Ungdom kaster matpakka si i næraste søppelbøtte, dei kjøper potetgull og brus i stadenfor, slik trur mange at ungdom er, og så feil kan ein ta.
Overraska
Sosiolog ved SIFO Annechen Bugge har forska på dette med ungdom og matpakke, og konklusjonen er at ungdom likar desse skivene i matpapir.
- Eg blei veldig overraska av resultatet, fortel Bugge.
Matpakka har vore borti mykje kritikk, ikkje minst i media, men no viser det seg altså at den er meir populær enn folk tidlegare har trudd.
- 7 av 10 et matpakke på skulen, og nesten 65 % meinte at den smakte meget eller ganske godt, fortel Bugge.
Oppbevaring
Ofte kan ei matpakke bli litt sliten. Den ligg mange timar i ein sekk mellom skulebøker, då er det ikkje rart at osten blir litt slapp og at salamien får svetteperler.
- Ungdom ville ha betre oppbevaring av matpakka, fortel Bugge.
Nesten ikkje pappa og lite mamma
Når heile 7 av 10 et matpakka si er det lett å lure på kven det eigentleg er som lagar den denne pakka, lagar ungdom den sjølv?
- Stortsett lagar ungdom matpakka sjølv. Ein del svarte mamma, veldig få svarte pappa og nesten ingen svarte andre, som foreldra sin sambuar, besteforeldre osv. Dei fleste lagar den sjølv, men dei står ikkje heilt fritt til kva dei vil ha oppi matpakka, fortel Bugge.
Jenter er flinkare
Gutar er ikkje like flinke til å ete matpakke enn kva jenter er. I forskinga til Bugge kjem det fram at gutar kjøper meir mat på butikken enn jenter.
- Dei et meir bollar og meir sukkerhaldig brus enn jentene, fortel Bugge.
Og jentene kjøper meir frukt, grønnsaker og salat enn gutane.
Programleiar i Frokost-TV Petter Nome drog ein konklusjon utav det heile.
- Dette er som på mange andre områder, jenter er smartare, sa Nome, og fekk det siste ordet.