Hopp til innhold

Linn Skåber får drøymeprogram på NRK1

– Dette har vore min hemmelege fantasi, seier Linn Skåber. Til hausten er ho tilbake i gullrekkja på NRK, der ho saman med Ronny Brede Aase skal lage tv-underhaldning frå tilfeldige norske heimar.

Linn og Ronnys Tacoshow

Linn Skåber og Ronny Brede Aase skal lage fredagsunderhaldning frå norske heimar til hausten.

Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

NRK håper fredagsunderhaldninga skal gå rett heim til hausten. Bokstaveleg tala. Kvar veke bankar programleiarane Linn Skåber og Ronny Brede Aase på hos ein vertsfamilie ein eller annan stad i landet for å lage «Linn og Ronnys Tacoshow».

Dei har også med seg pianist Lars Andreas Aspesæter og utegåande tacoreporter Yousef Hadaoui når dei til hausten startar oppsøkande underhaldnings-tv.

– Draumekonsept

Yousef Hadaoui - Svart humor

Yousef Hadaoui har laga nettserien «Svart humor» for nrk.no. Til hausten blir han utegåande tacoreporter i NRK si nye fredagsunderhaldning.

Foto: NRK

Då tilbodet kom om å vere programleiar i tv-showet kom frå NRK, var ikkje Linn Skåber i tvil om at dette var noko ho skulle gjere.

– Eg har lenge fantasert om å få kome heim til folk for å underhalde. Når eg har vore på turne, har eg ofte leikt meg med tanken om å ringe på ei tilfeldig dør, og be om å få kome inn. Difor kunne eg ikkje seie nei når NRK ringde og hadde drøymekonseptet.

I løpet av åtte veker familiar frå heile landet få besøk av «Linn og Ronnys Tacoshow». Dei skal ha med seg kjendisgjestar som er skreddarsydd for vertsfamiliane dei kjem til. I tillegg har dei med seg ein artist som skal spele live i stova.

Slik kan det sjå ut når NRK kjem på besøk:

Linn Skåber og Ronny Brede Aase lager fredagsunderholdning hjemme hos folk

Hyllar kvardagsfamilien

Men sjølv om det blir kjente gjestar og artistar i programmet, så er det vertsfamiliane som skal stå i sentrum i den nye tv-serien. Eit par tusen familiar har meldt si interesse for å vere med i programmet. Skåber seier ho gler seg spesielt til å få eit innblikk i kva fredagsritual dei ulike familiane har. Og så gler ho seg til å vise ulike måtar å leve saman på.

– Vi skal hylle kvardagsfamilien. Vi skal besøke svært ulike familiar med ulik samansetjing. Det blir gøy å spegle Norge på denne måten, og få vist fram ulike familiekonstellasjonar.

Tilbake i Gullrekka

Jon Almaas, Linn skåber og Knut Nærum

Det er fire år sidan sist Linn Skåber var ein del av Gullrekka til NRK. I 2013 slutta ho som fast paneldeltakar i «Nytt på nytt» etter seks år i stolen.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Med «Linn og Ronnys Tacoshow» er Linn Skåber tilbake i NRK si gullrekke på fredagar, fire år etter at ho slutta i «Nytt på nytt». Ho var fast paneldeltakar i det populære satireprogrammet i seks år, men gav seg for å prioritere andre prosjekt. No gler ho seg til å kome tilbake:

– Det blir fint. På mange måtar kjennest dette som å kome heim igjen. Eg hadde det veldig morosamt sist eg var ein del av fredagsunderhaldninga på NRK. Så det blir koseleg nå kome tilbake til hausten.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.