Espen Alnes/ Rikard Martinussen
Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein sier han må fjerne de tekstene han ikke kan bevise.
- På førespurnad må han dokumentere eigarhistoria. Bevisbyrden blir på han dersom det blir avslørt at det ikkje kan dokumenterast eigarhistorie på noko av det han har lagt ut. Då må han fjernet dette. Vi har også bede om at han også gir informasjon der det er diskusjon omkring dokumenta, slik at det ikkje skjulast men er ein open situasjon, seier Skarstein.
Omstridd samling

Martin Schøyen må no dokumentera eigarhistoria på dokumenta. Foto: NRK
Skriftsamlingane til Martin Schøyen er omstridde, mellom anna fordi det er usikkert korleis skriftene har hamna i Noreg. I september i fjor viste NRK Brennpunkt at delar av samlinga kan vere tjuvgods. Og i følgje Aftenposten i dag er dette ein viktig årsak til at samlinga no ikkje får forlenga leigekontrakten med Universitetet i Oslo.
I samband med avsløringane i Brennpunkt blei også Nasjonalbiblioteket kritisert. Delar av skriftsamlinga er lagt inn i en database som ein kan nå via nettsidene til Nasjonalbiblioteket.
Etisk rydding
Den gongen ville dei ikkje krevje at Schøyen skulle bevise kven som har eigd skriftene tidlegare, og fekk støtte av kulturministeren for dette synet. Men no har altså Nasjonalbiblioteket snudd fordi dei meiner det blir meir etisk ryddig. Og det meiner generalsekretæren i Norsk Museumsforbund, Terje Wigeland Nilsen, er positivt.
- Ulovleg handel av kulturgjenstandar er dessverre eit stort internasjonalt problem. Difor er eigarhistorie av avgjerande betydning. Vi snakker ikkje berre om formalias, men kanskje like mye om etikk. Så betre seint enn aldri, dette er veldig positivt, seier Wigeland Nilsen.
Kulturnytt, NRK P2, 27. januar 2005