Hopp til innhold

Kvinneleg malar med prisrekord hamna i skuggen av kunststuntet til Banksy

Den britiske kunstnaren Jenny Saville sette ny prisrekord for ein kvinneleg kunstnar som framleis er i live. Men bragda kom i skuggen av kunststuntet til gatekunstnaren Banksy.

"Propped" av Jenny Saville satte prisrekord på Sotherby's

Sjølvportrettet «Propped» av Jenny Saville blei vist første gong i 1992. Biletet sette ny prisrekord for ein kvinneleg kunstnar på auksjonen til Sotheby's sist veke.

Foto: STEPHEN CHUNG/LNP/REX/SHUTTERSTOCK / Shutterstock

Medan verda snakka om Banksy-biletet som øydela seg sjølv etter auksjonen på Sotheby's 5. oktober, var det den britiske kunstnaren Jenny Saville som stod for den største bragda.

Sjølvportrettet «Propped» sette ny prisrekord for ein kvinneleg kunstnar i live under samtidskunstauksjonen. Prisen på biletet var 9,5 millionar britiske pund, eller drygt 102 millionar norske kroner. Kjøparen kom med bod på telefon, skriv The New York Times.

– Banksy sette vekas største bragd i skuggen, sa Morgan Long i rådgjevingsfirmaet The Fine Art Group til Financial Times.

Dei tilsette ved auksjonshuset i London prøvde å redde biletet frå å bli makulert av ramma, utan å lukkast.

En kunstverk ble ødelagt i det det var solgt på auksjon på Sotheby’s i London. Foto: Pierre Koukjian.

Kunstverket blei øydelagt i det det var seld på auksjon på Sotheby’s i London. Foto: Pierre Koukjian.

Banksy-biletet blei seld for om lag ein tidel av Saville-måleriet.

Feministisk bilete

«Propped» av Jenny Saville viser kunstnaren naken på ein krakk. Over heile biletet står ein spegelvendt tekst. Det er eit sitat frå den franske feministen Luce Irigaray som handlar om korleis kvinner og menn påverkar kvarandre.

Charles Saatchi

Kunstsamlaren Charles Saatchi kjøpte alt han kom over av Jenny Saville-bilete etter at han såg «Propped». Biletet hadde også ein sentral plass då han stilte ut samlinga si i 1997.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Det over to meter høge biletet blei laga medan Saville var student, og var ein del av avgangsutstillinga hennar i Edinburgh i 1992. Kunstsamlaren Charles Saatchi kjøpte biletet, og fekk ein viktig plass då han viste fram samlinga si i ei utstilling i 1997.

– Biletet er ei sterk politisk og feministisk markering, og eit måleri som slår deg i bakken, seier kunstrådgjevaren Susannah Pollen til The New York Times.

Men sjølv om Saville no ha sett ny prisrekord for ein kvinneleg kunstnar i live, er det framleis eit stykke fram til den mannlege prisrekorden. I 2013 blei eit kunstverk av Jeff Koons seld for 58,4 millionar dollar, eller over 477 millionar kroner, skriv Financial Times.

Endring i kunstmarknaden

Prisrekorden til Saville blir også sett som nok eit teikn på at noko er i ferd med å endre seg i kunstmarknaden. I mai sette eit måleri av Kerry James Marshall ny prisrekord for kunst av ein afroamerikansk kunstnar i live.

Jeff Koons Balloon Dog

Den amerikanske kunstnaren Jeff Koons sette ny prisrekord for ein mannleg kunstnar i live med skulpturen «Balloon Dog» i 2013.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Desse kjøpa blir sett på som bevis på korleis smaken til samlarar har skifta mot svarte og kvinneleg kunstnarar, skriv The New York Times.

– Dei eg arbeider med har samla på kvinnelege kunstnarar ei stund. Men no er det fleire kvinnelege samlarar som har kjøpskraft, seier kunstrådgjevaren Heather Flow frå New York til avisa.

Banksy-biletet som blei øydelagt under auksjonen, blei kjøpt av ein kvinneleg europeisk kunstsamlar, skriv Financial Times. Kunstverket har no fått nytt namn: «Love is in the Bin». Og er ifølgje Sotheby's det første kunstverket i historia som er laga under ein auksjon.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters