Hopp til innhold

Myra og Alex Rosén er ute av Stjernekamp

Etter å ha sunge norske låtar på norsk, måtte Myra og Alex Rosén takke for seg. – Det har vore ei fantastisk reise, seier Alex Rosén til NRK

Alex Rosén og Myra på scena under laurdagens episode av stjernekamp. Dei måtte begge takke for laget.

GJEKK UT: Alex Rosén og Myra på scena under laurdagens episode av stjernekamp. Dei måtte begge takke for laget.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Norsk på norsk var eit av høgdepunkta i fjorårets sesong av Stjernekamp. For Myra og Alex Rosén vart det deira siste kveld på scena i musikkonkurransen.

Regina «Myra» Tucker klarte ikkje å overtyde sjåarane med sin versjon av «Diamanter og kirsebær» av John Olav Nilsen & Gjengen, trass i svært gode tilbakemeldingar frå dommarane.

– Det er svært trist, men eg er veldig glad for at eg fekk lov til å vere med so lenge, seier Myra til NRK.

Alex Rosén nådde heller ikkje fram med låten «Schwong» av Raga Rockers. Men han var i godt humør, sjølv om han gjekk ut.

– Det var herleg å endeleg gå ut, flirer han, med sarkasme i stemma.

Dette seier NRK sin musikkritikar om framføringane: Dype daler og høye topper i Stjernekamp

Men det har også vore ei kjensleladd reise for artisten.

– Det var svært emosjonelt og sterkt å syngje «Mil etter mil» av Jahn Teigen, for eg kjende han.

Dei er begge einige i at det har vore ei fantastisk reise, med eit godt lagspel mellom deltakarane.

Deltakarane som stod på scena i dagens episode av Stjernekamp

NORSK PÅ NORSK: Artistane som stod på scena i dagens episode av Stjernekamp.

Norsk kveld

I kveldens episode av Stjernekamp var det norsk kveld. Dei åtte artistane tolka musikk frå heile landet, frå fire ulike tiår. Pop, viser og rock var nokre av sjangrane ein fekk høyre.

Tuva Syvertsen og Christine Dancke var gjestar i dommarpanelet. Syvertsen har vore mentor for artistane denne veka og Dancke er kjend som programleiar, låtskrivar og musikkekspert. Den faste dommaren Mona B. Riise var også på plass.

Dette var bidraga frå laurdagens episode av Stjernekamp:

1. Knut Marius Djupvik

Første mann på scena var Knut Marius Djupvik, med sin versjon av Sondre Justad «Riv i hjertet». Romsdalingen song på dialekta si frå Tomrefjord.

Knut Marius Djupvik gjorde sin versjon av Sondre Justads «Riv i hjertet» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

2. Myra

Myra følte seg heime då ho kunne synge låten «Diamanter og kirsebær» av bergensbandet John Olav Nilsen & Gjengen.

Myra gjorde sin versjon av John Olav Nilsen & Gjengens «Diamanter og kirsebær» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

3. Odd Einar

Heile karrieren har Odd Einar sunge på engelsk, men i kveld song han «En natt forbi» av Jan Eggum. I publikum vart det tørka fleire tårer.

Odd Einar Nordheim gjorde sin versjon av Jan Eggums «En tatt forbi» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

4. Sandra Lyng

Sandra har gjort låten til Eva Weel Skram «Om du vil», som originalt er på sognedialekt, om til nordnorsk dialekt.

Sandra Lyng gjorde sin versjon av Eva Weel Skrams «Om du vil» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

5. Alex Rosén

Alex Rosén var endeleg på heimebane, då han fekk syngje rock and roll. Han framførte låten «Schwong» av Raga Rockers.

Alex Rosén gjorde sin versjon av Raga Rockers´ «Schwong» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

6. Ingeborg Walther

Bursdagsbarnet Ingeborg Walther song låten «Tenker på deg» av Gabrielle. Låten handlar om å gje slepp.

Ingeborg Walther gjorde sin versjon av Gabrielles «Tenker på deg» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

7. Emil Solli-Tangen

Emil Solli-Tangen gjekk for den ikoniske OL-låten «Se ilden lyse» av Sissel Kyrkjebø. Låten er ein av dei tinga han hugsar best frå barndomen, sa han før han gjekk på scena. Solli-Tangen hadde for anledninga fått med seg Alexander Rybak til å spele fiolin.

Emil Solli-Tangen sang OL-sangen fra 1994 under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

8. Vegard Bjørsmo

Låten «Gressholmen» av Kristian Kristensen minner Vegard Bjørsmo om ein barndom då alt var mykje lettare. Han song låten til seg sjølv som tolvåring.

Vegard Bjørsmo gjorde sin versjon av Kristian Kristensens «Gressholmen» under norsk på norsk-kvelden i Stjernekamp 26. september 2020.

Vanlegvis er det berrre ein som ryker ut av konkurransen kvar veke. Men på grunn av stemmetrøbbel i sendinga for to veker sidan, gjekk ingen ut då, so då måtte to ut i laurdagens sending.

Neste veke er det Hiphop som står på agendaen. Då er desse med vidare for å kjempe om å verte Noreg sin ultimate underhaldar:

Knut Marius Djupvik, Odd Einar, Sandra Lyng, Ingeborg Walther, Emil Solli-Tangen og Vegard Bjørsmo.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska