is.

– Derfor måtte eg jo ut på vandring og sjå etter andre eigna lokale. Eg gjekk på Amfi, og der fann eg ut at Hennes & Mauritz er perfekt, for der er det akkurat plass til 120 folk. Der er det lov at 120 folk kan svirra rundt og både synga og velsigna og alt. Derfor fann eg ut at me giftar oss fakerten meg på Hennes & Mauritz.

Den halvsprø og ironiske ideen kom fram gjennom eit blogginnlegg, som også har blitt publisert i Vårt Land.

– Får du same idyll der trur du som i Nordlyskatedralen?

– Nei det gjer me ikkje, men ein kan kanskje få gode tilbod på skjorter, gjestene kan sleppa å kle på seg før dei kjem, så det er mykje praktisk også, ein må sjå positivt på det, seier han med eit glimt i auga og ler.

– Eg har fått så absurd mykje meldingar rundt omkring, for dette engasjerer verkeleg folk. Det er så viktige seremoniar dette her, det å kunna gifta seg og døypa ungane sine. Det er så viktig for folk.

Nordlyskatedralen i Alta

UVISSE: «Kokkejævel» og kjærasten drøymde eigentleg om å gifta seg her i Nordlyskatedralen i Alta. No er det uvisst om det skjer.

Foto: Gyda Katrine Hesla / NRK

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK