Hopp til innhold

Kronprins Haakon på ekspedisjon med Vegard Ulvang

Kronprins Haakon skal på ekspedisjon over Grønlandsisen i samarbeid med Universitetet i Tromsø. – Eg er litt spent, men gleder meg mest, seier kronprinsen.

Kronprins Haakon i Ny-Ålesund

Kronprins Haakon skal i mai på ekspedisjon over Grønlandsisen.

Foto: Eivind Molde

– Eg forventar at det blir slitsamt. Vi skal 1200 kilometer på tre veker, dersom vi får det til og klarer å kome så langt. Så det blir spennande, seier kronprins Haakon til NRK.

Turen startar 19. mai i Ilulissat. Kronprinsen tar del i den fyrste delen som går over innlandsisen med kite (segl) og ski som framkomstmiddel.

Kor mykje må kronprinsen trene for å klare å kome seg over Grønlandsisen?

– Vi skal jo kite – da står vi med ein drage, slik at vi blir dratt over med vinden og har ein pulk bak oss med det vi treng. Akkurat å kite har eg halde på med sidan 90-talet, så det føler eg at eg har relativt god kontroll på, seier han.

– Men så er det sjølvsagt Arktis, det er kaldt, og det er nye utfordringar for meg. Så det er det fysiske, men ein skal også ha med seg hovudet. Det er langt inne på isen, langt frå folk. Det er spennande, men vi har ein veldig kompetent gruppe med mykje erfaring, så eg er sikker på at det skal gå bra.

Er det kronprinsen eller eventyraren Haakon som skal på tur?

– Haha! Det er vel ein kombinasjon. Det er ein formidlingsekspedisjon på invitasjon frå Universitetet i Tromsø, så det er sånn sett ei ramme rundt det. Men eg synest jo det er veldig gøy å få lov til å utfordre meg sjølv på ein måte som dette.

At ein tronarving skal krysse isen er spesielt

Med på ekspedisjonen er også skilegenda Vegard Ulvang.

Det blir ei eineståande oppleving. Eg gler meg veldig til det her. Det er eit spennande prosjekt og eit spennande turfølgje. Kronprins Haakon er vel innkøyrt i laget. Eg er ikkje bekymra for han, seier Ulvang.

Etter den fyrste delen blir kronprins Haakon henta ut medan resten av ekspedisjons-følgjet tar kajakken vidare langs delar av austkysten. Det er eit område der ei rekke norske fangstmenn og forskarar overvintra i mellomkrigsåra.

Ekspedisjonen skal blant anna innom forskingsstasjonen Eastgrip, der eit internasjonalt forskarteam borar seg gjennom den over 2500 meter tjukke isen. Kunnskap frå denne forskinga vil vere viktig for å forstå kor mykje is som vil forsvinne frå Grønland med eit varmare klima.

Vegard Ulvang

Den tidlegare langrennsløparen Vegard Ulvang er blant dei som skal vere med på ekspedisjonen.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Vi er takknemlege for at H.K.H Kronprins Haakon har takka ja til å delta på ekspedisjonen og bidra til å markere jubileet til universitetet, seier rektor ved UiT, Dag Rune Olsen.

Grønlandsisen har eit historisk sus over seg. Det var den norske polfararen og vitskapsmannen Fridtjof Nansen som leia den fyrste ekspedisjonen som krysset Grønlandsisen i 1888.

– Grønland har ei spesiell historie. At ein tronarving nå skal krysse isen er spesielt, understrekar Vegard Ulvang.

50 år sidan Universitet i Tromsø vart opna

Bakgrunnen for turen er at det i år er 50 år sidan kong Olav offisielt opna Universitetet i Tromsø. I tillegg er det 150 år sidan Tromsø Museum vart oppretta,

Formidlingsekspedisjon over Grønland i mai blir leia av polarhistorikar Harald Dag Jølle.

Harald Dag Jølle

Polarhistorikar og ekspedisjonsleiar Harald Dag Jølle.

Foto: Malin Alette Hansen, Norsk Polarinstitutt

I tillegg til Jølle, Vegard Ulvang og kronprins Haakon vil også Markus Landrø (UiT og NVE), Kunuk Lennert (UiT), Ronny Finsås (ekspedisjonsguide) og ei livvakt frå Den kongelege politieskorte delta.

Dokumentar om ekspedisjonen

NRK skal lage dokumentar om ekspedisjonen basert på opptak undervegs. Den vil handle om norsk polarhistorie og forsking på klima.

Det er mange uføreseielege hendingar som kan skje i ein sånn type ekspedisjon, men planen er at det skal bli to program som skal sendast anten i slutten av året eller starten av neste, seier prosjektleiar Guri Skavlan.

Vegard Ulvang – som tidlegare har vore på ekspedisjon til Sørpolen – beskriv utfordringane på denne måten:

– Vi er avhengig av vær og vind for å få framdrift. Vi må handtere kuldegrader. Det er også utfordrande å vere mange og bu saman så tett som vi skal gjere.

Derfor er det viktig med erfaring, ifølgje Jølle.

Foreine fortid og nåtid

– Vi er ei gruppe menneske som samansett er ein kompetent gjeng. Alle har individuelt mykje erfaring, og fleire har vore på ekspedisjon i polart strøk tidlegare. Vi har god kontroll, understrekar Jølle.

Som førebuing har gjengen, inkludert kronprins Haakon, vore på samling på Finse og ved Alta i Finnmark. Dei har trent på å kite og på det å vere saman.

– Det har vore veldig nyttig. Vi får testa ut det mentale ved å vere så tett på kvarandre. Vi har funne ut at vi kjem veldig godt overeins, fortel Ulvang.

Både Ulvang og ekspedisjonsleiar Jølle håpar at dokumentaren vil bidra positivt til å lære meir om polarhistorie og klimaperspektivet i det lange løp.

– Ambisjonen er å foreine fascinasjon med polarhistorie med kunnskapsformidling av Grønland med tanke på fortida, nåtid og framtid. Kva rolle vil grønlandsisen spele i framtida?, avsluttar Jølle.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters