Hopp til innhold

Meiner Operaen driv med streikebryting

I dag gjekk 220 tilsette i kultursektoren ut i streik. Ein av førestillingane på Operaen som ifølgje Fagforbundet burde vore avlyst i kveld, går likevel som planlagt, det meiner dei er streikebryting.

Operaen i Oslo sommer

STREIK: Det er 54 tilsette ved operaen som vart tatt ut i streik.

Foto: Atle Markeng / NRK

– Dette vitnar om manglande respekt for streik som einaste lovlege kampmiddel for dei tilsette, seier Mari Røsjø, leiar i Fagforbundet teater og scene til NRK.

Ifølgje Fagforbundet skal leiinga ved Operaen ha valt å forskyve arbeidstida til tre tilsette for å gjennomføre ein konsert med Lise Davidsen og Freddie De Tommaso kl. 19 i kveld.

Det skjer etter at Fagforbundet, LO Stat, Creo og NTL i natt braut forhandlingane med arbeidsgivarorganisasjonen Spekter, etter å ha sete drygt to timar på overtid. Totalt 54 tilsette ved operaen er i første omgang tekne ut i streik.

Streik i kultursektoren – forestillinger avlyses

Dette reknar Fagforbundet som streikebryting, då leiinga set tilsette til å gjennomføre streikeramma arbeide.

– Alvorleg

Det er to lysteknikarar og ein lydteknikar som skal ha fått endra arbeidstida si for å utføre streikeramma arbeide, ifølgje Fagforbundet.

– Vi ser særs alvorleg på at leiinga ved Operaen på første streikedag set dei tilsette i denne situasjonen, seier Røsjø.

I ei pressemelding skriv Operaen at det er to førestillingar på Operaen som er påverka av streiken dei næraste dagane: Balletten «Kylian: One of a kind» laurdag er avlyst og konserten «Kork 75 år» søndag blir flytta til Oslo Konserthus. Medan konserten i kveld skal gå som normalt.

Røsjø i Fagforbundet fortel at dei visste om desse planane alt før streiken var eit faktum. Det kom fram i samtaler med leiinga i Operaen at dei ville gjere endringar for å få gjennomført konserten i kveld.

Medlemmene reagerer

– I samtalar med leiinga i Operaen blei det tydeleg at det er ulike syn på kva som er streikebryting. Etter det har vi også fått tilsendt oversikt over endring i arbeidstid. Der ser vi kven som har fått endra si arbeidstid for å kunne gjennomføre kveldens konsert.

– Korleis opplev dykkar medlemmer dette?

– Dei reagerer på at leiinga har denne framgangsmåten. Og vi får reaksjonar på at det opplevast som ubehageleg.

Ifølgje Røsjø skal også Operaen gjere det same neste veke for å få til eit anna arrangement.

– Vi har også sett planar for neste veke der leiinga vil endre arbeidstider for å få gjennomført ein OBOS-konferanse, seier Røsjø.

Ulikt syn

HR-sjef i Den Norske Opera & Ballett Trude Rostad meiner dei har retten på si side.

– Vi har gjort endringar i arbeidsplanar til tilsette som ikkje er i streik, endringar i arbeidstid er innanfor handlingsrommet til arbeidsgivar. Vi har vore i samtalar med fagforeiningane og er klar over at vi har ulikt syn på dette. Konserten i kveld vil gå som planlagd.

Rammer fleire

Streiken i kultursektoren påverkar fleire store kulturarenaer i Noreg. I dag blei også 28 tilsette ved Den Nasjonale Scene i Bergen tekne ut i streik. Det skal foreløpig ikkje påverke planlagde førestillingar.

– Vi håpa i det lengste på ei løysing for å unngå at publikum skulle bli ramma. Etter ein lang pandemi hadde vi no sett fram til å ønskja publikum velkommen på teateret igjen. Korleis streiken påverkar drifta framover blir vurdert fortløpande, seier teatersjef Stefan Larsson i ei pressemelding.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.