Ein søramerikansk slektning av kamelen
Lamaen er i slekt med kamelen, og ein kan jo sjå at dei liknar på kvarandre sjølv om lamaen manglar puklar. Lamafamilien består av fire ulike dyr; alpakka, lama og to andre typar som ikkje er så kjende; guanako og vikunja. Alle lamadyra bur vanlegvis i Sør Amerika. Dei fleste lamaflokkane blir drive av indianarar i Bolivia, Peru, Ecuador, Chile og Argentina.
Eit supert trekkdyr
Alpakka og lama har vore tamme husdyr i i mange tusen år, medan guanako og vikunja lever i ville flokkar. Det var inkaane som temma lamaen først for ca. 4000-5000 år sidan. Inkaane brukte dyret mest til transport. Lamaen er nemleg heilt super til å ta seg fram i bratt terreng. Der eit menneske kan gå – der kan og lamaen gå! Han klatrar i ur, og går fint i vått terreng. Når lamaen er 3 år er han fullvaksen. Då kan han bære ei oppakking på 40-50 kg, og det kan han bære på i fleire mil utan å bli trøytt. Det er kjekt å ha med seg ein lama på tur, for då slepp du å bære noko sjølv!
Spytting
Marianne er lamaoppdretter på Ekne i Sør Trøndelag, og ho har mange lamaer. Ho fortalde meg at det med spytting er sterkt overdrive. Lamaane spyttar stort sett berre når dei blir trua eller når dei kranglar om maten. Når lamaen skal spytte legg han øyrene flatt bakover og så byrjar han å harke, og så spyttar han ut det han har i munnen. Viss lamaen er skikkeleg sint og redd kan han harke opp mat og gørr heilt frå magen, og det luktar ganske ille. Men stort sett er lamaer veldig rolege og snille dyr. Og lamaungane er skikkeleg søte!
Hilsen Unni Eikeseth