Hopp til innhold

Lei av at artistar tek æra for songar dei ikkje har skrive

Låtskrivarane bak nokre av dei mest poplære songane dei siste åra har fått nok. No ber dei artistar slutte å ta æra for songar dei ikkje har vore med å skrive.

Emily Warren og Chainsmokers

Emily Warren (t.v.) har skrive hitlåtar for store, kjende artistar. Men no er ho lei av at artistane krev å bli kreditert som opphavsmenn når dei ikkje ha vore med å skrive. Her er ho saman med Andrew Taggart i The Chainsmokers i 2017.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Nyleg publiserte ei gruppe låtskrivarar eit ope brev der dei blant anna skreiv at stadig fleire artistar krev å bli kreditert som låtskrivar, sjølv om han eller ho ikkje har bidrege til å skrive songane.

– Desse artistane får inntekter frå blant anna turnear, sal av t-skjorter og bandeffektar, sponsoravtalar. Låtskrivarar får hovudsakleg berre inntekter når ein song blir spelt inn, skriv dei i brevet.

Gruppa, som kalla seg «The Pact», skreiv at dei vil nekte å kreditere personar som ikkje har bidrege til tekst og melodi, eller på andre måtar har bidrege til komposisjonen.

Lei av å bli pressa

Det er den amerikanske låtskrivaren Emily Warren som står bak initiativet til det ope brevet. Ho har blant anna skrive musikk for Dua Lipa og Little Mix.

Warren seier ho fekk i stand aksjonen fordi ho var lei av å bli pressa til å gi frå seg delar av opphavsretten til andre som ikkje bidrog kreativt.

– Eg kunne ikkje akseptere at eg blei snakke til på den måten. Det er både smertefullt og ikkje rett, seier ho ifølge BBC.

Warren hevdar at enkelte artistar krev opp mot 20 prosent av opphavsretten, men at snittet ligg på rundt 15 prosent.

Tayla Parx

Tayla Parx (i midten) seier låtskrivarar ofte kan gi etter for presset med å gi frå seg delar av opphavsretten fordi dei er redde for å bli droppa. I 2017 besøkte ho den norske bransjefestivalen Bylarm, der ho blant anna møtte kronprinsparet i studio.

Foto: Heiko Junge / NTB

Låtskrivarar som ikkje vil gå med på vilkåra til artistane, blir anten droppa eller songen blir gjort til eit albumspor med mindre sjanse for å tene pengar.

– Dei får deg til å tenke at det alltid står nokon andre klare dersom du takkar nei, seier Tayla Parx, som også har skriv under. Ho har blant anna skrive songar for Ariana Grande og Panic! at the Disco.

Då brevet blei lansert for eit par veker sidan, var det 17 opphavspersonar som hadde skrive under på oppropet. Dei har skrive låtar for blant andre Justin Bieber, Lady Gaga, Shawn Mendes, Harry Styles, Nas og Chris Brown.

Får støtte frå artistar

Kritikken dei kjem med i brevet er ikkje retta mot namngjevne personar. Dei som står bak seier at dei ikkje ønsker å henge ut nokon, men rette søkelyset mot eit system dei meiner der urettferdig.

Dei understrekar også at det er mange artistar som bidreg i skriveprosessen, og at dei sjølvsagt skal ha sin del av kaka.

I løpet av dei par vekene som har gått sidan brevet blei publisert, har over 1000 personar skrive under på nett.

Justin Tranter

Justin Tranter er blant låtskrivarane som har skrive under på oppropet. Han har skrive musikk for blant andre Lady Gaga, Britney Spears og Ariana Grande.

Foto: Richard Shotwell / NTB

Blant dei som har skrive under i ettertid, har det vore mange artistar og managerar som seier dei forstår frustrasjonen.

– Eg har sjølv bede om å bli kreditert som opphavsmann, utan at eg har skrive låten, og ikkje tenkt på kva det gjer med dei som faktisk har skrive låten, seier Sam Harris i det amerikanske bande X Ambassadors, ifølge BBC.

Han seier dette har vore ein vekkar, og at folk i musikkbransjen må bli flinkare til å respektere kvarandre,

Warren er glad for responsen dei har fått, og at det ikkje har vore meininga å sette grupper opp mot kvarandre, men at musikkbransjen skal respektere dei som skriv songane.

– Dette er det første vesle steget med sjølvrespekt, seier ho.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.