«I år er alt lov», har du kanskje høyrt moteekspertane seie. Nei, som regel er ikkje alt like mykje lov i moten. Det finst til ein kvar tid ei uoffisiell liste over plagg du absolutt bør kle deg i, og motar du ikkje bør røre. Men tidene endrar seg, og plutseleg kan du sjå at fjorårets styggaste plagg er i årets Vogue. Vegen er kort frå tabbe til trend:
1. Nettingtoppen
Under New York Fashion Week (som held på fram til 17. september) dukka den gamle kjenningen opp att på catwalken. Godt kjent frå tidlegare sesongar, spesielt 90-talet, med assosiasjonar til arbeidstøy og Spice Girls. No, etter nokre sesongar med dårleg rykte og harrystempel, seglar den opp som ein av neste vårs store vinnarar. Skulda kan du leggje på designaren Alexander Wang, som i år hadde tiårsjubileum på moteveka i New York.
2. Raudt og rosa
Fargekombinasjonar som er altfor like kvarandre, har tradisjonelt sett vore rekna som tydelege motetabbar. Blått og svart, rosa og raudt. Men sistnemnde kombinasjon kom tilbake på visningane for hausten 2014. I 2015 er dette framleis «innanfor», men no med ei lita justering: rosa med oransje.
LES OGSÅ: «Det er på tide å ta tilbake sakte-moten»
3. Piqueskjorta
Før: Kundebehandlar i IT-firma eller turist. Hausten 2015: Motebloggar eller modell.
Piqueskjorta var kanskje det streitaste plagget du kunne kle deg i, men har no fått nye ambassadørar. Ho blei først kjent som eit tennisplagg. René Lacoste, som vann Grand Slam-turneringa sju gongar, lanserte piqueskjorta som eit nytt, behageleg sportsplagg. Seinare byrja golf- og polospelarar å bruke skjorta, og ho blir difor også kalla poloskjorte.
Men når designarar som Jil Sander og Chanel tok tak i skjorta i 2014, var det i ei litt meir elegant og luksuriøs utgåve.
4. Pologenseren
Ein slektning av poloskjorta, som også er invitert inn i det gode selskap i haust. Veldig populær i London på 60- og 70-talet, deretter ein liten nedtur, før den dukka opp att på 90-talet i svart og kvitt. No, etter nok ei lang ørkentid, er pologenseren moteriktig igjen. Lars Vaular stod nyleg fram i D2 og snakka ut om sitt forhold til genseren.
5. Trailercaps
Det ligg i namnet kva denne capsen først og fremst har blitt brukt til. Men på starten av 2000-talet vart trailercapsen omfamna av hipsterane, kjedebutikkane American Apparel og Urban Outfitters. I seinare tid har båtpussingcapsen, ein litt enklare variant, tatt over, som ein del av normcore-stilen. Dei blir gjerne selt for stive summar.
6. Sokkar i sandalane
Av og til blir ein trend til nettopp ved at nokon gjer ein motetabbe. I 2014 presenterte det italienske motehuset Prada modellar med sokkar i sandalane. Rett nok ikkje dei kritkvite tennissokkane vi tidlegare har sett her til lands, men blomstermønstra. Smakfullt eller harry? Det kjem an på datoen.
7. Normcore
Ei heil stilretning basert på alt du IKKJE skulle kle deg i. Med ironisk distanse, sjølvsagt, og drive fram av gatemote og trendblad som Dazed and Confused og Vice.
Normcoren har tatt til seg plagg frå 80- og 90-talet, og ein ny generasjon oppdagar Birkenstocks, kraftige kvite joggesko, «mum pants» (les: dongeribukser med høgt liv og dårleg passform) og Seinfeld-stilen. Men no er normcore allereie over, hevdar mange ... Tilbake til motetabbe?