Hopp til innhold

Marc Jacobs avslutta moteveka i New York

Kulturkjendisane stod i kø for å kome inn, og designaren får svært gode kritikkar for den storslåtte kolleksjonen.

Marc Jacobs ss 2016
Foto: Slaven Vlasic / Afp

Ei veke med mote i New York er over. Då Marc Jacobs avslutta moteveka i går kveld, var det med brask og bram. Designaren er blitt kjent for sine overdådige moteshow, der ikkje berre kleda, men også publikum, står i sentrum.

Få designarar trekk så celebre gjestar som Jacobs: Blondie-vokalist Debbie Harry, filmregissør Sofia Coppola, skodespelarane Jamie Bell, Kate Mara og Winona Ryder, og Bette Midler sat på første rad.

Nokre av Jacobs kjendisvener var også å sjå på catwalken som modellar, mellom anna Beth Ditto, vokalist i The Gossip.

LES OGSÅ: Her er klestabbane som blei trendy

Amerika-inspirert

Jacobs er ein av verdas mest kjente motedesignarar, og lanserte mellom anna grungemoten på legendarisk vis i 1992, noko som gjorde at han mista jobben i motehuset Perry Ellis. Men Jacobs lever no godt med sitt eige motehus på 22. året.

Sjølve kolleksjonen var inspirert av heimbyen, New York, og henta element frå ulike stilperiodar, mellom anna 40-talet, 70-talets glamrock og punk, samt teater og film. På scena stod eit orkester oppstilt og spelte ein låt av punkbandet The New York Dolls. Publikum fekk utdelt «playbills», tradisjonelle teaterprogram, med detaljane om showet på.

– Kva Amerika er for meg? For meg er Amerika New York City, sa Jacobs om inspirasjonen.

Blir hylla

Hovudfargane var henta frå det amerikanske flagget. Showet var lagt til ærverdige Ziegfeld Theatre, ein gammal kino midt på Manhattan. Catwalken starta ute på gata og vikla seg deretter innover i kinoen.

Kritikkane frå dei store motemagasina er så langt svært positive.

«Nesten like mykje som han elskar mote, så elskar han motens underhaldningsverdi. Han er ein av motens største historieforteljarar,» skriv kritikaren i Womens Wear Daily.

«Andy Warhol ville ha sett pris på dette, ikkje minst fordi nokre av printa kunne minne om popartistens silketrykk,» skriv motekritikaren i Vogue.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters