Max Martin desktop
Illustrasjon: NRK
Illustrasjon: NRK

Hitmakaren Max Martin

Bak superstjerner som Britney Spears, Katy Perry og The Weeknd står ein svensk metallfyr med øyre for listetoppar.

Få personar har påverka moderne popmusikk meir enn Max Martin.

Britney, Christina, Justin T, Justin B, Jessie J, Selena, Adele, Taylor, Katy ... Han er på fornamn med dei alle.

«Eit geni», seier Backstreet Boys.
«Fødd til å skrive musikk», seier Justin Timberlake.
«Ein fantastisk person å jobbe med», seier Britney Spears.

Svensken, som eigentleg heiter Karl Martin Sandberg, har herja hitlistene som produsent og låtskrivar i tre tiår.

Nyleg toppa han Billboards singelliste i USA for 23. gong med The Weeknd og låten «Blinding Lights». Av låtskrivarar er det berre Beatles-legendene Paul McCartney og John Lennon som har fleire førsteplassar – 32 og 26.

Likevel kan den 49 år gamle svensken framleis spankulere ned dei fleste gater i verda utan at folk kjenner han igjen. Han har blitt ein mystisk skikkelse, som held seg langt vekke frå sosiale medium, og som nesten aldri gir intervju, heller ikkje til NRK.

Kven skjuler seg bak det superhelt-liknande pseudonymet, og kva er hans hemmelege ingrediens?

Starten på svaret finn vi i ein mørk kjellar i mai 1998.

Den første monsterhiten

Ho syntest han såg skummel ut.

16 år gamle Britney Spears hadde forvilla seg inn i eit dunkelt kjellarstudio i Stockholm. Ho hadde forlate det trygge livet i barneprogrammet «The Mickey Mouse Club», og skulle prøve seg som ordentleg popstjerne – med hjelp frå låtskrivaren som sat framfor ho i studiomørket.

27 år gamle Max Martin hadde langt hår og klede av lær. Britney syntest han såg ut som ein av rockarane i bandet Mötley Crüe, noko som ikkje var så veldig langt frå sanninga.

Eit par år tidlegare hadde Max nemleg vore vokalist i metallbandet It’s Alive. Bandet nådde aldri same storleik som Metallica eller Iron Maiden, men klarte i det minste å lande platekontrakt hos det svenske plateselskapet Cheiron. Selskapet var drive av DJ-en Denniz Pop og hadde Dr. Alban og Ace of Base på klientlista.

Golden Globe Nominations-Music Max Martin

VOKALIST: Max Martin song i eit metalband før han byrja å skrive poplåtar. Han er perfeksjonist når det kjem til vokal. Popstjerne Katy Perry har sagt at han er «ekstremt detaljert», og får henne til å syngje med hjartet i staden for hovudet.

Foto: Chris Pizzello / NTB Tema

Max var ein rockar, men på innsida banka pophjartet i all hemmelegheit. Favorittsongen hans var «Eternal Flame» av The Bangles.

Denniz Pop var eit strategisk geni som eigentleg heitte Dag Krister Volle. Han såg eit låtskrivartalent i vokalisten, gav han lærlingplass, og døypte han Max Martin.

Læremeisteren kunne nesten ingen notar eller akkordar, men var ekspert på følelsar. Gjennom mange år som DJ hadde Denniz studert menneske på dansegolvet. Han hadde sett kor raskt dei begynte å kjede seg. Ein song måtte difor gripe merksemda til publikum i løpet av dei to første sekunda.

No, i 1998, hadde Max sjølv skrive ein slik song for Britney Spears, som opna med eit fengande pianoriff etterfølgd av strofa «Oh baby, baby».

Britney elska songen frå første sekund.

« ... Baby One More Time» vart Max Martins første Billboard-topp, og enda opp med å selje over ti millionar eksemplar.

Songen skulle bli den første og siste hiten han skreiv heilt aleine.

Ei glad Britney Spears mottok fire MTV-prisar i 1999

UNGE BRITNEY: Før alle skandalane var Britney Spears ei ung jente med stor framgang. I 1999 vann ho fire MTV-prisar – godt hjelpt av Max Martin.

Foto: CHRISTINE NESBITT / AP

Melodisk matematikk

Mange låtskrivarar har prøvd å knekke Max Martins metode. På internett finst ei stor mengde analysar og forklaringar på kvifor han har vorte så framgangsrik.

Nokre kjenneteikn går igjen i mange av songane:

  • Refrenget kjem tidleg. Under eitt minutt, oftast under 40 sekund inn i songen.
  • Enkelt språk. Alle songtekstane ligg under fjerdeklasse-nivå på barneskulen.
  • Få akkordar. Songane har sjeldan fleire enn fire akkordar. Aldri fleire enn seks.
  • Like mange stavingar. Kvar verselinje har like mange stavingar (med nokre unntak).

Melodisk matematikk, blir det kalla. Teorien er at musikken blir styrt av ymse reglar og formlar. Max kallar det «verktøy», men løyndomen bak verdas største hitmaskin kan dessverre ikkje berre summerast opp i fire hugsereglar.

For å grave meir i mysteriet Max Martin, ringer vi ein av dei som kjenner arbeidet hans best, nemleg låtskrivar og Grammy-vinnar Bill Sherman.

– Eg har aldri hatt det så moro som då eg jobba med Max. Alt han sa var veldig opplysande, seier Sherman på telefon frå New York.

Amerikanaren er mest kjent for å ha skrive fleire tusen songar for barneprogrammet «Sesame Street», men i fjor fekk han ei heilt ny utfordring – han skulle setje opp ein musikal i London basert på hitar av Max Martin.

Bill Sherman

LÅTSKRIVAR FOR BARNE-TV: Bill Sherman har studert Max Martins katalog ned til minste detalj. Sjølv er han mest kjent for å skrive songar for Bernt, Erling og Kakemonsteret i Sesame Street.

Foto: The Gersh Agency

Musikalen «& Juliet» tar utgangspunkt i Shakespeares teaterstykke «Romeo og Julie», men denne historia har ein tvist: Julie tek ikkje livet sitt slik som Romeo (orsak, spoiler), men vel i staden å leve vidare ute i den store verda.

Det svenske geniet var sjølv aktivt med i førebuingane, og Sherman fekk dermed eit unikt innblikk i svensken si karriere. Han har særleg to ting å trekke fram som kjenneteiknar Max Martin som låtskrivar.

– For Max handlar alt om «hooks», seier Bill Sherman.

Eit hook er ei melodilinje som festar seg til hjernen, og som blir verande anten du vil det eller ikkje. På engelsk brukar dei også ordet «earworm» – ein meitemark som kryp inn og bit seg fast i øyret ditt.

– Melodien er det aller viktigaste for Max. Det er han som skal feste seg.

Når noko er veldig viktig, blir noko anna ofte mindre viktig. For Max Martins del er dette teksten, nærmare bestemt innhaldet i teksten.

I byrjinga var ordet, eller ...

Grammatikk og tekstar som gir meining har aldri fått stå i vegen for melodiane til Max Martin.

Ariana Grandes «Break Free» er eit godt døme på dette, når ho syng «Now that I’ve become who I really are», i staden for «am». Teksten til «I Want It That Way» av Backstreet Boys er såpass vanskeleg å skjøne at til og med dei involverte gutane har tulla med han i ettertid.

Tre medlemar av Backstreet Boys i studio med den svenske produsenten Max Martin

DET GLADE 90-TAL: Kevin Richardson, Nick Carter, A.J. McLean og Max Martin under innspelinga av albumet «Millennium» i 1999. Boybandet kallar Martin sitt sjette medlem.

Foto: Rex / Shutterstock Editorial

Barne-engelsken har uansett ikkje stoppa låtane frå å feste seg til millionar av hjernar over heile verda.

Max har tidlegare forklart at prioriteringa av melodi over tekst stammar frå bakgrunnen hans som ung i Sverige.

– Då eg vaks opp høyrde eg på Abba, Elton John, The Beatles, og hadde inga aning om kva songane betydde, så for meg har språklyden vore viktigare enn ordet. Eg følte noko då eg høyrde musikken, og det var det som betydde noko, har han sagt til The Guardian.

Eit anna triks for å få melodien til å setje seg, er å spele han igjen og igjen og igjen i same song. Forsking har vist at attkjenning av melodiar bidrar til kor emosjonelt knytt lyttaren blir til ein song.

Max Martin drar nytte av dette. Eit triks han har plukka opp frå Prince er å ha den same melodien i både vers og refreng, med ulik intensitet. To gode døme på dette er «E.T.» med Katy Perry og «Do You Know (What It Takes)» av Robyn.

Det siste trikset Max nyttar seg av i hitoppskrifta, er også det vanskelegaste. På dette punktet ser Bill Sherman likskapar mellom moderne popmusikk og barnemusikken han sjølv lagar for «Sesame Street».

– Til sjuande og sist handlar det om å lage enkle melodiar, som både barn og vaksne hugsar, seier Sherman.

Hitoppskrifta er komplett, men ho ville ikkje fungert utan ein kompetent kokk. Det vil seie, i tilfellet Max er det alltid fleire kokkar.

Når Max snakkar om musikken sin, brukar han alltid pronomenet «vi».

Alltid vi, aldri meg

Det meste i livet til Max Martin dreier seg om musikk. Han er gift, har ei dotter og bur i Los Angeles. Der har han gjort det gamle huset til Frank Sinatra om til eit studiokompleks.

Teamet hans kjem og går. Max Martin jobbar nemleg aldri aleine.

Dette var noko av det første han lærte av læremeisteren sin på 90-talet. Denniz Pop hadde ikkje behov for å eige songane sine sjølv. Han fekk difor fleire unge talent til å hjelpe han med å skrive.

Medan Max skreiv « ... Baby One More Time», låg Denniz på sjukehuset. Han hadde fått kreft i magen og hadde ikkje lenge igjen å leve. Max besøkte han fleire gongar, og fekk tilbakemeldingar på det han jobba med, men songen måtte han skrive sjølv.

Då Denniz døde, like før Britneys store hit kom ut, tok Max opp arven etter forgjengaren. Han henta inn nye unge låtskrivarar til å hjelpe seg å skrive. Desse elevane har igjen tatt opp arven etter Max, og trent opp sine eigne unge talent.

Når Max er i studio, handlar nemleg alt om låten. Det seier alle stjernene. Ego, pengar og politikk får vente i gangen.

– Han er besett av musikk, og det er det, seier til dømes Adam Levine i Maroon 5.

Max Martin i studioet Cheiron i Stockholm, 2000

ÅLEINE: Etter at mentoren Denniz Pop døydde, tok Max Martin over taumane ved Cheiron-studioet i Stockholm. Her ser vi han i 2000. Maskinparken har blitt oppgradert sidan den gong, men sounden er den same.

Foto: Jack Mikrut

I dag er det vanleg å ha med eit halvt fotballag når ein skal skrive poplåtar. Men dette var langt ifrå normalen på 90- og 00-talet. Denniz Pop sin metode har gjort Sverige til den tredje største eksportøren av popmusikk i verda, etter USA og Storbritannia.

Max Martin har håva inn stort med pengar på suksessformelen. Ifølgje avisa Veckans Affärer er han god for 2,4 milliardar svenske kroner.

Metoden med mange kokkar i studio har likevel fått mykje kritikk opp gjennom åra. Ord som «fabrikk» og «maskineri» blir brukt til å skildre Max Martin og gjengen hans. I heimlandet skulle det ta lang tid før låtskrivaren vart verdsett for arbeidet sitt.

Max Martin, Justin Timberlake og Shellback på raud løpar i Hollywood, 2017

HOLLYWOOD: Max Martin og hans «lærling», Karl Johan «Shellback» Schuster, poserer i vant metal-stil medan popstjerne Justin Timberlake prøvar å hengje med på raud løpar i 2017. Teamet stod bak superhitten «Can't stop the feeling».

Taylor Swift klemmer Max Martin under ei prisutdeling

JIPPI: Taylor Swift klemmer Max Martin. I bakgrunnen står med-låtskrivar Jack Antonoff. Trioen vann årets album under Grammy-utdelinga i 2016 for albumet «1989».

Max Martin, Lukasz "Dr. Luke" Gottwalk og Kesha mottar pris i 2011

PRISVINNAR: I 2011 vart Max Martin og Lukasz "Dr. Luke" Gottwalk kåra til årets låtskrivarar av American Society of Composers, Authors and Publishers. Her poserer dei med popstjerna Kesha.

Foto: Chris Pizzello
Max Martin og Timbaland

SUPER-PRODUSENTAR: Ved midten av 2000-talet tok R&B- og rap-produsentar som Timbaland (til venstre) og Neptunes ein del av jobbane til Max Martin (til høgre), men så kom han kraftig tilbake og overtok trona igjen.

Profet i eigen by

– Det finst framleis mange som dissar Max Martin og det faktum at han har fått ein slags pop-Messias-status. Ikkje alle, spesielt journalistar, er einige i det, seier SVT-journalisten Magnus Broni på telefon frå Sverige.

Vi er kjent med fenomenet i Noreg: Folk som gjer det bra i utlandet, blir ikkje alltid hylla i heimlandet.

Broni, derimot, er fan, og ein av journalistane bak TV-serien «Det Svenska Popundret», som fortel historia om korleis den svenske popmusikken breidde om seg frå 70-talets ABBA og fram til Max Martins yngre disiplar.

Då Max Martin slo gjennom ved slutten av 90-talet, var det rock- og indieband som The Cardigans som hadde størst kredibilitet i Sverige.

Journalisten Broni var ein rockefyr, men i smug digga han popmusikk. Då han byrja å jobbe i Sveriges svar på MTV, kanalen ZTV, oppdaga han Max Martin.

Sjølv om Martin etter kvart fekk mykje mediemerksemd, skorta det på respekt for handverket og kvaliteten på musikken i pressa.

– Det er ein ting å glede seg over framgangen til nokon, ein annan ting å sette pris på musikaliteten. Personleg kan eg med stoltheit seie at eg er imponert over begge delar. Om det hadde vore så lett å lage poplåtar, så hadde jo alle gjort det, seier Broni.

Sjølv har Max Martin innrømma at han har «dårleg smak» og føretrekker store refreng som kan nå alle.

I 2016 vart han endeleg tatt inn i varmen som låtskrivar av sine eigne.

På ein oppstasa seremoni med Kongen av Sverige tok han imot den prestisjetunge Polar Music Prize som første nordiske låtskrivar og første svenske poputøvar. Martin føydde seg inn i rekkja av legender som Bob Dylan, Metallica, Patti Smith og Ennio Morricone.

I samband med prisen valde han å lette på sløret og gi eit sjeldan intervju til Dagens Industri. Der forklarte han kvifor han ikkje les det som blir skrive om han.

– Livet mitt er så mykje enklare utan merksemda. Eg møter så mange folk som har problem knytt til den type ting, «folk trur dette eller dette om meg». Men dei ville ikkje hatt desse problema om dei, som meg, ikkje hadde lest det.

I takketalen under prisutdelinga sette han fingeren på kjensla av å ikkje bli tatt heilt på alvor fordi han skriv popmusikk.

– Å skrive og produsere poplåtar følast litt som å sitte ved barnebordet. Ikkje for å klage – ved barnebordet kan du kome og gå som du vil. Men eg må innrømme at då Polarprisen ringde og inviterte meg til å i ein kveld sitte med dei vaksne, så vart eg både overraska og smigra.

Max Martin konstaterte likevel at han ville vere tilbake ved barnebordet, skjult mellom to høgtalarar, neste morgon.

Ikkje minst vart takketalen ei tårevåt affære, der Martin framheva alt han lærte av Denniz Pop.

– Det viktigaste han lærte meg, var krafta bak eit team. Det skulle ha vore minst 30 folk her oppe for å ta imot prisen saman med meg.

Han tørka ei tåre og peikte ut samarbeidspartnarar i salen.

– Utan dykk hadde eg framleis seld CD-ar på kiosken borti hogget.

Kjelder:
Artikkel i Time Magazine, 2001.
Artikkel i Dagens Industri, 2016
Bok: The Song Machine: Inside the Hit Factory, 2015
Dokumentarserie: Det Svenska Popundret, SVT
Youtube: Working with Max Martin, Polar Music Prize
The Guardian: Max Martin, the powerhouse of pure pop
The Telegraph: The pop maestro on making Shakespeare sound like Taylor Swift and Britney Spears

Anbefalt vidare lesnad: