Edvardsen fyrst
Den fyrste som hoppa med fallskjerm i frå Kjerag var Stein Edvardsen i 1994. Sjølv om rykte går om nokre franskmenn som visstnok skulle ha hoppa mykje tidlegare, so er det Edvardsen som har det fyrste offisielle hoppet. Sidan hans fyrste hopp har rundt 1000 forskjellige hopparar utfordra Kjerag.
Fritt fall i 15 sekund
Fjellet har blitt veldig populært på grunn av den ville naturen, flotte utspranget, fine landingsplassen og ikkje minst det lange frittfallet, som er på omlag 15 sekund før dei må løysa ut skjermen.
40 minuttar å pakka skjermen
Sikring og førebuingar er veldig viktig for basehopparane. Dei har berre ein skjerm i sekken og har soleis berre ein sjanse på å få skjermen ut. Til vanlig pakkar ein erfaren hoppar ein fallskjerm på 5-10 minuttar, men når det kjem til ein skjerm som skal opna seg på vegen ned frå Kjerag nyttar dei rundt 40 minuttar på den jobben.
Hoppa Norge Rundt-programleiaren og?
Sjå Norge Rundt, NRK1 fredag klokka 19.30
Lenker