Serien vart sendt på NRK tidlegare i år, og er produsert av Pandora Film i Bergen.
Prisen er på 100 000 kroner, og vert skildra av Fritt Ord som: «En påskjønnelse som deles ut av Fritt Ords styre for verdifullt virke i det frie ords tjeneste, gjerne i tilknytning til en aktuell sak.»
– Brukar eigen flyktningbakgrunn som tilnærming
Honnørane til Fritt Ord er løpande prisutdelingar som vert delt ut i løpet av året når det har skjedd eitt eller anna som Fritt Ord ønsker å utmerke, ifølgje Brochmann.
Den andre honnøren er til dei sokalla «de skamløse jentene» ved tre av dei – Amina Bile, Nancy Herz og Sofia Srour – for deira personlege og modige innsats for å sette fokus på sterk sosial kontroll i minoritetsmiljøer, skriv Fritt Ord i ei pressemelding.
– Vi har lagt vekt på at «Flukt» har vore god, undersøkande journalistikk der det vert gitt tid til ettertanke. Der Ajkic har spelt ei veldig viktig rolle sjølv med si personlege tilnærming fortel ho.
Ajkic er flyktning sjølv. Han er fødd i Mostar i Bosnia og var på flukt med familien i fire år før han kom til Bergen som 11-årig flyktning.
– Gjennom desse programma har Ajkic gitt ny innsikt når det gjeld sjølve fluktprosessen, kva slags situasjon folk lever i i utgangspunktet og kva dei opplever undervegs. Kva barrierar dei møter, sjølve dramatikken i flyktningsituasjonen har kome veldig godt fram i denne serien, fortel Brochmann.
Ein overraska Leo Ajkic seier at han er mållaus over å få utmerkinga.
– Kva gjorde sterkast inntrykk med å lage serien?
– Å sjå så mange born som ikkje får gå på skole. Å sjå så mange som ikkje får det som mine foreldre og Noreg gav til meg, det er trist og gjør sterkast inntrykk, seier han.
Ajkic seier han skal gi pengepremien til noko viktig, enten til ein organisasjon eller direkte til nokon han veit treng hjelp.
Tek oppgjer med kultur og kjønnsroller
«Dei skamlause jentene» vart eit omgrep etter at Nancy Herz brukte det i eit debattinnlegg i Aftenposten våren 2016.
Der skreiv ho: «Vi er de skamløse arabiske jentene, og vår tid begynner nå. Vi ser stadig flere jenter fra minoritetsmiljøer som står opp og trosser våre egne».
– Dette er viktige, unge stemmer som vil definere kva slags liv dei ønsker å leve sjølv og dei har tatt eit oppgjer med sosial kontroll når det gjeld æreskultur, kjønnsroller og sosial kontroll på kvinner i minoritetsmiljø, seier Brochmann.
- Les også:
- Les også: