Hopp til innhold

Lagar is av forureina vatn

Ispinnane ser kanskje freistande ut, men ingrediensane er ikkje spesielt sunne. Kunstprosjektet frå Taiwan får merksemd over heile verda.

Ispinnar av forureina vatn

GIFTIGE: Desse saftisane er fulle av plast, kjemikaliar og anna grums.

Foto: Facebooksida til Polluted Water Popsicles

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tre taiwanske kunststudentar ynskjer å vekkje interesse rundt verdas vassproblem gjennom eit visuelt prosjekt.

Hung I-chen, Guo Yi-hui og Cheng Yu-ti har samla vatn frå elvar, sjøar og kjelder i heile landet. Vatnet inneheld plast, kjemikaliar og andre ukjente ingrediensar.

Ispinnar med emballasje

EMBALLASJE: Kvar ispinne har fått ein eigen emballasje med namn og nummer.

Foto: @fengfeng210 / Instagram

100 ulike ispinnar

Ispinne av forureina vatn
Foto: Hung I-chen
Ispinne av forureina vatn
Foto: Hung I-chen

Etter å ha samla inn vatnet, vart det frose ned i former og konservert med polyesterresin. Resultatet vart 100 ispinnar med ulik farge og tekstur. Ispinnane har òg fått kvar sin spesialdesigna emballasje, med nummer og «smak».

Hung I-chen fortel til Quartz at ho håpar at prosjektet vil rette merksemd mot vassforureining og dei alvorlege verknadane det har på verdas befolkning.

Ho og dei to andre studentane valde ispinnar som motiv fordi dei er gjennomsiktige, og ein difor ser forureininga i vatnet godt. Dessutan verkar ispinnar appellerande for augo.

Studentane har òg laga ein katalog der dei presenterer alle dei 100 istypane dei har laga. I katalogen har kvar is fått ein QR-kode, slik at ein kan gå inn på mobiltelefonen og sjå kvar vatnet er henta frå.

Merksemd rundt i verda

Prosjektet vart nominert til Young Pin Design Award, ein konkurranse som er open for avsluttande bachelorstudentar i Taiwan.

Prosjektet har fått merksemd rundt om i verda på sosiale medium, og har blitt omtalt på nettsider som The Daily Meal og Bored Panda.

Ispinnar av forureina vatn

PÅ REKKJE OG RAD: Dei fascinerande bilda frå prosjektet Polluted Water Popsicles vekkjer merksemd rundt om i verda.

Foto: Facebooksida til Polluted Water Popsicles

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.