Hopp til innhold

Er fredag den 13. ein myte eller berre tull?

Norge Rundt ser nærare på dagen dei fleste har eit forhold til.

Eit fårleg dyr på fredag den 13.
Foto: NRK

- Det er mange farer som lurer på fredag den 13, seier leiar av historieverkstaden ved bymuseét i Bergen, Marta Rykkje.

Birger Meland og Marta Rykkje, Bymusèet i Bergen
Foto: NRK

Dei mest kjende er svart katt over vegen, ikkje gå under stige, og så må du ikkje køyre bil. Fredag den 13. blir rekna som ulukkesdag i Nord-Europa, USA og Canada.

Ingen har enno funne restar etter fredag den 13. som ulukkesdag før i det 19. århundret. Vonde tunger vil ha det til at det rett og slett er ein mediahype.

I Spania og Hellas er det tysdag 13. som bringer ulukke. Redselen for dagen har ein eigen diagnose, paraskevidekatriafobi – frykten for fredag 13. er nært beslekta med triskaidekafobia – angst for tallet 13.

Ein farleg dag

Arnt-Morten Skei, skadesjef i Tryg Vesta
Foto: NRK

- Fredag er ein farleg dag, stadfestar skadesjef ved TrygVesta, Arnt Morten Skei.

Stress er ein utløysande faktor. Folk skal heim frå jobb, handle eller på hytta. Dermed kan uhellet vere ute. Men fredag den 13. er mindre farleg. Ei fersk undersøking som forsikringselskapet har gjort, viser ein nedgang i skader på heile 16%.

- Grunnen er vel at folk er ekstra merksame på den datoen, seier Skei.

Tru eller ikkje tru?

Tre gongar har Truls Fenes frå Vestvågøy i Lofoten krasja bilen på fredag den 13. Sist gong var i 1996. Etter dette har han late bilen stå. I statistikkane er det ein god del personar som har fått skade som hand- og beinbrot, skader i heimen o.l . Er det likevel noko farleg med denne dagen ?

Eit arvelig fenomen

Kanskje er fredag den 13. eit omgrep som har gått i arv? Rett og slett ei røvarhistorie som ein eller annan fortalde for rundt 200 år sidan? Dermed har generasjonar fått frykta inn med morsmjølka.

Men for mange av oss er dette alvorleg. Fleire held rett og slett senga på ein slik dag på grunn av angst. For desse er det ikkje akkurat nokon trøyst at fredag den 13. kjem heile tre gonger i år, i dag - 13. mars og 13. november.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters